13804_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13804
Halvparten har breiband
statistikk
2005-10-26T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Halvparten har breiband

Stadig fleire føretak får tilgang til Internett via breiband. Nesten halvparten av alle føretak med minst 10 sysselsette hadde breiband i januar 2005. I 2001 var færre enn kvar femte tilkopla Internett via breiband.

Delen av alle småføretak med ulike typar Internett-tilkopling. Føretak med 5-9 sysselsette. 2001-2005. Prosent

Delen av alle føretak med ulike typar Internett-tilkopling. Føretak med 10+ sysselsette. 2001-2005. Prosent

Ein vanleg definisjon av breiband er overføringskapasitet på minst 2 Mbit per sekund. I denne undersøkinga vart føretaka spurde om dei var tilkopla Internett via ulike DSL-samband eller andre typar samband med kapasitet på minst 2 Mbit per sekund. Sidan 2001 har delen føretak med tilkopling til Internett via breiband vakse med nesten 150 prosent. I same perioden vart delen føretak med trådlaust samband til Internett meir enn firedobla. I undersøkinga var ikkje overføringskapasiteten til trådlause Internett-tilkoplingar spesifisert og inkluderte blant anna teknologiane "Fixed Wireless Access", satellitt og mobiltelefon. Delane for Internett-tilkoplingar samsvarer ikkje med delen for Internett-tilgang, av di fleire føretak har meir enn ein type tilkopling til Internett.

Breiband mindre vanleg blant småføretak

Innanfor gruppa føretak med 5-9 sysselsette er utbreiinga av DSL-samband, andre breibandssamband og trådlause samband annleis enn blant føretak med minst 10 sysselsette. Tydelegaste skilnaden var ein lågare del med breiband blant småføretak. Mellom føretak med 5-9 sysselsette hadde ein av tre tilgang til Internett via breiband i januar 2005.

Volumet til Internett-salet. Føretak med 10+ sysselsette. 1999-2004. Milliardar kroner

Delen av alle føretak med tilgang til Internett. Føretak med 10+ sysselsette. 1998-2005. Prosent

Nesten alle har Internett

Utbreiinga av Internett-tilgang blant større føretak har nådd eit mettingspunkt. Sidan 1998 har delen føretak med Internett-tilgang auka sterkt. I 1998 var ikkje meir enn 40 prosent av føretaka kopla til Internett. I januar 2005 rapporterte over 90 prosent av alle føretak med minst 10 sysselsette at dei hadde Internett-tilgang. På same tidspunkt var 84 prosent av alle føretak med 5-9 sysselsette tilkopla Internett. Det var ein oppgang frå 74 prosent i 2004.

Sal via Internett veks sterkt

Internett-salet til norske føretak veks sterkt. I 2004 var samla sal via Internett blant føretak med minst 10 sysselsette om lag 59 milliardar kroner. I 1999 utgjorde Internett-omsetninga om lag 9 milliardar. Sidan utrekninga av Internett-omsetninga byggjer på observasjonar med stor variasjon, er utryggleiken større enn for resultat presentert som delar. Utryggleiken i datamaterialet kan medføra store årlege svingingar. I denne publiseringa har Statistisk sentralbyrå ikkje inkludert bank- og finansnæringa i volumet til Internett-omsetninga.

I samarbeid med EUs statistiske kontor Eurostat produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Internasjonalt samanliknelege tal finst på:

http://epp.eurostat.cec.eu.int/portal/page?_pageid=0,1136195,0_45572094&_dad=portal&_schema=PORTAL

Tabeller: