13430_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernund/aar
13430
Ei av to undersøkingar førte til tiltak
statistikk
2001-08-28T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernund, Barnevernsundersøkingar, undersøkingssaker, uromeldingar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, behandlingstidBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernsundersøkingar2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ei av to undersøkingar førte til tiltak

Barnevernet starta i alt 17 550 undersøkingar i høve til barn i løpet av 2000. Dette er nær 500 fleire saker enn året før. Av dei undersøkingane som vart avslutta i 2000, resulterte over halvparten av sakene med at barnevernet sette i verk tiltak for barnet.

 Påbyrja undersøkingar per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 1999 og 2000

I høve til folketalet blei det påbyrja 17 undersøkingar per 1 000 barn 0-17 år i 2000, mot 16 i 1999. Det blei oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn for jenter. For aldersgruppa 14-17 år, som ligg høgast, blei det påbyrja 22 undersøkingar per 1 000 barn i 2000. Totalt sett blei det avslutta 17 300 undersøkingar i 2000. Av desse resulterte 54 prosent i tiltak for barnet.

Store skilnader mellom fylka

Vi finn store skilnader mellom fylka, både når det gjeld kor mange undersøkingar som vart påbyrja, og kor stor del av dei som førte til barnevernstiltak. Finnmark, Telemark og Nordland ligg på topp med 22 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år, tett fylgt av Vestfold med 21 og Buskerud og Troms, som begge hadde 20. På botnen av lista finn vi Oppland som hadde 11, Akershus med 12 og Sør-Trøndelag som hadde 14 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.

 Del av undersøkingane som resulterte i barnevernstiltak. Prosent. Fylke. 2000

Tiltak i eitt av to tilfelle

Ser ein alle undersøkingane samla, førte vel halvparten, 54 prosent, til tiltak etter lov om barnevernstjenester. 44 prosent blei lagt bort utan tiltak. For 2 prosent av undersøkingane kjenner ein ikkje konklusjonen. I Møre og Romsdal, som ligg på topp, førte nær to av tre undersøkingar (64 prosent) til igangsetjing av barnevernstiltak. Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag ligg òg høgt når det gjeld igangsetjing av tiltak etter undersøking, med 63 og 62 prosent i nemnde rekkjefølgje. I Rogaland resulterte 60 prosent av undersøkingane i tiltak frå barnevernet, og i Oslo og Oppland var talet 59 prosent. Fem av desse seks fylka, unntaket her er Oslo, ligg alle lågt når ein ser talet på undersøkingar i høve til barnetal.

I Østfold, Finnmark, Vestfold, Vest-Agder og Hedmark derimot, førte under halvparten av undersøkingane til barnevernstiltak. Færrast i Østfold med 43 prosent. Fire av desse fylka, unntaket her er Hedmark, ligg alle over landsgjennomsnittet når det gjeld talet på avslutta undersøkingar i høve til talet på barn 0-17 år.

Foreldre melder frå i eitt av fire tilhøve

Barnet sitt nærmiljø/sosiale nettverk var til saman kryssa av som meldingsinstans i 35 prosent av dei undersøkingane som blei påbyrja i 2000. Mor/far var den klart største gruppa innanfor denne kategorien. Dei stod bak 25 prosent av desse meldingane til barnevernet i 2000. Naboar sto til dømes bak 3 prosent av dei meldingane som førte til undersøking. Av dei offentlege instansane var det skole (11 prosent) og barnevernstenesta (11 prosent) som sto bak flest meldingar om barn som trengte hjelp. Politi og barnevernvakt sto bak 8 prosent kvar, medan helsestasjon og barnehage var kryssa av som meldingsinstans i 5 og 2 prosent av undersøkingane.

Statistikken inneheld berre opplysningar om kven som meldte frå om tilhøva som førte til undersøkingane som blei påbyrja i 2000. Populasjonen er med andre ord ikkje alle meldingar til barnevernet, men dei meldingane der barnevernet fann det nødvendig å setje i verk undersøking. Det kan vere fleire enn ein meldingsinstans bak ei melding.

Innhaldet i meldinga

I ei av fem saker (19 prosent) var omsorgssvikt/mishandling kryssa av som grunn for meldinga som førte til undersøking, og tilsvarande 20 prosent kjem av åtferdsavvik hos barnet. Tilhøva i heimen, særlege behov, var merka av som grunn i vel halvparten av tilfella (52 prosent) og ein av fem (22 prosent) hadde kryssa av kategorien anna.

Behandlingstid på over eit halvt år i 4 prosent av tilhøva

Lov om barnevernstjenester gir påbod om at barnevernet skal gjennomføra alle undersøkingane snarast, og innan tre månader. I særlege høve kan fristen vere seks månader.

Av dei 17 300 undersøkingane som blei avslutta i 2000, blei sju av ti (70 prosent) avslutta innan fristen på tre månader. Ytterlegare ein femdel (20 prosent) av undersøkingane var gjennomførte og avslutta innan seks månader, og for 4 prosent var den registrerte behandlingstida på over eit halvt år. For i underkant av 1 prosent av undersøkingane manglar vi opplysningar om behandlingstida. Den gjennomsnittlege behandlingstida var i 2000 på 74 dagar, mot 69 og 71 dagar i 1999 og 1998.

Tabeller: