13422_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernund/aar
13422
21 300 undersøkingar i barnevernet
statistikk
2005-09-29T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernund, Barnevernsundersøkingar, undersøkingssaker, uromeldingar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, behandlingstidBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernsundersøkingar2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

21 300 undersøkingar i barnevernet

Barnevernet starta i alt vel 21 300 undersøkingar i 2004. Dette er nær 1 250 fleire enn året før, og ein auke på 6,2 prosent. Av dei vel 20 750 undersøkingane som blei avslutta i 2004, førte 53 prosent av sakene til at det blei sett i verk tiltak for barnet.

Påbyrja undersøkingar per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2003 og 2004

I høve til folketalet blei det påbyrja 20 undersøkingar per 1 000 barn 0-17 år i 2004, mot 19 året før. Det blei oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn for jenter. For aldersgruppa 13-17 år, som ligg høgast, blei det påbyrja 23 undersøkingar per 1 000 barn i 2004.

Statistikken inneheld ikkje opplysningar om alle meldingar til barnevernet. Berre der barnevernet fann det naudsynt å setje i verk undersøking, veit vi kven som meldte frå om tilhøva som førte til at undersøkingssak blei starta. Det kan vera fleire enn ein meldingsinstans bak ei melding.

Store skilnader mellom fylka

Vi finn store skilnader mellom fylka, både når det gjeld kor mange undersøkingar som blei påbyrja, og kor stor del av dei som førte til tiltak frå barnevernet. Finnmark Finnmárku ligg aleine på topp med 32 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år. Telemark, Nordland, Buskerud og Aust-Agder ligg òg høgt. Førstenemnde med 25, og dei andre tre hadde 24. På botnen av lista finn vi Akershus med 16 og Hordaland med 14 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.

Del av undersøkingane som resulterte i barnevernstiltak. Prosent. Fylke. 2003 og 2004

Tiltak i meir enn halvparten av sakene

Ser ein alle undersøkingane samla, førte vel halvparten, 53 prosent, til tiltak etter lov om barneverntjenester. 46 prosent blei lagt bort utan tiltak. For nær 1 prosent av undersøkingane kjenner ein ikkje konklusjonen. I Rogaland, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane, som ligg på topp, førte seks av ti undersøkingar til barnevernstiltak. Møre og Romsdal og Akershus ligg òg høgt når det gjeld igangsetjing av tiltak etter undersøking. Her førte 59 og 58 prosent av undersøkingssakene til tiltak. I seks fylke blei under halvparten av undersøkingane avslutta med tiltak, færrast i Hedmark og Hordaland med 46 og 47 prosent.

Foreldre melder frå i eitt av fem tilhøve

I tre av ti undersøkingar som blei påbyrja i 2004 var anten barnet sjølv, familien eller naboar oppgitt som den som tok opp saka. Mor / far var den klart største gruppa av desse. Dei stod bak 22 prosent av meldingane som førte til undersøking i 2004. Andre i familien og naboar stod bak 4 og 3 prosent. Barnet sjølv tok kontakt med barnevernet i 2 prosent av sakene. Av dei offentlege instansane var det barneverntenesta (11 prosent) og skule (11 prosent) som stod bak flest meldingar om barn som trengte hjelp. Politi stod bak 10 prosent, og barnevernvakt bak 7 prosent, medan helsestasjon og barnehage berre var kryssa av som meldingsinstans i 5 og 3 prosent av undersøkingane. I 13 prosent av undersøkingane var den uspesifiserte kategorien "Andre" registrert som meldingsinstans.

Innhaldet i meldinga

I ei av fem saker (22 prosent) var omsorgssvikt / mishandling kryssa av som grunn for undersøkinga, og tilsvarande 18 prosent kom av åtferdsavvik hos barnet . I vel halvparten av undersøkingane (54 prosent) var tilhøva i heimen , særlege behov oppgitt som grunn, og 20 prosent hadde kryssa av kategorien " Anna ".

Åtferdsproblem var oppgitt som grunn i kvar sjette undersøking i 2004. Mor/far hadde sjølv meldt frå til barneverntenesta i 25 prosent av desse sakene, medan skule og politi var oppgitt som meldingsinstans i 21 og 15 prosent av undersøkingane.

Av undersøkingar der omsorgssvikt/mishandling var oppgitt som grunn var det barneverntenesta sjølv som oftast var initiativtakar (14 prosent). Skule og mor/far stod kvar bak 10 prosent, medan politi var meldingsinstans i 9 prosent av desse undersøkingane. Her er den uspesifiserte kategorien "Andre" oppgitt i heile 20 prosent av undersøkingane.

Sju av ti saker behandla innan fristen på tre månader

Lov om barneverntjenester gir påbod om at barnevernet skal gjennomføra alle undersøkingane snarast, og innan tre månader. I særlege høve kan fristen vere seks månader.

Av dei 20 769 undersøkingane som blei avslutta i 2004, blei sju av ti (69 prosent) avslutta innan fristen på tre månader. Ytterlegare 25 prosent av undersøkingane blei gjennomførte og avslutta innan seks månader, og for 6 prosent var den registrerte behandlingstida på over eit halvt år. For i underkant av 1 prosent av undersøkingane manglar vi opplysningar om behandlingstida. Den gjennomsnittlege behandlingstida var i 2004 på 77 dagar, mot 76 og 80 dagar i 2003 og 2002.

Tabeller: