13824_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13824
46 prosent har heimeside på Internett
statistikk
2000-03-07T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

46 prosent har heimeside på Internett

Nesten halvparten av alle føretak med minst ti sysselsette og tilgang til Internett hadde oppretta ei heimeside ved utgangen av 1999. Store føretak nyttar heimesider meir enn dei små føretaka.

 Delen føretak med heimeside. 1998-2000. Prosent

Delen føretak med heimeside er høgast i bank- og finansnæringa og lågast innanfor detaljhandelen. Den største delen med heimesider finst i Oslo, medan delen er lågast i fylka Troms, Sogn og Fjordane og Finnmark.

46 prosent av norske føretak med minst ti sysselsette og tilgang til Internett hadde oppretta heimeside ved utgangen av 1999. Delen auka mykje i løpet av det siste året og gjekk opp frå 28 prosent ved utgangen av 1998. Etter planane til føretaka vil dette året gje ein auke i talet på heimesider. 28 prosent av føretaka opplyser at dei har planer om å oppretta ein heimeside i 2000.

 Delen føretak med heimeside ved utgangen av 1999. Fordelt etter sysselsetjing. Prosent

Bruken av heimeside varierer mykje med storleiken til føretaka. Ved utgangen av 1999 hadde 69 prosent av føretaka med 100 sysselsette eller meir oppretta heimeside. For føretak med 10-19 sysselsette var delen berre 37 prosent. Eit mindre utval av dei minste føretaka med under ti sysselsette var også med i undersøkinga. I denne gruppa opplyste berre 25 prosent av føretaka med tilgang til Internett å ha oppretta heimeside ved utgangen av 1999.

 Delen føretak med heimesider ved utgangen av 1999. Næringsområder. Prosent.

Delen med heimeside er høgast innanfor bank- og finansnæringa. I denne næringa hadde 74 prosent av føretaka oppretta heimeside ved utgangen av 1999. Samlegruppa "Tenesteyting elles" fylgjer tettast med 63 prosent. Engroshandelen og hotell- og restaurantnæringa ligg over gjennomsnittet med høvesvis 53 og 52 prosent. 41 prosent av føretaka i næringa "Handel med motorkøyrety og drivstoff" har oppretta ei heimeside. Innanfor denne næringa finst det flest føretak med planar om heimeside i 2000, 40 prosent. Delen er lågast i detaljhandelen. Berre 21 prosent av føretaka innanfor detaljhandelen opplyser at dei har oppretta ei heimeside.

 Delen føretak med heimeside ved utgangen av 1999. Fylke. Prosent

Flest i Oslo - færrast i Finnmark

I Oslo hadde 61 prosent av føretaka med minst ti sysselsette og tilgang til Internett oppretta heimeside ved utgangen av 1999. Så følgde Telemark og Vest-Agder, båe med 57 prosent. Lågast del med heimesider finst i Troms, Sogn og Fjordane og Finnmark, med høvesvis 21, 20 og 15 prosent. I desse fylka var bruken av heimesider langt lågare enn elles i landet. Etter planane for dette året vil høvesvis 47 og 41 prosent av føretaka i Troms og Sogn og Fjordane oppretta heimesider i løpet av 2000 og såleis ta innpå landsgjennomsnittet. Planane til føretaka i Finnmark er langt mindre ekspansive. 17 prosent av føretaka i fylket planlegg å oppretta heimeside i 2000. Det ligg klårt under nivået på planane til landsgjennomsnittet, som er 28 prosent. Skilnader mellom fylka kring opprettinga av heimesider heng saman med både næringsstruktur og storleiksfordelinga til føretaka.

 Bruk av heimesider. 1999. Prosent

Bruksområdet er marknadsføring

Opplysningar frå dei føretaka som har oppretta heimesider syner ein lite avansert bruk. Det viktigaste bruksområdet til heimesidene er marknadsføring. 92 prosent av føretaka opplyser at heimesida vart nytta til marknadsføring ved utgangen av 1999. Ved same tidspunktet brukte ikkje meir enn 36 prosent det høvet heimesider gjev til mottak av bestillingar. Dessutan gav 29 prosent av føretaka kundar og underleverandørar tilgang til databasar gjennom ei heimeside. Berre 6 prosent av føretaka brukte heimesida til mottak av betaling for varer/tenester.

Tabeller: