Halvparten av norske føretak kjøper nettskytenester
Publisert:
Nettskytenester er i vekst, og 48 prosent av føretaka med minst ti sysselsette kjøper no nettskytenester. Delen er opp frå 40 prosent i 2016 og 29 prosent i 2014.
- Tallene er hentet fra
- Bruk av IKT i næringslivet
- Artikkelen er en del av serien
- Bruk av IKT i næringslivet (arkiv)
Stadig fleire føretak bruker nettskytenester som gjer at dei får tilgang til IKT-tenester over internett. Tenestene blir leverte frå serverane til tenesteprodusentane.
48 prosent av føretaka med meir enn ti sysselsette kjøper nettskytenester i 2017, og i enkelte næringar er andelen enda høgare. I næringa informasjon og kommunikasjon kjøper heile 81 prosent av føretaka nettskytenester.
E-post og lagring av filer er dei mest brukte nettskytenestene. Høvesvis 35 og 34 prosent av føretaka bruker seg av desse to tenestene. Rekneskapsprogram og kontorprogram som nettskyteneste har hatt ein merkbar auke sidan i fjor, og er opp frå 21 prosent til 28 prosent i 2017.
Figur 1. Bruk av nettskytenester. Andel av føretak med minst ti sysselsette.
Datakraft | Kundeadministrasjon CRM | Rekneskapsprogram | Fillagring | Lagring av databasar | Kontorsystem | E-post | Kjøper nettskytenester | |
2016 | 12 | 15 | 21 | 28 | 25 | 21 | 28 | 40 |
2017 | 15 | 19 | 28 | 34 | 30 | 28 | 35 | 48 |
Statlege verksemder er i snitt meir ivrige brukarar av nettskytenester enn næringslivet. 71 prosent svarer at dei bruker éi eller fleire slike tenester i 2017, i følgje undersøkinga Bruk av IKT i staten. Dette er om lag på nivå med store private føretak. 67 prosent av føretaka i næringslivet med over 100 sysselsette bruker nettskytenester, mot 44 prosent av føretak med mellom 10 og 19 sysselsette.
Tre av ti føretak sel varer og tenester over internett
27 prosent av norske føretak har motteke bestillingar på varer eller tenester gjennom nettsider i 2016. Inkludert EDI-sal er delen som hadde elektroniske sal 30 prosent, opp frå 28 prosent året før.
Brorparten av føretaka som sel varer og tenester over internett, gjer det frå eiga nettside eller app. I 2016 selde 23 prosent av føretaka gjennom eigne nettsider, medan 7 prosent selde gjennom ein e-marknadsplass.
Dei flest føretaka har Noreg som marknad for nettsal, og sel lite utanlands. 25 prosent av føretaka selde over nett til Noreg, medan 5 prosent selde til utlandet. Berre to prosent hadde utelukkande utanlandsk marknad for nettsal.
Figur 2. Andel av føretak som driv med nettsal, etter størrelse. 2017
Nettsal | Nettsal til Noreg | Nettsal til utlandet | Nettsal frå eiga heimeside | Nettsal frå marknadsplass på nett | |
Alle føretak med 10+ sysselsette | 27 | 25 | 5 | 23 | 7 |
10-19 sysselsette | 24 | 21 | 4 | 19 | 6 |
20-49 sysselsette | 29 | 27 | 7 | 25 | 8 |
50-99 sysselsette | 31 | 30 | 9 | 29 | 9 |
100+ sysselsette | 38 | 36 | 9 | 35 | 9 |
Samla verdi av elektronisk sal i 2016 er utrekna til 620 milliardar kroner, og utgjorde med det 20 prosent av total omsetning i næringane som er med i undersøkinga. Sal gjennom EDI og nettstader utgjer omtrent like store delar. Av nettsalet er sal til offentlege styresmakter og andre føretak størst. Salet til det offentlege og næringslivet er utrekna til 241 milliardar, medan nettsal til private er på 77 milliardar.
Meir enn ni av ti føretak er fornøgde med breibandshastigheita
93 prosent av norske føretak med fast breiband opplever at hastigheita er tilstrekkeleg. Andelen føretak med fast breibandsabonnement er no 85 prosent, og av desse har 25 prosent raskare enn 100 Mbit/s i nedlastingshastigheit.
Nesten alle med internett i den raskaste kategorien er fornøgde med hastigheita, men også føretaka med dei lågaste internetthastigheitene er for det meste fornøgde. 87 prosent av dei med 10 Mbit/s eller mindre i nedlastingshastigheit meiner dette er tilstrekkeleg.
Figur 3. Andel av føretaka som opplever breibandshastigheita som tilstrekkeleg, etter hastigheit. 2017
Fast breiband | Under 2 Mbit/s | 2-10 Mbit/s | 10-30 Mbit/s | 30-100 Mbit/s | 100 Mbit/s eller høgare | |
Andel av føretak | 85 | 2 | 13 | 23 | 24 | 21 |
Andel som opplever tilstrekkeleg hastigheit | 93 | 83 | 87 | 93 | 95 | 99 |
Eitt av fem føretak har tilsett eigne IKT-spesialistar
Akkurat som i 2016 har 19 prosent av norske føretak har éin eller fleire IKT-spesialistar tilsett i 2017. Delen aukar kraftig med storleiken på føretaka.
Kontakt
-
Mona Irene Andersen Engedal
-
Torstein Otterlei Fjørtoft
-
SSBs informasjonstjeneste