13806_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13806
Stor auke i Internett-salet
statistikk
2004-12-08T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i Internett-salet

Internett-salet til norske føretak veks sterkt. I 2003 var samla sal via Internett blant føretak med minst ti sysselsette om lag 40 milliardar kroner. I 1999 utgjorde Internett-omsetninga om lag 9 milliardar.

Volumet til Internett-salet. Føretak med 10+ sysselsette. 1999-2003. Milliardar kroner

Internett-omsetninga, etter kundegrupper. Føretak med 10+ sysselsette. 2003. Prosent

Sidan utrekninga av Internett-omsetninga byggjer på observasjonar med stor variasjon, er utryggleiken større enn for resultat presentert som delar. Utryggleiken i datamaterialet kan medføre store årlege svingingar. I denne publiseringa har Statistisk sentralbyrå ikkje inkludert bank- og finansnæringa i volumet til Internett-omsetninga.

Det er ikkje uvanleg å dela Internett-omsetninga til føretaka i to område; føretak-til-føretak og føretak-til-forbrukar. Undersøkinga viser at Internett-sal frå føretak-til-føretak er langt viktigare enn sal frå føretak-til-forbrukar. I 2003 kom størstedelen av Internett-omsetninga, 76 prosent, frå andre føretak. Private forbrukarar og "Andre" utgjer høvesvis 21 og 3 prosent av samla Internett-omsetning.

I 2003 vart mesteparten av Internett-omsetninga skapt i heimemarknaden. 90 prosent av Internett-omsetninga kom frå Noreg, medan eksport utgjorde i alt 10 prosent. Nesten all eksport gjekk til samleområdet "EU/EFTA/EØS".

Internett-omsetninga, etter heimemarknad og eksport. Føretak med 10+ sysselsette. 2003. Prosent

Delen av alle føretak med tilgang til Internett. Føretak med 10+ sysselsette. 1998-2004. Prosent

Uendra utbreiing av Internett-tilgang

Utbreiinga av Internett-tilgang blant større føretak har nådd eit mettingspunkt. Sidan 1998 har delen føretak med Internett-tilgang auka sterkt. I 1998 var ikkje meir enn 40 prosent av føretaka kopla til Internett. I 1. kvartal 2003 rapporterte 87 prosent av alle føretak med minst ti sysselsette at dei hadde Internett-tilgang. I 1. kvartal 2004 var delen med tilgang til Internett framleis stabil, 84 prosent. Nedgangen i Internett-tilgang er innanfor den statistiske uvissa til utvalsundersøkinga.

Internett-tilgangen er ovanfor målt med utgangspunkt i mengda føretak med Internett-tilgang. Undersøkinga fortel også at berre halvparten av dei sysselsette i 1. kvartal 2004 brukte PC med tilgang til Internett (i føretak med minst ti sysselsette).

Internett-tilgang mindre vanleg blant småføretak

Blant føretak med 5-9 sysselsette hadde tre av fire tilgang til Internett i 1. kvartal 2004. Det tilsvarer stoda i 1. kvartal 2003. Mellom småføretaka var Internett-tilgangen lågast i hotell- og restaurantnæringa. I denne næringa hadde 56 prosent av føretaka tilgang til Internett. 1. kvartal 2004 brukte ikkje meir enn 45 prosent av dei sysselsette i småføretaka PC med tilgang til Internett.

Delen av alle småføretak med tilgang til Internett, etter næringsområde. 5-9 sysselsette. 2004. Prosent

Delen av alle føretak fordelt med ulike typar Internett-tilkopling. 10+ sysselsette. 2004. Prosent

Ein tredel har breiband

Av di fleire føretak har meir enn ein type tilkopling til Internett, overstig delane for Internett-tilkopling delen for Internett-tilgang. I denne undersøkinga vart føretaka spurde om dei var tilkopla Internett via ulike DSL-samband eller andre typar samband med kapasitet på minst 2 Mbit per sekund. Mange definerer breiband som overføringskapasitet på 2 minst Mbit per sekund. I høve til denne definisjonen hadde 33 prosent av alle føretak med minst ti sysselsette breiband i 1. kvartal 2004. Det er ein auke frå 26 prosent i 1. kvartal 2003.

I samarbeid med EUs statistiske kontor Eurostat produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Internasjonalt samanliknbare tal finst her :

Tabeller: