13424_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernund/aar
13424
Stor aktivitet i barnevernet i fjor
statistikk
2004-09-08T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernund, Barnevernsundersøkingar, undersøkingssaker, uromeldingar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, behandlingstidBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernsundersøkingar2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor aktivitet i barnevernet i fjor

Barnevernet starta i alt nær 20 100 undersøkingar i 2003. Dette er nær 900 fleire saker enn året før, og ein auke på 4,7 prosent. Av dei undersøkingane som blei avslutta i 2003, førte 52 prosent av sakene til at det blei sett i verk tiltak for barnet.

I høve til folketalet blei det påbyrja 19 undersøkingar pr. 1 000 barn 0-17 år i 2003, mot 18 året før. Det blei oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn for jenter. For aldersgruppa 13-17 år, som ligg høgast, blei det påbyrja 22 undersøkingar pr. 1 000 barn i 2003. Totalt sett blei det avslutta nær 20 200 undersøkingar, og av desse resulterte 52 prosent i tiltak til barnet.

Statistikken inneheld berre opplysningar om kven som melde frå om tilhøva som førte til undersøkingane som blei påbyrja i 2003. Populasjonen er med andre ord ikkje alle meldingar til barnevernet, men der barnevernet fann det naudsynt å setje i verk undersøking. Det kan vere fleire enn ein meldingsinstans bak ei melding.

Påbyrja undersøkingar pr. 1 000 barn 0-17 år, etter fylke. 2002 og 2003

Store skilnader mellom fylka

Vi finn store skilnader mellom fylka, både når det gjeld kor mange undersøkingar som vart påbyrja, og kor stor del av dei som førte til tiltak frå barnevernet. Finnmark ligg aleine på topp med 27 undersøkingar pr. 1 000 barn under 18 år. Vestfold, Buskerud, Telemark og Nordland ligg òg høgt. Dei to førstnemnde med 23, og dei andre to hadde 22. På botnen av lista finn vi Akershus med 14 og Hordaland som hadde 15 undersøkingar pr. 1 000 barn under 18 år.

Del av undersøkingane som resulterte i barnevernstiltak, etter fylke. 2002 og 2003. Prosent

Tiltak i meir enn halvparten av sakene

Ser ein alle undersøkingane samla, førte vel halvparten, 52 prosent, til tiltak etter lov om barneverntjenester. 47 prosent blei lagt bort utan tiltak. For 1 prosent av undersøkingane kjenner ein ikkje konklusjonen. I Rogaland og Sør-Trøndelag, som ligg på topp, førte nær to av tre undersøkingar (62 prosent) til igangsetjing av barnevernstiltak. Møre og Romsdal ligg òg høgt når det gjeld igangsetjing av tiltak etter undersøking, med 61 av sakene. I Vestfold, Østfold, Hordaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Nordland derimot, førte under halvparten av undersøkingane til barnevernstiltak. Færrast i Vestfold og Østfold med 43 prosent.

Foreldre melder frå i eitt av fire tilhøve

Kvar tredje undersøking (31 prosent) som blei påbyrja i 2003 var anten meldt av barnet sjølv, familien eller naboar. Mor / far var den klart største gruppa av desse. Dei stod bak 22 prosent av meldingane som førte til undersøking i 2003. Andre i familien og naboar stod bak 4 og 3 prosent. Barnet sjølv tok kontakt med barnevernet i 2 prosent av sakene. Av dei offentlege instansane var det barnevernstenesta (12 prosent) og skole (11 prosent) som stod bak flest meldingar om barn som trengte hjelp. Politi stod bak 9 prosent, og barnevernvakt bak 7 prosent, medan helsestasjon og barnehage berre var kryssa av som meldingsinstans i 5 og 3 prosent av undersøkingane.

Innhaldet i meldinga

I ei av fem saker (22 prosent) var omsorgssvikt / mishandling kryssa av som grunn for undersøkinga, og tilsvarande 17 prosent kom av åtferdsavvik hos barnet . I vel halvparten av undersøkingane (55 prosent) var tilhøva i heimen , særlege behov oppgitt som grunn, og 22 prosent hadde kryssa av kategorien anna .

Behandlingstid på over eit halvt år i 5 prosent av tilhøva

Lov om barneverntjenester gir påbod om at barnevernet skal gjennomføre alle undersøkingane snarast, og innan tre månader. I særlege høve kan fristen vere seks månader.

Av dei 20 177 undersøkingane som blei avslutta i 2003, blei sju av ti (71 prosent) avslutta innan fristen på tre månader. Ytterlegare 24 prosent av undersøkingane vart gjennomførte og avslutta innan seks månader, og for 5 prosent var den registrerte behandlingstida på over eit halvt år. For i underkant av 1 prosent av undersøkingane manglar vi opplysningar om behandlingstida. Den gjennomsnittlege behandlingstida var i 2003 på 76 dagar, mot 80 og 73 dagar i 2002 og 2001.

Tabeller: