Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
To av tre nøgde med offentlege elektroniske tenester
To av tre føretak var nøgde eller svært nøgde med kvaliteten på offentlege elektroniske tenester. Delen føretak som nyttar offentlege elektroniske tenester, er stabil. Knapt 70 prosent av føretaka har teke i bruk dei mest populære offentlege elektroniske tenestene.
Føretaka vart spurde om deira vurdering av kvaliteten til fire elektroniske tenester (informasjonssøk på styresmaktenes heimesider, nedlasting av blankettar, innsending av opplysingar i webformat og innlevering av tilbod via eit elektronisk tilbodssystem). To av tre føretak gav opp at dei var nøgde eller svært nøgde. Ingen storleiksgrupper eller næringsområde skil seg ut med eit stort avvik frå dette gjennomsnittet, mellom 60 og 70 prosent var nøgde eller svært nøgde.
Stagnert bruk av offentlege elektroniske tenester
Delen føretak som nytta Internett til informasjonssøk på styresmaktenes heimesider i 2007, var på om lag det same nivået som dei siste åra, rundt 70 prosent av føretaka nyttar tenesta. Delen føretak som rapporterer opplysingar til offentlege styresmakter via Internett er to og ein halv gong større enn i 2003. I 2003 innrapporterte to av ti føretak data i webformat. Fire år seinare sende seks av ti føretak inn data i webformat. Frå 2005 til 2007 var delen føretak som nytta Internett til offentleg rapportering stabil rundt 60 prosent. I 2007 lasta knapt 70 prosent av føretaka ned blankettar frå Internett. Det er ein auke på over 50 prosent i høve til 2003. I dette året nytta 45 prosent av føretaka Internett til nedlasting av blankettar. Bruk av denne offentlege elektroniske tenesta auka heller ikkje mellom 2005 og 2007.
Over 60 prosent har breiband
Ein vanleg definisjon av breiband er overføringskapasitet på minst 2 Mbit per sekund. I denne undersøkinga vart føretaka spurde om dei var tilkopla Internett via ulike DSL-samband eller andre typar samband med kapasitet på minst 2 Mbit per sekund. Sidan 2001 har delen føretak med tilkopling til Internett via breiband vakse med over 200 prosent. Meir enn seks av ti føretak har no breibandtilkopling til Internett. I den same perioden vart delen føretak med trådlaust samband til Internett meir enn seksdobla. I undersøkinga var ikkje overføringskapasiteten til trådlause Internett-tilkoplingar spesifisert. Delane for Internett-tilkoplingar samsvarer ikkje med delen for Internett-tilgang, av di fleire føretak har meir enn ein type tilkopling til Internett.
Få nyttar breibandstelefoni
Bruk av breibandstelefoni varierer etter storleiken til føretaka. I 2007 hadde over 20 prosent av føretaka med 100 sysselsette eller meir teke i bruk breibandstelefoni. For føretak med 10-19 sysselsette var delen berre 12 prosent. Delen med breibandstelefoni er høgast innanfor bank- og finansnæringa. I denne næringa hadde kvart fjerde føretak breibandstelefoni i 2007. På den andre sida melde under 10 prosent av føretaka innanfor hotell- og restaurantnæringa at dei nytta breibandstelefoni.
I samarbeid med EUs statistiske kontor, Eurostat, produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Internasjonalt samanliknelege tal finst på Eurostat sitt nettsted |
Tabeller:
- Tabell 1 Delen av alle føretak med tilgang til Internett, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 1998-2007. Prosent
- Tabell 2 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med tilgang til Internett, etter næringsområde. 2001-2007. Prosent
- Tabell 3 Delen av alle føretak med ulike typar Internett-tilkopling, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2007. Prosent
- Tabell 4 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med ulike typar Internett-tilkopling, etter næringsområde. 2007. Prosent
- Tabell 5 Delen av alle føretak med breiband, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2001-2007. Prosent
- Tabell 6 Delen av alle føretak med fast oppkopling med overføringskapasitet under 2 Mbit per sekund, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2001-2007. Prosent
- Tabell 7 Delen av alle føretak med heimeside, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 1998-2007. Prosent
- Tabell 8 Internett-sal. Delen av alle føretak med omsetning frå sal via Internett. Føretak med 10+ sysselsette. 1998-2006. Prosent
- Tabell 9 Volumet til Internett-salet, etter mengd sysselsette og næringsområde. 1999-2006. Milliardar kroner
- Tabell 10 Delen av alle føretak som brukte ulike tryggingstiltak. 2003-2007. Prosent
- Tabell 11 Delen av alle føretak som brukte Internett til kommunikasjon med styresmaktene, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 2003-2007. Prosent
- Tabell 12 Næringslivets vurdering av kvaliteten på offentlege elektroniske tenester. Delen av føretaka som brukte Internett til å kommunisera med offentlege styresmakter (informasjonssøk, nedlasting av blankettar, innsending av opplysingar i webformat, innlevera tilbod via eit elektronisk tilbodssystem), etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 2005-2006. Prosent
- Tabell 13 Delen av alle føretak som nytta breibandstelefoni, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2006-2007. Prosent
- Tabell 14 Delen av alle føretak som nytta operativsystem med open kjeldekode (som til dømes Linux), etter mengd sysselsette og næringsområde. 2007. Prosent
- Tabell 15 Delen av alle føretak som overlet nokre oppgåver som krevde IT-spesialistar til leverandørar i utlandet, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2006. Prosent
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38