13426_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernund/aar
13426
Barnevernet undersøkte fleire
statistikk
2003-10-28T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernund, Barnevernsundersøkingar, undersøkingssaker, uromeldingar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, behandlingstidBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernsundersøkingar2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Barnevernet undersøkte fleire

Barnevernet starta i alt 19 200 undersøkingar i 2002. Det er nær 550 fleire saker enn året før og ein auke på 2,9 prosent. Aldri har talet på undersøkingar i barnevernet vore så høgt.

Påbyrja undersøkingar per 1 000 barn 0-17 år, etter fylke. 2001 og 2002

Av dei 18 850 undersøkingane som vart avslutta i fjor, førte vel halvparten, 53 prosent, til tiltak for barnet. I høve til folketalet blei det påbyrja 18 undersøkingar per 1 000 barn mellom 0-17 år i 2002, det er like mange som i året før. Det blei oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn for jenter. For aldersgruppa 13-17 år, som ligg høgast, blei det påbyrja 21 undersøkingar per 1 000 barn.

Store fylkesskilnader

Vi finn store skilnader mellom fylka, både når det gjeld kor mange undersøkingar som vart påbyrja, og kor stor del av dei som førte til tiltak frå barnevernet. Finnmark ligg på topp med 24 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år, tett fylgt av Buskerud og Telemark med 23, og Vestfold og Nordland som begge hadde 22. På botnen av lista finn vi Akershus med 12 og Oppland som hadde 14 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.

Tiltak i meir enn halvparten av sakene

Ser ein alle undersøkingane samla, førte vel halvparten, 53 prosent, til tiltak etter lov om barneverntjenester. 44 prosent blei lagt bort utan tiltak. For 3 prosent av undersøkingane kjenner ein ikkje konklusjonen. I Sogn og Fjordane, som ligg på topp, førte nær to av tre undersøkingar (63 prosent) til igangsetjing av barnevernstiltak. Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag ligg òg høgt når det gjeld igangsetjing av tiltak etter undersøking, med 61 og 60 prosent. I Oppland resulterte 59 prosent av undersøkingane i tiltak frå barnevernet, og i Møre og Romsdal var talet 58 prosent. I Østfold, Hordaland, Vestfold og Hedmark derimot, førte under halvparten av undersøkingane til barnevernstiltak, færrast i Østfold med 45 prosent.

Del av undersøkingane som resulterte i barnevernstiltak, etter fylke. 2001 og 2002. Prosent

Foreldre melder oftast ifrå

Barnet sitt nærmiljø/sosiale nettverk var til saman kryssa av som meldingsinstans i kvar tredje undersøking (32 prosent) som blei påbyrja i 2002. Mor/far var den klart største gruppa innanfor denne kategorien. Dei stod bak 23 prosent av desse meldingane til barnevernet i 2002. Naboar stod til dømes bak 3 prosent av dei meldingane som førte til undersøking. Av dei offentlege instansane var det barneverntenesta (12 prosent) og skole (11 prosent) som stod bak flest meldingar om barn som trengte hjelp. Politi stod bak 8 prosent, og barnevernvakt bak 7 prosent. Helsestasjon og barnehage var kryssa av som meldingsinstans i 6 og 2 prosent av undersøkingane.

Statistikken inneheld berre opplysningar om kven som meldte frå om tilhøva som førte til undersøkingane som blei påbyrja i 2002. Populasjonen er med andre ord ikkje alle meldingar til barnevernet, men dei meldingane der barnevernet fann det naudsynt å setje i verk undersøking. Det kan til opplysning vera fleire enn ein meldingsinstans bak ei melding.

Omsorgssvikt

I ei av fem saker (21 prosent) var omsorgssvikt/mishandling kryssa av som grunn for meldinga som førte til undersøking, og tilsvarande 18 prosent kjem av åtferdsavvik hos barnet. Tilhøva i heimen, særlege behov, var merka av som grunn i vel halvparten av tilfella (55 prosent) og ein av fem (20 prosent) hadde kryssa av kategorien anna.

Lang behandlingstid for 5 prosent

Lov om barneverntjenester gir påbod om at barnevernet skal gjennomføra alle undersøkingane snarast, og innan tre månader. I særlege høve kan fristen vere seks månader.

Av dei 18 840 undersøkingane som blei avslutta i 2002, blei sju av ti (71 prosent) avslutta innan fristen på tre månader. Ytterlegare 23 prosent av undersøkingane vart gjennomførte og avslutta innan seks månader, og for 5 prosent var den registrerte behandlingstida på over eit halvt år. For i underkant av 1 prosent av undersøkingane manglar vi opplysningar om behandlingstida. Den gjennomsnittlege behandlingstida var i 2002 på 80 dagar, mot 73 og 74 dagar i 2001 og 2000.

Tabeller: