13796_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13796
Stor skilnad på heimesidene
statistikk
2009-09-22T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor skilnad på heimesidene

Tre av fire føretak har oppretta ei heimeside, men det er stor skilnad på kva dei tilbyr brukarane. Fire av ti nyttar heimesida til å gje tilgang til produktkatalogar og prislister, medan ein tredel mottek bestillingar eller reserveringar via ei heimeside.

Tenester på heimesidene til føretaka. Føretak med 10+ sysselsette. 2009. Prosent

I undersøkinga av bruk av IKT i næringslivet har Statistisk sentralbyrå blant anna undersøkt korleis næringslivet bruker heimesider. Føretaka vart spurde om dei hadde oppretta ei heimeside og nytta ho til følgjande sju føremål: Tilgang til produktkatalogar, rekruttering, ta i mot bestillingar/reserveringar, informera om personvern/tryggleiksgaranti, individuelt tilpassa innhald, sporing av bestillingar og personleg tilpassing av produkt.

Tenester som inneber aktiv samhandling mellom føretaket og kunden er lite utbreidd. Ikkje meir enn 10 prosent av føretaka har heimesider med høve til personleg tilpassing av produktet og sporing av bestillingar. 14 prosent gjev kunden ei heimeside med individuelt tilpassa innhald (attkjenning av kunden frå tidlegare besøk).

40 prosent av føretaka nytta heimesida til å rekruttera personell, medan 15 prosent hadde lagt ut ei kunngjering om føretakets politikk for personvern eller ein tryggleiksgaranti.

Meir avansert IKT-bruk blant store føretak

Bruk av IKT er meir avansert blant store føretak enn blant dei mindre. Storleiken til føretaka etter sysselsetjing påverkar tilgangen på heimesider og intensiteten i utnyttinga av denne teknologien. Ni av ti føretak med minst 100 sysselsette har heimeside og knapt 30 prosent av desse tilbyr minst fire av tenestene nemnde i tekstboksen ovanfor. Blant mindre føretak med 10-19 sysselsette nyttar to av tre føretak heimeside og vel 10 prosent inkluderte minst fire tenester på heimesidene.

Bruk av heimesider, fordelt etter storleik. Føretak med 10+ sysselsette. 2009. Prosent

Samanlikning av nye og gamle næringars bruk av heimesider. Føretak med 10+ sysselsette. 2009. Prosent

Ny standard for næringsgruppering

I årets undersøking av bruk av IKT i næringslivet nyttar Statistisk sentralbyrå for fyrste gong sin nye standard for næringsgruppering, SN2007. Eksisterande tidsseriar vil seinare verta rekna om til SN2007 og publisert i statistikkbanken . Føremålet med den nye næringsstandarden er å skildra dagens næringsstrukturar betre enn tidlegare. Blant endringane i SN2007 er ei heilt ny næring, Informasjon og kommunikasjon, som samlar telekommunikasjon, IT- og informasjonstenester, forlag, radio og fjernsyn.

Sett i høve til den gamle standarden inneber den nye inndelinga av næringane ei annleis fordeling av føretak med intensiv utnytting av IKT. Den nye næringa, Informasjon og kommunikasjon, skil seg ut med mange føretak med heimeside og mange tenester på desse heimesidene. Nesten alle føretaka i denne næringa har heimeside, og om lag ein tredel tilbyr minst fire av tenestene nemnde i tekstboksen. I vår bruk av den nye næringsstandarden er føretak innan Bank/finans slege saman med andre tenesteytande næringar. Sjølv om bankar og andre finansielle føretak er intensive brukarar av IKT, utjamnast dei høge delane der av føretak med mindre intensiv bruk.

Delen av alle føretak som tilbyr tenester via heimesider, etter mengd sysselsette og næringsområde. 2009. Prosent
  Har heimeside Produktkatalogar, prislister Rekruttering1 Motta bestillingar, reserveringar Informere om personvern/tryggleiksgaranti Individuelt tilpassa innhald2 Sporing av bestillingar Personleg tilpassing av produktet3
Alle føretak med 10+ sysselsette 75 42 40 34 15 14 11 9
                 
Mengd sysselsette                
10-19 66 36 30 30 11 12 10 8
20-49 83 48 45 37 16 14 11 9
50-99 89 55 62 43 22 17 16 12
100+ 93 56 78 41 35 20 18 12
                 
Næringsområde                
Industri (NACE 10-33, 35 og 36-39) 84 48 38 25 14 11 9 10
Bygg og anleggsverksemd (NACE 41-43) 75 24 33 33 13 12 6 5
Handel med og reparasjon av motorvogner (NACE 45) 87 74 33 54 16 8 14 27
Engroshandel (NACE 46) 90 77 54 45 25 18 28 12
Detaljhandel (NACE 47) 45 30 24 18 6 9 7 5
Transport og lagring (NACE 49-53) 64 27 39 33 14 11 10 4
Overnattings- og serveringsverksemd (NACE 55-56) 65 50 33 46 5 14 12 12
Informasjon og kommunikasjon (NACE 58-63) 97 64 72 59 22 30 21 11
Tenesteyting inkl. finansierings- og forsikringsverksemd (NACE 64-82) 87 36 57 34 24 17 10 8
1  Annonsera ledige jobbar eller gje høve til søknad.
2  Heimesida kjenner att kunden.
3  Kunden kan tilpassa eller designa produkt.

Det er stor skilnad på kva tenester føretak i ulike storleikar og næringsgrupper formidlar gjennom heimesider. Medan nesten 80 prosent av føretaka med minst 100 sysselsette prøvde å rekruttera arbeidskraft via heimesider, var delen berre 30 prosent blant føretak med 10-19 sysselsette. Om lag ein firedel av føretaka innan Handel med og reparasjon av motorvogner let kunden tilpassa eller designa produkt. Denne delen var lågast i Bygg og anleggsverksemd, der ikkje meir enn 5 prosent av føretaka i næringa nytta heimesider på dette viset. Rundt ein tredel av føretaka med minst 100 tilsette presenterte ein tryggleiksgaranti på heimesida si mot ein av ti blant dei med 10-19 sysselsette. Nesten 60 prosent av føretaka innan Informasjon og kommunikasjon mottok bestillingar/reserveringar via ei heimeside, medan under 20 prosent av føretaka innanfor Detaljhandelen nytta heimesider til dette.

I samarbeid med EU sitt statistiske kontor Eurostat produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Internasjonalt samanliknelege tal finst på Eurostats heimeside .

Tabeller: