Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
18 655 barn under barnevernet si lupe
Barnevernet starta i alt 18 655 undersøkingar i høve til barn i løpet av 2001. Dette er vel 1 100 fleire saker enn året før. Av dei undersøkingane som vart avslutta i 2001, blei resultatet i 55 prosent av sakene at barnevernet sette i verk tiltak for barnet.
I høve til folketalet blei det påbyrja 18 undersøkingar per 1 000 barn 0-17 år i 2001, mot 17 i 2000. Det blei oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn for jenter. For aldersgruppa 14-17 år, som ligg høgast, blei det påbyrja 22 undersøkingar per 1 000 barn i 2001. Totalt sett blei det avslutta 18 300 undersøkingar i 2001. Av desse resulterte 55 prosent i tiltak.
Store skilnader mellom fylka
Vi finn store skilnader mellom fylka, både når det gjeld kor mange undersøkingar som vart påbyrja, og kor stor del av dei som førte til barnevernstiltak. Finnmark og Nordland ligg på topp med 24 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år, tett fylgt av Vestfold med 22 og Aust-Agder med 21. På botnen av lista finn vi Akershus med 12 og Sogn og Fjordane og Oppland som begge hadde 14 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.
Tiltak i meir enn halvparten av sakene
Ser ein alle undersøkingane samla, førte vel halvparten, 55 prosent, til tiltak etter lov om barnevernstjenester. 44 prosent blei lagt bort utan tiltak. For 1 prosent av undersøkingane kjenner ein ikkje konklusjonen. I Sogn og Fjordane, som ligg på topp, førte nær to av tre undersøkingar (63 prosent) til igangsetting av barnevernstiltak. Rogaland ligg òg høgt når det gjeld igangsetting av tiltak etter undersøking, med 62 prosent. I Hedmark, Troms og Nord-Trøndelag resulterte 59 prosent av undersøkingane i tiltak frå barnevernet, og i Oslo og Akershus var talet 58 prosent.
I Østfold og Vestfold derimot, førte under halvparten av undersøkingane til barnevernstiltak. Færrast i Østfold med 47 prosent. Begge desse fylka ligg langt over landsgjennomsnittet når det gjeld talet på avslutta undersøkingar i høve til talet på barn 0-17 år. I Sogn og Fjordane, Rogaland og Akershus derimot, som alle ligg lågt når ein ser talet på undersøkingar i høve til barnetal, førte rundt seks av ti undersøkingssaker til tiltak i 2001.
Foreldre melder frå i eitt av fire tilhøve
Barnet sitt nærmiljø/sosiale nettverk var til saman kryssa av som meldingsinstans i kvar tredje (34 prosent) undersøking som blei påbyrja i 2001. Mor/far var den klart største gruppa innanfor denne kategorien. Dei stod bak 25 prosent av desse meldingane til barnevernet i 2001. Naboar stod til dømes bak 3 prosent av dei meldingane som førte til undersøking. Av dei offentlege instansane var det barnevernstenesta (11 prosent) og skole (11 prosent) som stod bak flest meldingar om barn som trengte hjelp. Politi stod bak 8 prosent, og barnevernsvakt bak 7 prosent, medan helsestasjon og barnehage var kryssa av som meldingsinstans i 5 og 3 prosent av undersøkingane.
Statistikken inneheld berre opplysningar om kven som meldte frå om tilhøva som førte til undersøkingane som blei påbyrja i 2001. Populasjonen er med andre ord ikkje alle meldingar til barnevernet, men dei meldingane der barnevernet fann det naudsynt å setje i verk undersøking. Det kan vere fleire enn ein meldingsinstans bak ei melding.
Innhaldet i meldinga
I ei av fem saker (19 prosent) var omsorgssvikt/mishandling kryssa av som grunn for meldinga som førte til undersøking, og tilsvarande 20 prosent kjem av åtferdsavvik hos barnet. Tilhøva i heimen, særlege behov, var merka av som grunn i vel halvparten av tilfella (54 prosent) og ein av fem (22 prosent) hadde kryssa av kategorien anna.
Behandlingstid på over eit halvt år i 5 prosent av tilhøva
Lov om barnevernstjenester gir påbod om at barnevernet skal gjennomføra alle undersøkingane snarast, og innan tre månader. I særlege høve kan fristen vere seks månader.
Av dei 18 300 undersøkingane som blei avslutta i 2001, blei sju av ti (72 prosent) avslutta innan fristen på tre månader. Ytterlegare 23 prosent av undersøkingane vart gjennomførte og avslutta innan seks månader, og for 5 prosent var den registrerte behandlingstida på over eit halvt år. For i underkant av 1 prosent av undersøkingane manglar vi opplysningar om behandlingstida. Den gjennomsnittlege behandlingstida var i 2001 på 73 dagar, mot 74 og 69 dagar i 2000 og 1999.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Barnevern.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42