Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Talet på undersøkingar ligg framleis høgt
Barnevernet starta i alt vel 21 300 undersøkingar i 2005, som er om lag like mange som året før. Talet på undersøkingar har likevel auka med rundt 50 prosent på ti år. Av dei nær 21 200 undersøkingane som blei avslutta i 2005, førte 53 prosent til at det blei sett i verk tiltak.
I høve til folketalet blei det påbyrja 20 undersøkingar per 1 000 barn 0-17 år i 2005, det same som året før. Det blei oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn for jenter. For aldersgruppa 13-17 år, som ligg høgast, blei det som året før påbyrja 23 undersøkingar per 1 000 barn i 2005.
Store skilnader mellom fylka
Vi finn framleis store skilnader mellom fylka, både når det gjeld kor mange undersøkingar som blei påbyrja, og kor stor del av dei som førte til tiltak frå barnevernet. Finnmark ligg aleine på topp med 31 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år. Nordland, Telemark, og Vestfold ligg òg høgt. Dei to førstnemnde med 25, og Vestfold med 23. På botnen av lista finn vi Hordaland, Akershus og Sogn og Fjordane, alle med 16 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.
Tiltak i meir enn halvparten av sakene
Ser ein alle undersøkingane samla, førte vel halvparten, 53 prosent, til tiltak etter lov om barneverntjenester. 46 prosent blei lagt bort utan tiltak. For vel 1 prosent av undersøkingane kjenner ein ikkje konklusjonen. I Rogaland, Sør-Trøndelag og Telemark, som ligg på topp, førte seks av ti undersøkingar til barnevernstiltak. Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane ligg òg høgt når det gjeld igangsetjing av tiltak etter undersøking. I fem fylke blei under halvparten av undersøkingane avslutta med tiltak - færrast i Østfold og Finnmark med 45 og 46 prosent. Finnmark ligg altså på topp når det gjeld både talet på undersøkingar og tilsette i høve til barn 0-17 år (sjå http://www.ssb.no/emne/03/03/10/barnevernp/tab-2006-09-19-02.html ), men få undersøkingar førte til tiltak.
Statistikken inneheld ikkje opplysningar om alle meldingar til barnevernet. Berre der barnevernet fann det naudsynt å setje i verk undersøking, veit vi kven som meldte frå om tilhøva som førte til at undersøkingssak blei starta. Det kan vere fleire enn ein meldingsinstans bak ei melding.
Foreldre melder frå i eitt av fem tilhøve
I tre av ti undersøkingar som blei påbyrja i 2005, var anten barnet sjølv, familien eller naboar gitt opp som den som tok opp saka. Mor / far var den klart største gruppa av desse. Dei stod bak 21 prosent av meldingane som førte til undersøking i 2005. Andre i familien og naboar stod bak respektive 4 og 3 prosent. Barnet sjølv tok kontakt med barnevernet i nær 2 prosent av sakene. Av dei offentlege instansane var det barneverntenesta (12 prosent), skule (11 prosent) og politi (11 prosent) som stod bak flest meldingar om barn som trong hjelp. Barnevernvakt stod bak 7 prosent, medan lege og helsestasjon var kryssa av som meldingsinstans i 5 prosent av undersøkingane. Barnehage var berre registrert bak 3 prosent av undersøkingane. I 12 prosent av undersøkingane var den uspesifiserte kategorien Andre registrert som meldingsinstans.
Innhaldet i meldinga
I ei av fem saker (22 prosent) var omsorgssvikt / mishandling kryssa av som grunn for undersøkinga, og tilsvarande 18 prosent kom av åtferdsavvik hos barnet . I vel halvparten av undersøkingane (55 prosent) var tilhøva i heimen , særlege behov oppgitt som grunn. Tilhøva i heimen , særlege behov er ein kategori der ein ser at familien har behov for litt hjelp og støtte, utan at dette viser til ein meir alvorleg situasjon. For 19 prosent var kategorien Anna kryssa av.
Åtferdsproblem var gitt opp som grunn i kvar sjette undersøking i 2005. Mor/far hadde sjølv meldt frå til barneverntenesta i 24 prosent av desse sakene, medan skule og politi var gitt opp som meldingsinstans i respektive 22 og 18 prosent av desse undersøkingane.
Av undersøkingar der omsorgssvikt/mishandling var gitt opp som grunn, var det barneverntenesta sjølv som oftast var initiativtakar (15 prosent). Skule og mor/far stod kvar bak 10 prosent, medan politi var meldingsinstans i 9 prosent av desse undersøkingane. Her er den uspesifiserte kategorien "Andre" gitt opp i heile 17 prosent av undersøkingane.
Lengre behandlingstid i 2005
Lov om barneverntjenester gir påbod om at barnevernet skal gjennomføre alle undersøkingane snarast, og innan tre månader. I særlege høve kan fristen vere seks månader.
Den gjennomsnittlege behandlingstida var i 2005 på 80 dagar, mot 77 og 76 dagar i respektive 2004 og 2003. Av dei 21 193 undersøkingane som blei avslutta i 2005, blei sju av ti (69 prosent) avslutta innan fristen på tre månader. Ytterlegare 25 prosent av undersøkingane blei gjennomførte og avslutta innan seks månader, og for 6 prosent var den registrerte behandlingstida på over eit halvt år. For nokre få undersøkingar manglar vi opplysningar om behandlingstida.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Barnevern.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42