Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Norsk næringsliv nordisk IKT-sinke?
Norske føretak nyttar IKT mindre enn næringslivet i andre nordiske land. Tilgang til Internett er mest vanleg i Finland, medan svenske føretak bruker heimesider oftare enn grannelanda. Omfanget av elektronisk handel er framleis lite i Norden.
Dette er nokre av hovudresultata i rapporten Use of ICT in Nordic enterprises 1999/2000, som er laga av Statistisk sentralbyrå i samarbeid med dei statistiske sentralbyråa i Danmark, Finland og Sverige.
Tilgang til Internett var mest vanleg mellom finske føretak. 85 prosent av alle finske føretak med minst ti sysselsette hadde tilgang til Internett ved utgangen av 1999. I både Danmark og Sverige var 78 prosent av føretaka kopla til Internett. Tilgang til Internett var minst vanleg i Noreg. To av tre av alle norske føretak med minst ti sysselsette hadde tilgang til Internett ved utgangen av 1999. Etter planane til føretaka endra tilhøvet mellom landa seg lite i 2000.
Tilgang til Internett var mest vanleg mellom dei største føretaka i alle dei nordiske landa. Mellom føretak med minst 50 sysselsette var ikkje Internett-tilgangen mykje lågare i Noreg enn i Danmark, Finland og Sverige. Skilnaden var større blant føretak med 10-49 sysselsette. I norske føretak med 10-49 sysselsette hadde om lag 15 prosent færre av føretaka Internett-tilgang enn hjå tilsvarande danske, finske og svenske føretak.
Bruk av heimesider var mest vanleg i Sverige. 57 prosent av alle svenske føretak med minst ti sysselsette hadde oppretta ei heimeside ved utgangen av 1999. Talet var langt lågare i Noreg. Berre 35 prosent av alle norske føretak hadde oppretta ei heimeside. Etter opplysningane til føretaka kom det ein sterk auke i talet på heimesider i 2000.
I Danmark og Finland hadde høvesvis 19 og 17 prosent av alle føretak med minst ti sysselsette høve til å motta bestillingar via heimesider ved utgangen av 1999. Det tilsvarande talet for Sverige og Noreg var høvesvis 14 og 12 prosent.
Omfanget av den elektroniske handelen var likevel liten i dei nordiske landa. Finland og Sverige hadde høgaste delen med føretak med omsetning frå elektronisk handel. Høvesvis 8 og 7 prosent av alle føretak med minst ti sysselsette i Finland og Sverige mottok minst 2 prosent av total omsetning frå bestillingar via Internett i 1999. 5 prosent av alle føretak i Danmark og Noreg fekk minst 2 prosent av omsetninga frå elektronisk handel. Mange føretak med høve til å motta bestillingar via Internett mottok såleis ein svært liten del av den totale omsetninga frå slike bestillingar.
Statistisk sentralbyrå publiserte våren 2000 tal som skildra bruken av IKT i norsk næringsliv i 1999. Publiseringa nytta eit anna rammeverk enn rapporten Use of ICT in Nordic enterprises 1999/2000 og såleis vert også resultata noko annleis her.
Tabeller:
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38