Nettreklame meir populært blant norske føretak
Publisert:
Nesten halvparten av norske føretak med minst ti sysselsette betalar for å vise reklame på internett. Dette er ei auke frå 36 prosent i 2016.
- Tala er henta frå
- Bruk av IKT i næringslivet
- Artikkelen er del av serien
- Bruk av IKT i næringslivet (arkiv)
Nye tal frå statistikken Bruk av IKT i næringslivet viser at 45 prosent av føretaka betalar for å vise reklame på internett. 28 prosent av føretaka betalar for målretta reklame basert på søkjeord som brukarane nyttar i søkemotorar eller innhaldet på nettsidene kor det reklamerast. Ein ser også at ein større prosentdel av dei store føretaka betalar for reklame på internett enn kva mindre føretak gjer.
I 2016 betalte 15 prosent av føretaka for målretta reklame basert på internettbrukarane sin geografiske plassering. I 2018 er dette talet oppe i 19 prosent.
Også reklame basert på overvaking av internettbrukarane sin profil eller tidlegare aktivitetar på nett, har auka. 12 prosent av føretaka brukte denne reklamemetoden i 2018 mot 9 prosent i 2016.
Figur 1. Del av føretak med minst ti sysselsette som betalar for reklame på internett
2016 | 2018 | |
Betaler for andre metoder for målretta reklame via internett | 15 | 19 |
Betaler for reklame basert på den geografiske plasseringa til brukarane | 15 | 19 |
Betaler for reklame basert på overvaking av dei tidligare aktivitetane eller profilen til brukarane | 9 | 12 |
Betaler for reklame basert på innhaldet på nettsidene eller søkjeorda som brukarane nyttar | 26 | 28 |
Betaler for reklame på internett | 36 | 45 |
Føretak knytt til motorvogner reklamerer mest
Tre av fire av føretak innan næringa handel med og reparasjon av motorvogner betalar for reklame på internett. Denne næringsgruppa er størst innan alle reklamemetodane som er med i denne undersøkinga. I motsett ende av skalaen finn ein føretak innan transport og lagring, kor berre 27 prosent betalar for internettreklame. Dette er ein reduksjon frå 31 prosent for to år sidan.
Næringsgruppa med størst auke når det gjeld internettreklame er detaljhandelen. No betalar nesten halvparten av føretaka i denne gruppa for reklame på internett, mot 28 prosent for to år sidan.
Figur 2. Del av føretak med minst ti sysselsette som betalar for reklame på internett, etter næringsgruppe
2016 | 2018 | |
68-74+77-82+95.1 Anna tenesteyting | 37 | 41 |
58-63 Informasjon og kommunikasjon | 47 | 58 |
55-56 Overnattings- og serveringsverksemd | 44 | 54 |
49-53 Transport og lagring | 31 | 27 |
47 Detaljhandel med unntak av motorvogner | 28 | 48 |
46 Agentur- og engroshandel med unntak av motorvogner | 46 | 51 |
45 Handel med og reparasjon av motorvogner | 63 | 74 |
41-43 Byggje- og anleggsverksemd | 27 | 39 |
10-39 Industri, kraftforsyning, vatn, avløp og renovasjon | 32 | 36 |
Total-K Alle næringer, uten finansnæringene | 36 | 45 |
Bruken av heimesider er noko redusert
Statistikken viser også at 78 prosent av føretaka har eiga heimeside. Dette talet har dei tre siste åra vore 80 prosent, men er altså redusert med to prosentpoeng i 2018.
Vidare ser me at 69 prosent av føretaka nyttar heimesida si til å informere om varer, tenester og prisar. Det er i næringsgruppa informasjon og kommunikasjon at størst del av føretaka har slik informasjon på heimesidene sine. 9 av 10 av føretaka i denne næringsgruppa nyttar heimesida si til dette. I den andre enden av skalaen finn me detaljhandelen, kor berre halvparten av føretaka nyttar heimeside til å informere om varer, tenester og prisar.
Figur 3. Del av føretak med minst ti sysselsette som nyttar heimeside til omtale av varer, tenester, eller prislister, etter næringsgruppe
2016 | 2018 | |
68-74+77-82+95.1 Anna tenesteyting | 77 | 79 |
58-63 Informasjon og kommunikasjon | 87 | 90 |
55-56 Overnattings- og serveringsverksemd | 74 | 68 |
49-53 Transport og lagring | 58 | 57 |
47 Detaljhandel med unntak av motorvogner | 36 | 49 |
46 Agentur- og engroshandel med unntak av motorvogner | 83 | 88 |
45 Handel med og reparasjon av motorvogner | 86 | 86 |
41-43 Byggje- og anleggsverksemd | 59 | 59 |
10-39 Industri, kraftforsyning, vatn, avløp og renovasjon | 71 | 77 |
Total-K Alle næringer, uten finansnæringene | 66 | 69 |
Faktaside
Kontakt
-
Øystein Åmelfot Dyngen
-
Ole Røgeberg
-
SSBs informasjonstjeneste