53534_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/aar
53534
Styresmaktenes heimesider er viktige
statistikk
2011-09-28T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Styresmaktenes heimesider er viktige

Ni av ti føretak har brukt Internett i kontakt med offentlege styresmakter i løpet av 2010. Blant dei viktige formåla er å levere oppgåver over sosiale kostnader og meirverdiavgift, meldingar om skattlegging av føretak, og varer og tenester til fortolling.

Del av føretaka som brukar Internett i kontakt med offentlege styresmakter. 2010. Prosent

Heimesidene til offentlege styresmakter blir stadig viktigare for norsk næringsliv. Delen av føretak som har kommunisert med offentlege styresmakter via Internett har auka frå 80 prosent i 2009 til 91 prosent i 2010. Meir enn fire av fem føretak har søkt informasjon på styresmaktenes heimesider, ein auke på 10 prosentpoeng. 84 prosent av føretaka har lasta ned blankettar, og 77 prosent har sendt inn opplysningar i webformat til det offentlege. Om lag halvparten har vore innom styresmaktenes heimesider for å handsame ein administrativ prosedyre fullstendig elektronisk, som til dømes deklarasjon, registrering og søknad om løyve.

Halvparten av føretaka har levert oppgåver over sosiale kostnader elektronisk, to av tre har sendt inn sjølvmelding for skattlegging av føretak via Internett, og sju av ti leverte oppgåver over meirverdiavgift i løpet av 2010. Eit av tre føretak har brukt Internett til å skaffe seg tilgang til anbodsdokument frå offentlege styresmakter sine elektroniske anbodssystem i 2010. 18 prosent har lagt inn anbod elektronisk.

Programvarer med open kjeldekode er populære

Del av føretaka som brukar operativsystem med open kjeldekode (som til dømes LINUX). 2008-2011. Prosent

Bruken av operativsystem med open kjeldekode, som til dømes Linux, har auka frå 8 prosent i 2010 til 16 prosent i 2011. Dei største føretaka brukar slike operativsystem mykje meir enn dei små. 37 prosent av føretaka i næringa informasjon og kommunikasjon brukte Linux i januar 2011. Om lag to av fem brukar nettlesar med open kjeldekode, som til dømes Mozilla Firefox eller Chromium. Slike nettlesarar er like populære i små som i store føretak. I næringa informasjon og kommunikasjon nyttar heile sju av ti føretak open nettlesarprogramvare. Eit av tre føretak vel kontorprogram med open kjeldekode, som til dømes OpenOffice. OpenOffice er meir brukt hos mindre føretak enn hos dei som er større.

Bruken av mobilt breiband aukar raskt

97 prosent av føretaka med minst 10 sysselsette hadde tilgang til Internett i januar 2011. Bruken av mobilt breiband i norsk næringsliv har auka raskt dei siste åra. I alt brukte 53 prosent av føretaka mobilt breiband ved inngangen av 2011. 45 prosent brukar mobilt breiband via PC med 3G-modem, mot 37 prosent året før. 38 prosent har mobilt breibandssamband via smarttelefon med minst 3G teknologi. Denne delen var berre 19 prosent i 2010. Større føretak nyttar mobilt breiband meir enn mindre føretak. Næringane informasjon og kommunikasjon; finansierings-- og forsikringsverksemd samt engroshandel brukar mobilt breiband meir enn dei andre næringane.

Del av føretaka med faste breiband og faste breiband over 2 Mbit/s. 2003-2011. Prosent

I alt hadde 90 prosent av føretaka ein eller annan type breiband i januar 2011. Det er ein auke på 3 prosentpoeng samanlikna med fjoråret. 88 prosent har faste breiband. Denne delen var 85 prosent i fjor. Hastigheita til faste breiband går stadig opp. 78 prosent av føretaka har fast breiband med overføringskapasitet over 2 Mbit/s, ein auke på 8 prosentpoeng samanlikna med året før. Delen av føretak med faste breiband med overføringskapasitet under 2 Mbit/s, har gått ned frå 25 prosent i fjor til 20 prosent i år. Det er framleis 22 prosent som har fast internettilknyting utan breiband, som til dømes tradisjonelt modem og ISDN.

Fire av fem har heimeside

Delen av føretaka med heimeside i Noreg er 79 prosent, om lag som i 2009. Det er stor skilnad på kva føretaka tilbyr brukarane. To av fem nyttar heimesida til å gje tilgang til produktkatalogar og prislister, medan tre av ti kan ta mot bestillingar, reservasjonar eller bookingar via ei heimeside.

Tenester som inneber aktiv samhandling mellom føretaket og kunden, er lite utbreidd. Under 10 prosent av føretaka har heimesider med høve til personleg tilpassing av produktet og sporing av bestillingar. 12 prosent tilbyr kunden ei heimeside med individuelt tilpassa innhald. 43 prosent av føretaka nytta heimesida til å rekruttere personell, medan 17 prosent hadde lagt ut ei kunngjering om føretaket sin politikk for personvern eller ein tryggleiksgaranti. Generelt har større føretak meir avanserte heimesider enn dei små, slik at heimesida kan brukast til fleire formål.

Auka elektronisk overføring av data mellom føretak

Del av føretaka med elektronisk utveksling av data med andre. 2009-2011. Prosent

Delen av føretak som har utveksla elektroniske data med andre, har auka frå 53 til 57 prosent frå 2010 til 2011. Delen av føretaka med 10-19 sysselsette har auka frå 49 til 53 prosent, medan dei med meir enn 100 sysselsette har auka frå 75 til 78 prosent. Skilnaden mellom større og mindre føretak er framleis store, sjølv om han har minka noko.

32 prosent av føretaka sende betalingsinstruksjonar til finansielle institusjonar. Det var ein auke på 4 prosentpoeng samanlikna med året før. Utveksling av informasjon om produkt mellom føretaka blir stadig viktigare i næringslivet. Delen av føretak som sender eller mottek produktinformasjon, har auka frå 22 til 44 prosent i løpet av eit år. I tillegg har halvparten sendt eller teke imot informasjon elektronisk til eller frå offentlege styresmakter.

14 prosent av føretaka har sendt e-faktura som kan brukast til automatisk prosessering, som til dømes EDI, UBL, XML. To av fem føretak sender e-faktura som ikkje kan brukast til automatisk prosessering, som til dømes e-post og e-postvedlegg i PDF-format.

Varierande bruk av elektronisk informasjon internt

Del av føretaka som brukar breibandstelefoni. 2006-2011. Prosent

I kor stor grad føretaka overfører elektronisk informasjon frå ordrar om kjøp og sal til ulike interne funksjonar, varierer sterkt med storleiken på føretaket. Dette kan òg variere frå ei næring til ei anna. Skilnadene er minst når det gjeld bruken av slik informasjon til føring av rekneskap. Dette er den vanlegaste bruken av slik elektronisk overført informasjon, og over halvparten av føretaka fører rekneskap på denne måten. 30 prosent av føretaka nytta slik informasjon til å styre lagerbehaldninga i januar 2011.

Sju av ti med elektronisk handel

69 prosent av føretaka har gjennomført sal eller kjøp av varer og tenester via Internett i løpet av 2010. I alt har 36 prosent gjennomført elektronisk sal i 2010. Ein av tre tok imot bestillingar via ei webside, medan ein av ti har gjennomført sal via standardiserte EDI-meldingar. EDI-meldingar omfattar elektronisk overføring av dokument eller verksemdsdata frå eit datasystem til eit anna datasystem for automatisk behandling.

Tre av fem føretak har kjøpt varer eller tenester via Internett i 2010. Over halvparten har plassert bestillingar via ei webside, medan 14 prosent gjorde innkjøp via EDI-meldingar.

Ein av fem med breibandstelefoni

Delen av føretaka som brukar breibandstelefoni, har auka frå 19 prosent i januar 2010, til 21 prosent i januar 2011.

I samarbeid med EU sitt statistiske kontor, Eurostat, produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Sjå denne lenka for internasjonalt samanliknbare tal .

Tabeller: