124046_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/aar
124046
Eitt av to føretak bruker sosiale medium
statistikk
2013-10-01T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Eitt av to føretak bruker sosiale medium

Sosiale medium, som Facebook, LinkedIn, Twitter, Flickr og ulike wikiar, er tekne i bruk av halvdelen av føretaka med minst ti sysselsette. Tre av ti føretak bruker dette til marknadsføring av produkt eller utvikling av bilete av føretaket.

Bruk av IKT i næringslivet
201120122013
1Føretak med minst 10 sysselsette
Del av føretaka med bruk av IKT per januar1
Alle typar breiband908992
Faste breiband i alt888689
Faste breiband med overføringskapasitet på minst 2 Mbit/s787780
Har heimeside798079
201020112012
Del av føretaka med bruk av IKT per år1
Utført elektronisk handel726258

Sosiale nettverk, som Facebook, LinkedIn, Xing, Viadeo eller Yammer, vert brukte av 45 prosent av alle føretak med minst ti sysselsette. Mellom føretaka med minst 100 sysselsette er denne delen 60 prosent. Når det gjeld føretaka i informasjons- og kommunikasjons-, finansierings- samt overnattings- og serverings¬næringane, bruker over 70 prosent slike nettverk.

Nettsider for deling av multimedieinnhald, som YouTube, Flickr, Picasa og SlideShare, er tekne i bruk av 12 prosent av føretaka. 9 prosent av føretaka bruker bloggar eller mikrobloggar, som Twitter eller Present.ly, og 5 prosent bruker wikiar for å dele kunnskap. For alle former for sosiale medium finn vi at større føretak bruker slike meir enn mindre føretak, og delen er størst blant føretak i informasjons- og kommunikasjonsnæringa.

Medan sosiale medium vert brukte av 31 prosent av føretaka til marknadsføring av produkt og til å skape eit positivt bilete av føretaket, er talet 24 prosent til føremålet rekruttering av tilsette. 22 prosent nyttar slike tenester til å innhente eller svare på synspunkt eller spørsmål frå kundane. Utveksling av synspunkt eller kunnskap innanfor sjølve føretaket er eit mål med bruk av sosiale medium for 18 prosent av føretaka. Samarbeid med kundane om utvikling av varer og tenester vert nemnt av 13 prosent, medan 12 prosent samarbeidar med leverandørar eller andre partnarar gjennom bruk av sosiale medium.

På spørsmål om føretaket har ein formell politikk når det gjeld mål, reglar eller prosedyrar for bruken av sosiale medium, svarer berre 18 prosent at dei har dette. Det kan tyde på at dei fleste føretaka som bruker sosiale medium, overlét utviklinga på dette området til dei tilsette, utan overordna retningsliner.

Framleis auke for faste og raske breiband

I alt hadde 92 prosent av føretaka ein eller annan type breiband i januar 2013, og 89 prosent av alle føretaka hadde faste breiband. Dette er ein auke på 3 prosentpoeng frå i fjor. Den same auken finn vi i talet på føretak som har fast breiband med overføringskapasitet på minst 2 Mbit/s. Per januar 2013 er det 80 prosent av føretaka som har så raske breiband. 25 prosent av føretaka har breiband med over 30 Mbit/s.

Veksten i mobilt breiband stansar opp

Det har vore ein stor auke i bruken av mobilt breiband i norsk næringsliv dei siste åra. Frå 2012 til 2013 ser det ut til at denne veksten har stansa opp. 53 prosent av alle føretaka opplyser at dei har breibandstilkopling gjennom eit mobilt breiband. Det er ein nedgang på 1 prosentpoeng. Berre 3 prosent har mobilt breiband utan å ha fast breiband i tillegg. Det er same talet som året før.

Sju av ti føretak med mobil internettilkopling

Ordninga med berbart utstyr som gjer det mogleg for nokre av dei tilsette med mobil tilkopling til Internett i jobbsamanheng, er like utbreidd i 2013 som året før. 71 prosent av føretaka med minst 10 sysselsette har dette tilbodet.

94 prosent av føretaka med minst 100 tilsette har eit slikt tilbod, medan 62 prosent av føretaka med 10-19 tilsette tilbyr dei tilsette å jobbe via mobile breibandskoplingar. Skilnadene er òg store mellom dei ulike næringane. Over 90 prosent av føretaka innanfor informasjon og kommunikasjon, finansierings- og forsikringsverksemd samt engroshandel har dette tilbodet, medan talet ligg like over 40 prosent for føretak innanfor detaljhandel samt overnattings- og serveringsverksemd.

Det er stor skilnad mellom næringane når det gjeld kor stor del av dei tilsette som har tilbod om mobil tilkopling i arbeidet. I 87 prosent av føretaka innanfor informasjon og kommunikasjon har minst halvparten av dei tilsette dette tilbodet. Ikkje fullt så vanleg er ordninga i gruppa engroshandel der 62 prosent av føretaka tilbyr dette til minst halvdelen av dei tilsette. Innanfor detaljhandel samt overnattings- og serveringsverksemd har derimot mindre enn 10 prosent av føretaka eit slikt tilbod til minst halvdelen av dei tilsette.

Nedgang for elektronisk handel

58 prosent av føretaka har gjennomført sal eller kjøp av varer og tenester via Internett i løpet av 2012. Dette er ein nedgang frå 62 prosent i 2011. I alt har 28 prosent gjennomført elektronisk sal i 2012. Det er ein nedgang frå 38 prosent i 2011. Heile nedgangen kjem innanfor sal via nettside der talet går frå 35 prosent i 2011 til 25 prosent i 2012. Delen med sal via EDI er stabil på 7 prosent av alle føretak. Nedgangen for nettsal gjeld i alle storleiksgruppene og i så godt som alle næringane. I desse tala er det berre teke omsyn til delen av føretak med elektronisk handel, ikkje til volumet på den elektroniske handelen.

Innkjøp via Internett aukar frå 44 prosent i 2011 til 47 prosent i 2012.

Breibandstelefoni i stadig auke

Frå 2006 og fram til 2013 har delen av føretaka som bruker breibandstelefoni, auka frå 12 til 25 prosent. Bruk av breibandstelefoni aukar i alle storleiksgruppene, men aukar mest hjå dei store føretaka.