Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tre av ti føretak kjøper nettskytenester
Nesten 30 prosent av føretak med minst ti sysselsette kjøper nettskytenester. Dei fleste som kjøper slike tenester, nyttar skya til å lagre filer og bruke e-post. Det har vore sterk vekst i omsetning frå nettsal. Bruken av mobil tilknyting til Internett har også auka kraftig.
2011 | 2013 | 2014 | |
---|---|---|---|
1Føretak med minst 10 sysselsette | |||
Del av føretaka med bruk av IKT per januar1 | |||
Alle typar breiband | 90 | 92 | 93 |
Faste breiband i alt | 88 | 89 | 85 |
Faste breiband med overføringskapasitet på minst 2 Mbit/s | 78 | 80 | 82 |
Har heimeside | 79 | 79 | 79 |
2010 | 2012 | 2013 | |
Del av føretaka med bruk av IKT per år1 | |||
Utført elektronisk handel | 72 | 58 | 55 |
Kjøp av nettskytenester aukar med storleiken på føretaka. Nesten halvdelen av føretaka med minst 100 sysselsette kjøper ei eller fleire nettskytenester. Til samanlikning kjøper 25 prosent av føretaka med 10-19 sysselsette slike tenester. Heile sju av ti føretak innanfor næringa ’informasjon og kommunikasjon’ kjøper ei eller fleire nettskytenester, og dette er dermed den næringa som er ivrigast brukar av tenestene. ‘Detaljhandel’, ‘overnattings- og serveringsverksemd’, og ‘transport og lagring’ er næringane med færrast brukarar av nettskytenester.
Av tenestene i nettskya er det især lagring av filer og e-post som vert nytta. Høvesvis 66 og 63 prosent av føretaka som kjøper ei eller fleire nettskytenester, bruker slike tenester. 54 prosent av føretaka som kjøper nettskytenester, lagrar sine databasar i skya.
Bruk av nettskytenester har fleire fordelar. 42 og 25 prosent av nettskybrukarane svara at dei nådde ein viss grad respektive høg grad av auka fleksibilitet ved skalering av nettskytenester etter bruksbehov. Bruksbehovet endrar seg etter for eksempel talet på brukarar av tenestene eller lagringskapasitet. 39 prosent svara at dei til ein viss grad gjennomførte lettvint og rask installasjon av løysingar plasserte i nettskya. 29 prosent fekk til dette i stor grad. Til samanlikning svara berre rundt 15 prosent av brukarane at dei ikkje merka noko til desse to fordelane. Den same prosentdelen svara at bruken hadde avgrensa effekt. Det var ikkje fullt så mange som opplevde gevinst i form av reduserte kostnader knytte til IKT. 32 prosent opplevde ein viss grad denne fordelen, medan 11 prosent i høg grad fekk minska utgiftene. Nesten 30 prosent merka ingen reduksjon i kostnadene, like mange svara at tiltaka gav avgrensa effekt.
Sju av ti føretak kjøper ikkje nettskytenester. Av desse opplyser 37 prosent at dette heng saman med utilstrekkelege kunnskapar om tenestene. Faren for tryggleiksbrot hindrar 24 prosent av føretaka frå å ta i bruk nettskya, medan 23 prosent er uvisse om plassering av data. 20 prosent oppgjev høge kostnader ved kjøp av tenestene som årsak til at dei ikkje nyttar nettskya. Omtrent like mange er uvisse på gjeldande lover og jurisdiksjon i tillegg til mekanismar for konfliktløysing. Av føretaka med minst 100 sysselsette oppgjev heile 37 prosent faren for tryggleiksbrot og uvisse om plassering av data som hindringar for å kjøpe tenestene.
Sterk auke i nettsal
Samla verdi av elektronisk sal i 2013 er utrekna til 523 milliardar norske kroner, og utgjorde dermed nesten 20 prosent av total omsetning i næringane som er med i undersøkinga. Sal via EDI utgjorde 54 prosent av omsetninga frå elektronisk sal, medan nettsal utgjorde 46 prosent. Ein tredel, eller 79 milliardar, av alt nettsal var til private forbrukarar. Det er ein auke på 34 prosent frå 2012. Nettsal til andre føretak og offentlege styresmakter auka med 17 prosent til 161 milliardar kroner i 2013. 25 prosent av alle føretaka selde via ei nettside i 2013, om lag den same prosentdelen som året før. Sal via EDI vart gjennomført av 7 prosent av føretaka.
Færre føretak har gjennomført kjøp via Internett i 2013 enn året før. Delen vart redusert frå 47 til 42 prosent av føretaka. 40 prosent av alle føretaka har bestilt varer eller tenester via ei nettside, medan 16 prosent har bestilt via EDI.
Stadig fleire brukar mobilt breiband
I 1. kvartal i år hadde 93 prosent av alle føretaka ei eller anna form for breiband. Prosentdelen som har fast breiband, har gått ned frå 89 i 2013 til 85 i 2014. Til gjengjeld var det ein kraftig auke i bruk av mobilt breiband. I 2013 hadde 53 prosent av føretaka mobilt breiband, medan denne delen steig til heile 75 prosent i 2014. Bruk av mobil tilknyting til Internett via smarttelefon gjekk opp frå 43 til 66 prosent, og tilknyting via berbar PC auka frå 44 til 62 prosent i den same perioden. Delen av føretaka med mobilt breiband, som ikkje har fast breiband i tillegg, auka frå 3 til 8 prosent i det same tidsrommet. Det er ein større del av dei minste føretaka som bruker mobil tilknyting til Internett i staden for fast breiband. Av føretaka med 10-19 sysselsette er det 10 prosent som har mobilt breiband som beste teknologi, mot 4 prosent av føretaka med minst 100 sysselsette. Av dei største føretaka har 94 prosent fast breiband, mot 80 prosent av dei minste.
42 prosent av alle føretaka tilbyr minst halvdelen av dei sysselsette ei berbar innretning med internettilknyting i jobbsamanheng. 66 prosent av alle føretaka tilbyr sysselsette fjerntilgang til føretaket sin e-post, dokument eller programvare.
Bruk av breibandstelefoni i føretaka har auka frå 25 prosent i 2013 til 31 prosent i 2014. Bruken aukar med storleiken på føretaka.
Flest IKT-spesialistar i dei største føretaka
20 prosent av føretaka med minst 10 sysselsette rekrutterer IKT-spesialistar. Dess større føretaket er, dess større del av føretaka har tilsett spesialistar. 56 prosent av føretaka med minst 100 sysselsette rekrutterer slike spesialistar. I 2013 prøvde 7 prosent av alle føretaka å rekruttere IKT-spesialistar, og 37 prosent av dei opplevde vanskar med å fylle dei ledige stillingane.
37 prosent av føretaka har gjeve opplæring for å utvikle eller oppgradere IKT-kompetansen til sysselsette som ikkje er IKT-spesialistar i 2013.
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38