Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Norsk næringsliv bruker IKT minst
Norske føretak nyttar IKT mindre enn næringslivet i andre nordiske land. Tilgang til Internett og bruk av heimesider er vanlegare i grannelanda enn i norsk næringsliv. Omfanget av sal via Internett er framleis lite i heile Norden.
Dette er nokre av hovudresultata i rapporten Use of ICT in Nordic enterprises 2000 / 2001 , som er laga av Statistisk sentralbyrå i samarbeid med dei statistiske sentralbyråa i Danmark, Finland og Sverige
Tilgang til Internett var mest vanleg mellom finske og svenske føretak. 91 prosent av alle finske og svenske føretak med minst 10 sysselsette hadde tilgang til Internett ved utgangen av 2000. I Danmark var 87 prosent av føretaka kopla til Internett. Tilgang til Internett var minst vanleg i Noreg. Tre av fire norske føretak med minst ti sysselsette hadde tilgang til Internett ved utgangen av 2000.
Tilgang til Internett var mest vanleg blant dei største føretaka i alle dei nordiske landa. Blant føretak med minst 50 sysselsette var ikkje Internett-tilgangen mykje lågare i Noreg enn i Danmark, Finland og Sverige. Skilnaden var større blant føretak med 10-49 sysselsette. I norske føretak med 10-49 sysselsette hadde om lag 15 prosent færre av føretaka Internett-tilgang enn hjå tilsvarande danske, finske og svenske føretak.
Bruk av heimesider var mest vanleg i Sverige. 68 prosent av alle svenske føretak med minst 10 sysselsette hadde oppretta ei heimeside ved utgangen av 2000. Delen av alle føretak med heimeside var ikkje like høg i Danmark og Finland. Talet var langt lågare i Noreg. Berre 48 prosent av alle norske føretak hadde oppretta ei heimeside.
Omfanget av sal via Internett var lite i dei nordiske landa. I denne samanhengen tyder sal via Internett at minst 1 prosent av total omsetning vert motteke via heimeside. Danmark og Sverige hadde høgaste delen med føretak med omsetning frå Internett-sal. 12 prosent av alle føretak med minst 10 sysselsette i Finland og Sverige mottok minst 1 prosent av total omsetning frå bestillingar via heimeside i 2000. Høvesvis 10 og 8 prosent av alle føretak i Finland og Noreg fekk minst 1 prosent av omsetninga frå Internett-sal.
Statistisk sentralbyrå publiserte våren 2001 tal som skildra bruken av IKT i norsk næringsliv i 2000. Publiseringa nytta eit anna rammeverk enn rapporten Use of ICT in Nordic enterprises 2000 / 2001 og såleis vart også resultata noko annleis.
Tabeller:
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38