13812_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13812
Fire av fem føretak har Internett
statistikk
2002-03-18T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fire av fem føretak har Internett

82 prosent av alle føretak med minst 10 sysselsette hadde tilgang til Internett ved utgangen av 2001, ein auke frå 74 prosent i 2000. For dei minste føretaka er tilgangen til Internett langt lågare, og detaljhandelen bruker Internett minst. 2 av 10 føretak hadde breiband.

Delen av alle føretak med tilgang til Internett. 10+ sysselsette. 1998-2002. Prosent

Delen av alle føretak med tilgang til Internett. Fordelt etter sysselsetjing. 2001. Prosent

82 prosent av alle norske føretak med minst 10 sysselsette hadde tilgang til Internett ved utgangen av 2001, ein auke frå 74 prosent ved utgangen av 2000. Veksten ser ut til å verta moderat også i dette året. Ifølgje planane til føretaka vil berre 3 prosent av føretaka kopla seg til Internett i 2002.

Tilgangen til Internett varierte mykje med storleiken til føretaka. Ved utgangen av 2001 hadde nesten alle føretak med minst 100 sysselsette Internett-tilgang. For føretak med 10-19 sysselsette var delen 75 prosent.

Høgast tilgang i bank og finans

Delen med Internett-tilgang var høgast i bank- og finansnæringa. I denne næringa hadde så godt som alle føretak tilgang til Internett ved utgangen av 2001. I motsett ende oppgav berre 56 prosent av føretaka i detaljhandelen å ha Internett-tilgang.

Delen av alle føretak med tilgang til Internett. Fordelt etter næringsområde. 10+ sysselsette. 2001. Prosent

Delen av alle føretak med tilgang til Internett. Fordelt etter fylke. 10+ sysselsette. 2001. Prosent

Utvalsstorleiken til undersøkinga gjer delane for Internett-tilgang usikre for mindre fylke. Tala syner likevel at regionale skilnader held på å verta utjamna. Internett-tilgangen er om lag 80 prosent i dei fleste fylka. Næringsstruktur og storleiksfordelinga av føretaka varierer mellom fylka. Skilnader mellom fylka bør vurderast med bakgrunn i dette.

Internett-tilgang mindre vanleg blant småføretak

Blant føretak med 5-9 sysselsette hadde 2 av 3 tilgang til Internett ved utgangen av 2001. Mellom småføretaka var Internett-tilgangen lågast i transport/tele. I denne næringa hadde berre 43 prosent av føretaka tilgang til Internett. Tilgangen til Internett var låg også i detaljhandelen og hotell- og restaurantnæringa med høvesvis 47 og 50 prosent.

2 av 10 har breiband

Delen av alle småføretak med tilgang til Internett. Fordelt etter næringsområde. Føretak med 5-9 sysselsette. 2001. Prosent

Delen av alle føretak fordelt etter type Internett-tilkopling. 10+ sysselsette. 2001. Prosent

Sidan fleire føretak har meir enn ein type tilkopling til Internett, overstig delane for Internett-tilkopling delen for Internett-tilgang. Ved utgangen av 2001 hadde halvparten av alle norske føretak med minst 10 sysselsette ISDN. Det er vanleg å definera breiband som overføringskapasitet større enn 2 Mbit per sekund. I denne undersøkinga vart føretaka spurde om dei var tilkopla Internett via "Fast oppkopling med overføringskapasitet på minst 2 Mbit per sekund". Knapt 20 prosent av alle norske føretak med minst 10 sysselsette hadde breiband ved utgangen av 2001.

Undersøkinga har også kartlagt omfanget av eigne heimesider på Internett og utbreiinga av elektronisk handel. Resultata frå desse områda vil verta publiserte i eigne artiklar. Ein meir detaljert presentasjon av IKT-bruken til næringslivet kjem i publikasjonsserien Rapportar. I denne rapporten vert også utrekningar av utryggleiken til dei viktigaste variablane i undersøkinga presenterte.

Tabeller: