Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stagnert bruk av offentlege elektroniske tenester
Delen føretak som brukte offentlege elektroniske tenester er stabil samanlikna med fjoråret. Om lag 70 prosent av føretaka har teke i bruk dei mest populære offentlege elektroniske tenestene. To av tre brukarar var nøgde eller svært nøgde med kvaliteten.
Delen føretak som brukte Internett til informasjonssøk på styresmaktenes heimesider i 2006 var om lag sameleis som i 2005. I båe åra brukte om lag 70 prosent av føretaka tenesta. Delen føretak som rapporterer opplysingar til offentlege styresmakter via Internett har auka med over 150 prosent sidan 2003. I 2003 innrapporterte 2 av 10 føretak data i webformat. Tre år seinare sende 6 av 10 føretak inn data i webformat. Frå 2005 til 2006 var delen føretak som brukte Internett til offentleg rapportering stabil rundt 60 prosent.
I 2006 lasta knapt 70 prosent av føretaka ned blankettar frå Internett. Det er ein auke på over 50 prosent i høve til 2003. I dette året brukte 45 prosent av føretaka Internett til nedlasting av blankettar. Bruken av denne offentlege elektroniske tenesta auka heller ikkje mellom 2005 og 2006.
2 av 3 brukarar er nøgde eller svært nøgde
Føretaka vart spurde om deira vurdering av kvaliteten til fire elektroniske tenester (informasjonssøk på styresmaktenes heimesider, nedlasting av blankettar, innsending av opplysingar i webformat og innlevering av tilbod via eit elektronisk tilbodssystem). To av tre føretak oppgav at dei var nøgde eller svært nøgde. Ingen storleiksgrupper eller næringsområde skil seg ut med eit stort avvik frå dette gjennomsnittet, mellom 60 og 70 prosent var nøgde/svært nøgde.
60 prosent har breiband
Ein vanleg definisjon av breiband er overføringskapasitet på minst 2 Mbit per sekund. I denne undersøkinga vart føretaka spurde om dei var tilkopla Internett via ulike DSL-samband eller andre typar samband med kapasitet på minst 2 Mbit per sekund. Sidan 2001 har delen føretak med tilkopling til Internett via breiband vakse med 200 prosent. Seks av ti føretak har no breibandtilkopling til Internett. I same perioden vart delen føretak med trådlaust samband til Internett meir enn femdobla. I undersøkinga var ikkje overføringskapasiteten til trådlause Internett-tilkoplingar spesifisert. Delane for Internett-tilkoplingar samsvarer ikkje med delen for Internett-tilgang, av di fleire føretak har meir enn ein type tilkopling til Internett.
Selde for knapt 100 milliardar via Internett
I 2005 var samla sal via Internett blant føretak med minst ti sysselsette knapt 100 milliardar kroner, eller om lag seks prosent av total omsetning. Sidan utrekninga av Internett-omsetninga byggjer på observasjonar med stor variasjon, er utryggleiken større enn for resultat presentert som delar. Utryggleiken i datamaterialet kan medføre store årlege svingingar. I denne publiseringa har Statistisk sentralbyrå ikkje inkludert bank- og finansnæringa i volumet til Internett-omsetninga.
I samarbeid med EUs statistiske kontor Eurostat produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Internasjonalt samanliknelege tal finst her .
Tabeller:
- Tabell 1 Delen av alle føretak med tilgang til Internett, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 1998-2006. Prosent
- Tabell 2 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med tilgang til Internett, etter næringsområde. 2001-2006. Prosent
- Tabell 3 Delen av alle føretak med ulike typar Internett-tilkopling, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2006. Prosent
- Tabell 4 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med ulike typar Internett-tilkopling, etter næringsområde. 2006. Prosent
- Tabell 5 Delen av alle føretak med breiband, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2001-2006. Prosent
- Tabell 6 Delen av alle føretak med fast oppkopling med overføringskapasitet under 2 Mbit per sekund, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2001-2006. Prosent
- Tabell 7 Delen av alle føretak med heimeside, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 1998-2006. Prosent
- Tabell 8 Internett-sal. Delen av alle føretak med omsetning frå sal via Internett. Føretak med 10+ sysselsette. 1998-2005. Prosent
- Tabell 9 Volumet til Internett-salet, etter mengd sysselsette og næringsområde. 1999-2005. Milliardar kroner
- Tabell 10 Delen av alle føretak som brukte ulike tryggingstiltak. 2003-2006. Prosent
- Tabell 11 Delen av alle føretak som brukte Internett til kommunikasjon med styresmaktene, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 2003-2006. Prosent
- Tabell 12 Næringslivets vurdering av kvaliteten på offentlege elektroniske tenester. Delen av føretaka som brukte Internett til å kommunisera med offentlege styresmakter (informasjonssøk, nedlasting av blankettar, innsending av opplysingar i webformat, innlevera tilbod via eit elektronisk tilbodssystem), etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 2005. Prosent
- Tabell 13 Delen av alle føretak som nytta breibandstelefoni, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2006. Prosent
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38