Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Seks av ti føretak bruker sosiale nettverk
Undersøkinga blant føretak med minst ti sysselsette viser at bruken av sosiale nettverk, som Facebook og LinkedIn, har auka jamt dei to siste åra. Delen av føretaka som bruker nettskytenester har auka med 9 prosentpoeng det siste året. 37 prosent av føretaka har breiband med minst 30 Mbit/s i hastigheit på nedlasting.
2012 | 2013 | 2014 | 2015 | |
---|---|---|---|---|
1Føretak med minst 10 sysselsette. | ||||
Del av føretaka med bruk av IKT per januar | ||||
Alle typar breiband | 89 | 92 | 93 | 94 |
Faste breiband i alt | 86 | 89 | 85 | 88 |
Høgaste nedlastingshastigheit minst 30 Mbit/s | 22 | 25 | 34 | 37 |
Har heimeside | 79 | 79 | 79 | 80 |
2011 | 2012 | 2013 | 2014 | |
Del av føretaka med bruk av IKT per år | ||||
Utført elektronisk handel | 62 | 58 | 55 | 66 |
Av dei sosiale media er det særleg sosiale nettverk som Facebook og LinkedIn som blir brukt av føretaka. I2015 er det 59 prosent av føretaka med minst 10 sysselsette som gjer dette. Det er ein auke på 8 prosentpoeng frå 2014 og 14 prosentpoeng frå undersøkinga i 2013. Andre sosiale media som føretaksbloggar, for eksempel Twitter, nettsider for deling av mulitmediainnhald, for eksempel YouTube eller Flickr, og verktøy for kunnskapsdeling basert på wikiar, blir kvar for seg brukt av om lag eitt av ti føretak.
Samanlikna med 2013 har delen som bruker sosiale media til å utvikle føretakets sin image eller marknadsføre produkt auka med 20 prosentpoeng til 51 prosent. Eitt av tre føretak rekrutterer nye tilsette ved hjelp av sosiale media. Der er ein auke frå 24 prosent for to år sidan. Eitt av to føretak bruker heimesida til å vise linkar til eller referere til føretaket sin profil på sosiale media.
Auke i bruk av nettskytenester
Kjøp av nettskytenester har auka med 9 prosentpoeng frå 2014 til 38 prosent i 2015. Av tenestene i nettskya er det særlig lagring av filer og e-post som vert nytta. Høvesvis 68 og 62 prosent av føretaka som kjøper ei eller fleire nettskytenester bruker desse tenestene. 58 prosent av føretak som kjøper nettskytenester, lagrar sine databaser på skya. Nesten 6 av 10 kjøper nettskytenester frå delte serverar.
Sterk auke i EDI-sal
Samla verdi av elektronisk sal i 2014 erutrekna til 568 milliardar norske kroner, og utgjorde dermed 20 prosent av total omsetning i næringane og føretaka som er med i undersøkinga. Det er ein auke på 45 milliardar kroner på eitt år. Sal viaEDI utgjorde 58 prosent av omsetninga frå elektronisk sal, medan nettsal utgjorde 42 prosent. 91 milliardar av alt nettsal var til private forbrukarar. Det er ein auke på 16 prosent frå 2013. Nettsal til andre føretak og offentlege styresmakter gjekk derimot ned med 9 prosent til 146 milliardar kroner i 2014.
25 prosent av alle føretaka selde via ei nettside i 2014, det same som året før. Sal via EDI vart gjennomført av 8 prosent av føretaka.
Så mange som 59 prosent av alle føretak svarer at dei produkta dei sel høver så dårleg for nettsal at føretaket blir avgrensa eller hindra i å selje via ei nettside eller app. Blant dei som ikkje driver med nettsal har 67 prosent varer eller tenester som ikkje høver å selje via nettet. I denne gruppa svarer to av fem at dei har problem med nettsal knytt til logistikk, som transport av varer eller tenester, og like mange seier at kostnadene ved å ta i bruk nettsal var for høge samanlikna med fordelane. Litt over 20 prosent svarer òg ja på spørsmål om dei ser problem med høvesvis betalinga, IKT-tryggleik eller datasikkerhet, eller med det juridiske rammeverket.
Fleire føretak har gjennomført kjøp via Internett i 2014 samanlikna med året før, med høvesvis 56 mot 42 prosent av føretaka. 53 prosent av alle føretaka har bestilt varer eller tenester via ei nettside, ein auke på 13 prosentpoeng frå året før. 17 prosent har bestilt via EDI i 2014, omlag som året før.
Auken i mobilt breiband har stoppa
I 2015 hadde 94 prosent av alle føretaka ein eller anna form for breiband. Prosentdelen som har fast breiband har gått opp frå 85 i 2014 til 88 i 2015. Den raske auken i bruk av mobilt breiband vi har sett dei siste åra ser ut til å ha stoppa heilt opp. I år har 75 prosent av føretaka mobilt breiband. Det er like mange som året før. Delen av føretaka med mobilt breiband, utan å ha fast breiband i tillegg, var òg om lag den same. Skilnadene, mellom dei minste føretaka og dei større i bruken av mobil tilknyting til Internett i staden for fast breiband, er nesten borte i denne undersøkinga. Av føretaka med 10 til 19 sysselsette er det 7 prosent som har mobilt breiband sombeste teknologi, mot 4 prosent av føretaka med minst 100 sysselsette. Av dei største føretaka har 94 prosent fast breiband, mot 86 prosent av dei minste.
45 prosent av alle føretaka tilbyr minst halvdelen av sine sysselsette ei berbar innretning med internettilknyting i jobbsamanheng.
68 prosent av alle føretaka tilbyr sine sysselsette fjerntilgang til føretaket sin e-post, dokument eller programvare.
Bruk av breibandstelefoni i føretaka har auka frå 31 prosent i 2014 til 32 prosent i 2015. Bruken aukar med storleiken på føretaka.
Fleire raske breiband
Delen av føretaka med raske breiband med minst 30 Mbit/s hastighet på nedlasting har auka jamt dei siste åra. I 2011 var det 17 prosent av føretaka som hadde slike raske breiband. I 2012 auka talet til 22, i 2013 til 25, i 2014 til 34 og i 2015 til 37 prosent.
IKT-tryggleik får lite merksemd
I årets undersøking samlast det inn data om føretaka sitt arbeid med IKT-tryggleik. Sist det vart gjort var i 2010. Resultata viser at færre føretak har ein formell, skriftleg IKT-tryggleikspolicy no samanlikna med 2010. Nedgangen er på 11 prosentpoeng, frå 46 prosent i 2010 til 35 prosent i 2015. Kvar og ein av dei ulike risikoane i ein slik policy fekk også mindre merksemd i år enn førre gang. Det gjeld for eksempel spørsmål om risikoen for øydelegging av data som følgje av angrep eller uventa hendingar er definert i policyen. 27 prosent av føretaka hadde tatt omsyn til dette, mot 42 prosent i 2010.
Skilnader etter storleik og næring
I dei fleste formene for bruk av IKT er det skilnader mellom store og mindre føretak, med dei største føretaka som dei mest aktive brukarane av IKT. Det same gjeld mellom føretak i ulike næringar. Her er ofte næringa for informasjon og kommunikasjon og engroshandel blant dei mest aktive, medan føretak i næringane transport og lagring, bygg og anlegg, overnatting og servering og detaljhandelen bruker IKT mindre.
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38