Innhald
Publisert:
Fleire barn i statlege fosterheimar
Frå 2011 til 2012 var det ein auke på nærare 13 prosent i talet på barn i statlege fosterheimar. I same perioden var det også registrert ein vekst på 6 prosent i talet på barn i det statlege barnevernet, slik at det på slutten av 2012 i alt var 6 200 barn som fekk tiltak frå statleg barnevern.
2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|
Ressursinnsats | |||
Eigenproduksjon (mill. kr) | 3 552,1 | 3 640,9 | 3 755,8 |
Avtalte årsverk eksklusive lange fravær | 4 375 | 4 609 | 4 368 |
Aktivitetar og tenester | |||
Barn i statlege barnevernstiltak per 31.12 | 5 676 | 5 804 | 6 162 |
Barn i statlege barnevernstiltak (per 1 000 barn 0-19 år) | 4,6 | 4,6 | 4,9 |
Barn i barnevernsinstitusjonar per 31.12 | 1 285 | 1 196 | 1 231 |
Barn i fosterheimar i statleg regi per 31.12 | 3 332 | 3 637 | 4 096 |
Barn i hjelpetiltak i heimen per 31.12 | 1 059 | 971 | 835 |
Opphaldsdagar i statlege barnevernstiltak | 1 127 768 | 1 099 363 | 1 118 661 |
Einingskostnader (kr) | |||
Utgifter per oppholdsdag i statlege barnevernsinstitusjonar | 8 118 | 8 863 | 8 425 |
Utgifter per oppholdsdag ved kjøp frå private barnevernsinstitusjonar | 5 913 | 6 736 | 6 699 |
Utgifter per oppholdsdag i fosterheimar | 2 694 | 2 916 | 3 057 |
Utgifter per oppholdsdag i hjelpetiltak i heimen | 1 329 | 1 263 | 1 431 |
Det var i overkant av 4 100 barn i statlege fosterheimar på slutten av 2012. Dette er ein vekst på 13 prosent frå året før. På berre fem år har talet på barn i statlege fosterheimar auka med over 75 prosent, frå vel 2 300 barn i 2007 til altså 4 100 i 2012. Ser ein på alle barn med tiltak i det statlege barnevernet, var det ein auke på 6 prosent, eller om lag 360 barn, frå 2011 til 2012. Totalt var det på slutten av 2012 nesten 6 200 barn i det statlege barnevernet, av desse var nesten 67 prosent i fosterheimar, medan 20 prosent var i institusjonar, og i underkant av 14 prosent fekk tiltak i heimen.
Færre barn i barnevernsinstitusjonar
Til saman var det vel 1 200 barn i barnevernsinstitusjonar ved utgangen av 2012. Dette er 24 prosent færre enn ved oppstarten av StatRes-rapporteringa i 2004. På desse åtte åra har barnevernsinstitusjonar blitt ein stadig mindre del av tilbodet i det statlege barnevernet. I 2004 fekk 37 prosent av barna i det statlege barnevernet ein plass i barnevernsinstitusjon, medan dette tiltaket i 2012 hadde ein del på berre 20 prosent. På grunn av endringar i rapporteringa av tiltaket ”senter for foreldre og barn” i 2011 bør ein vere varsam med å samanlikne tala for 2011 og 2012 for barnevernsinstitusjonar.
Nedgang i talet på årsverk
I 2012 var det nærare 4 400 avtalte årsverk eksklusive lange fråvær i det statlege barnevernet. Det er ein nedgang frå året før på nesten 250 årsverk, eller 5 prosent. I denne perioden var det særleg Region nord som hadde ein reduksjon i årsverka med heile 14 prosent.
Private aktørar store i det statlege barnevernet
I løpet av 2012 blei det registrert i overkant av 1,1 millionar opphaldsdagar i det statlege barnevernet , av desse var nesten 43 prosent i fosterheimar, nesten 41 prosent i barnevernsinstitusjonar og vel 16 prosent var frå hjelpetiltak i heimen. Ser ein berre på fosterheimar og institusjonar står privateigde føretak for om lag 40 prosent av opphaldsdagane. For institusjonane var meir enn halvparten av opphaldsdagane i privateigde institusjonar. Samanliknar ein kostnad per opphaldsdag i dei offentlege og private institusjonane, viser det seg at dei private har ein lågare kostnad per opphaldsdag, med 6 700 kroner kontra 8 400 i dei statlege.
Vekst i utgiftene per opphaldsdag i fosterheimar
Gjennomsnittleg utgift per opphaldsdag i statlege fosterheimar var nesten 3 100 kroner i 2012, noko som er ein auke frå året før på nesten 5 prosent. Det er særleg regionane Midt-Noreg og Aust som bidreg til denne veksten, med høvesvis 17 og 9 prosent oppgang. Desse to regionane har også den høgaste utgifta per opphaldsdag for statlege fosterheimar, høvesvis 13 og 15 prosent over landsgjennomsnittet.
Statleg barnevern kosta 6,1 milliardar kroner
I 2012 var dei totale utgiftene til det statlege barnevernet nesten 6,1 milliardar kroner. Dette er over 4 prosent, eller 254 millionar kroner, meir enn i 2011. I 2012 som året før er det særleg utgiftene til fosterheimar som har auka, og oppgangen var på totalt 210 millionar kroner, eller i overkant av 13 prosent. I 2012 var det i overkant av 3 milliardar kroner som gjekk til løn, ein oppgang på 3,5 prosent frå året før.
Tilleggsinformasjon
Tala er henta inn frå Oslo kommune og dei fem barnevernsregionane: Region Nord, Region Midt-Noreg, Region Vest, Region Sør og Region Aust.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42