Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Kvar femte krone gjennom elektronisk sal
Elektronisk sal skapte nær 20 prosent av omsetninga til næringslivet i 2007. Den elektroniske delen er tredobla sidan slutten av 1990-åra. To av tre føretak har no breibandskopling til Internett.
Føretaka rapporterte delen av samla omsetning som kom frå ordrar motteke via elektroniske nettverk. Dei elektroniske kanalane inkluderte heimesider, automatisk datautveksling via Internett og over andre elektroniske nettverk. I 2007 utgjorde elektronisk sal blant føretak med minst ti sysselsette 19 prosent av total omsetning. Det inneber ei tredobling av delen sidan 1999. Den sterke veksten byrja i 2004 og er prega av to hopp, frå 2003 til 2004 og igjen frå 2005 til 2006. I 2003 utgjorde delen til elektronisk sal 6 prosent av total omsetning. Delen auka til 12 prosent i 2004, og heldt fram å stiga i 2005. I 2006 sprang delen til den elektroniske omsetninga ytterlegare i veret, til 23 prosent. I 2007 kom eit fall til 19 prosent. Komande målingar vil avgjera om dette siste resultatet inneber stagnert elektronisk sal eller er eit hendeleg avvik.
Sidan utrekninga av elektronisk omsetning byggjer på observasjonar med stor variasjon, er utryggleiken større enn for variablar der føretaka svarer anten stadfestande eller avvisande (som ved spørsmål om Internett-tilgang eller bruk av heimeside). Utryggleiken i datamaterialet kan medføra store årlege svingingar. I publiseringa av tal for volumet til den elektroniske omsetninga har Statistisk sentralbyrå ikkje inkludert bank- og finansnæringa.
Meir enn kvart tredje føretak meiner IKT aukar lønsemda
Alle føretaka med datamaskin vart bedne om å rapportera eigen subjektiv oppfatning om føremonar ved bruk av IKT gjennom å vurdera innverknaden til gjennomførte IT-prosjekt på omlegging og forenkling av arbeidsrutinar, frigjering av ressursar, lønsemd og utvikling av nye varer eller tenester. Meir enn kvart tredje føretak meinte IT-prosjekta hadde ført til større lønsemd. Statistisk sentralbyrå har tidlegare publisert ei objektiv måling av verknader av IKT i næringslivet .
To av tre har breiband
Ein mogleg definisjon av breiband er overføringskapasitet på minst 2 Mbit per sekund. I denne undersøkinga vart føretaka spurde om dei var kopla til Internett via ulike DSL-samband eller andre typar samband med kapasitet på minst 2 Mbit per sekund. Sidan 2001 har delen føretak med kopling til Internett via breiband vakse frå 19 til 67 prosent. To av tre føretak har no breibandkopling til Internett. I same perioden vart delen føretak med trådlaust samband til Internett meir enn nidobla. I undersøkinga var ikkje overføringskapasiteten til trådlause Internett-koplingar spesifisert. Delane for Internett-koplingar samsvarer ikkje med delen for Internett-tilgang, av di fleire føretak har meir enn ein type kopling til Internett.
Under 10 prosent nyttar operativsystem med open kjeldekode
Bruk av operativsystem med open kjeldekode varierer mykje etter storleiken til føretaka. I 2008 nytta over 20 prosent av føretaka med minst 100 sysselsette operativsystem med open kjeldekode. For føretak med 10-19 sysselsette var delen berre 5 prosent. Delen med open kjeldekode er høgast innanfor bank- og finansnæringa. I denne næringa hadde 13 prosent operativsystem med open kjeldekode i 2008. På den andre sida skilde føretaka innanfor bygg og anlegg seg ut med berre 2 prosent.
I samarbeid med EU sitt statistiske kontor Eurostat produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Internasjonalt samanliknbare tal finst hos Eurostat
Tabeller:
- Tabell 1 Delen av alle føretak med tilgang til Internett, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 1998-2008. Prosent
- Tabell 2 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med tilgang til Internett, etter næringsområde. 2001-2008. Prosent
- Tabell 3 Delen av alle føretak med ulike typar Internett-tilkopling, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2008. Prosent
- Tabell 4 Delen av alle småføretak (5-9 sysselsette) med ulike typar Internett-tilkopling, etter næringsområde. 2008. Prosent
- Tabell 5 Delen av alle føretak med breiband, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2001-2008. Prosent
- Tabell 6 Delen av alle føretak med fast oppkopling med overføringskapasitet under 2 Mbit per sekund, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2001-2008. Prosent
- Tabell 7 Delen av alle føretak med heimeside, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 1998-2008. Prosent
- Tabell 8 Elektronisk sal, etter mengd sysselsette og næringsområde. 1999-2007. Milliardar kroner
- Tabell 9 Delen av alle føretak som brukte ulike tryggingstiltak. 2003-2008. Prosent
- Tabell 10 Delen av alle føretak som brukte Internett til kommunikasjon med styresmaktene, etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 2003-2008. Prosent
- Tabell 11 Næringslivets vurdering av kvaliteten på offentlege elektroniske tenester. Delen av føretaka som brukte Internett til å kommunisera med offentlege styresmakter (informasjonssøk, nedlasting av blankettar, innsending av opplysingar i webformat, elektronisk sjølvhjelp, levert tilbod via eit elektronisk tilbodssystem), etter mengd sysselsette, næringsområde og fylke. 2007. Prosent
- Tabell 12 Delen av alle føretak som nytta breibandstelefoni, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2006-2008. Prosent
- Tabell 13 Delen av alle føretak som nytta operativsystem med open kjeldekode (som til dømes Linux), etter mengd sysselsette og næringsområde. 2007-2008. Prosent
- Tabell 14 Næringslivets oppfatta forbetringar frå IKT-prosjekt siste to åra. 10+ sysselsette. 2008. Prosent
Kontakt
-
Yun Walther-Zhang
E-post: yun.walther-zhang@ssb.no
tlf.: 40 90 25 38