Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Ni av ti føretak har Internett
Nesten 90 prosent av alle føretak med minst 10 sysselsette hadde tilgang til Internett i 1. kvartal i år. Ein firedel av føretaka var tilkopla Internett via breiband. 8 av 10 føretak brukte antivirus programvare, medan om lag halvparten nytta brannmurar. Halvparten av dei sysselsette brukte PC med Internett-tilgang.
87 prosent av alle norske føretak med minst 10 sysselsette hadde tilgang til Internett i 1. kvartal 2003. Det er ein auke frå 82 prosent ved utgangen av 2001. I perioden 1998-2003 auka delen føretak med Internett-tilgang sterkt. I 1998 hadde ikkje meir enn 40 prosent av føretaka Internett-tilgang.
Tilgangen til Internett varierte med storleiken til føretaka. I 1. kvartal 2003 hadde nesten alle føretak med minst 100 sysselsette Internett-tilgang. For føretak med 10-19 sysselsette var delen rundt 80 prosent.
Delen med Internett-tilgang var lågast innanfor detaljhandelen og hotell- og restaurantnæringa. I desse næringane hadde om lag 70 prosent av føretaka tilgang til Internett i 1. kvartal 2003. I dei andre næringane oppgav om lag 90 prosent av føretaka å ha Internett-tilgang.
Utvalsstorleiken til undersøkinga gjer delane for Internett-tilgang noko usikre for mindre fylke. Statistisk sentralbyrå har utarbeidd eit metodologisk opplegg som betrar kvaliteten til regionale tal i høve til tidlegare statistikkproduksjon. Tala syner at regionale skilnader held på å verta utjamna. Internett-tilgangen er om lag 90 prosent i dei fleste fylka. Næringsstruktur og storleiksfordelinga av føretaka varierer mellom fylka. Skilnader mellom fylka bør vurderast med bakgrunn i dette.
Internett-tilgangen er ovanfor målt med utgangspunkt i mengda føretak med Internett-tilgang. I mange føretak er berre ein del av PC-ane tilkopla Internett. Undersøkinga fortel difor at berre 52 prosent av dei sysselsette i 1. kvartal 2003 brukte PC med tilgang til Internett (i føretak med minst 10 sysselsette).
Færre småføretak med Internett-tilgang
Blant føretak med 5-9 sysselsette hadde 3 av 4 tilgang til Internett i 1. kvartal 2003. Det er ein oppgang frå 66 prosent ved utgangen av 2001. Mellom småføretaka var Internett-tilgangen lågast i hotell- og restaurantnæringa. I denne næringa hadde om lag halvparten av føretaka tilgang til Internett.
I mange småføretak med Internett-tilgang er berre ein del av PC-ane tilkopla Internett. 1. kvartal 2003 brukte ikkje meir enn 44 prosent av dei sysselsette PC med tilgang til Internett (i føretak med 5-9 sysselsette).
Ein firedel har breiband
Sidan fleire føretak har meir enn ein type tilkopling til Internett, overstig delane for Internett-tilkopling delen for Internett-tilgang. I 1. kvartal 2003 hadde halvparten av alle norske føretak med minst 10 sysselsette ISDN. Mange definerer breiband som overføringskapasitet større enn 2 Mbit per sekund. I denne undersøkinga vart føretaka spurd om dei var tilkopla Internett via "Fast breibandssamband med kapasitet på minst 2 Mbit per sekund". 26 prosent av alle norske føretak med minst 10 sysselsette hadde breiband i 1. kvartal 2003. Det er ein auke frå 19 prosent ved utgangen av 2001.
Programvare mot virus viktigaste tryggingstiltaket
Opplysningar frå føretaka syner at "viruskontroll og verneprogramvare" er viktigaste tryggingstiltaket. Om lag 80 prosent av føretaka opplyste at dei nytta verneprogramvare i 1. kvartal 2003. Samstundes brukte ikkje meir enn om lag halvparten brannmurar. Ein firedel av føretaka nytta server med sikkert samband. Berre 10 prosent av føretaka brukte digital signatur.
Tabeller:
- Tabell 1 Delen av alle føretak med tilgang til Internett, fordelt etter mengd sysselsette. 1998-2003. Prosent
- Tabell 2 Delen av alle føretak med tilgang til Internett, fordelt etter næringsområde. 1998-2003. Prosent
- Tabell 3 Delen av alle føretak med Internett, fordelt etter fylke. 1998-2003. Prosent
- Tabell 4 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med tilgang til Internett, fordelt etter næringsområde. 2001-2003. Prosent
- Tabell 5 Delen av alle føretak med ulike typar Internett-tilkopling, fordelt etter mengd sysselsette. 2003. Prosent
- Tabell 6 Delen av alle føretak med ulike typar Internett-tilkopling, fordelt etter næringsområde. 2003. Prosent
- Tabell 7 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med ulike typar Internett-tilkopling, fordelt etter næringsområde. 2003. Prosent
- Tabell 8 Delen av alle føretak med breiband, fordelt etter mengd sysselsette. 2001-2003. Prosent
- Tabell 9 Delen av alle føretak med breiband, fordelt etter næringsområde. 2001-2003. Prosent
- Tabell 10 Delen av alle føretak med ADSL o.l., fordelt etter mengd sysselsette. 2001-2003. Prosent
- Tabell 11 Delen av alle føretak med ADSL o.l., fordelt etter næringsområde. 2001-2003. Prosent
- Tabell 12 Delen av alle føretak med heimeside, fordelt etter mengd sysselsette. 1998-2003. Prosent
- Tabell 13 Delen av alle føretak med heimeside, fordelt etter næringsområde. 1998-2003. Prosent
- Tabell 14 Delen av alle føretak med heimeside, fordelt etter fylke. 1998-2003. Prosent
- Tabell 15 Internett-sal. Delen av alle føretak med omsetning frå sal via Internett. Føretak med 10+ sysselsette. 1998-2003. Prosent
- Tabell 16 Delen av alle føretak som brukte ulike tryggingstiltak. 2003. Prosent
- Tabell 17 Delen av alle sysselsette som brukte PC med tilgang til Internett, fordelt etter mengd sysselsette. 2000-2003. Prosent
- Tabell 18 Delen av alle sysselsette som brukte PC med tilgang til Internett, fordelt etter næringsområde. 2000-2003. Prosent
- Tabell 19 Delen av alle sysselsette som brukte PC med tilgang til Internett, fordelt etter fylke. 2000-2003. Prosent
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38