6 av 10 overnattingar vart borte
Publisert:
Den nedgåande trenden for overnattingsverksemdene i Noreg fortsette i januar. Talet på hotellovernattingar fall med heile 64 prosent i januar målt mot same månad i fjor.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 0,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i januar i år. Det er heile 1,1 millionar færre enn i januar i fjor. Overnattingar gjort av nordmenn fall med 52 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 75 prosent.
– I januar vart det i nokon regionar innførd strengare tiltak kor innbyggjarane blant anna vart oppmoda om å halde seg i bustadkommunen, så fallet for overnattingsverksemdene var ikkje uventa, seier seniorrådgivar Jarle Kvile i SSB.
Overnattingar på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar fall med høvesvis 6,8 og 40 prosent samanlikna med januar i fjor.
– Generelt har det vore mindre nedgang i talet på overnattingar for campingplassar og hyttegrender under pandemien, der ein i større grad kan reise og samstundes halde avstand, seier Kvile.
Med nokon få unntak måtte alle som kom til Noreg i januar i karantene i 10 dagar. Det er reglar om bruk av karantenehotell ved innreise til Noreg.
– Vi ser at fleire hotell vel å halde stengt grunna manglande etterspurnad og innreiserestriksjonar. Samstundes er det hotell i delar av landet som har mange gjester grunna karanteneopphald og opphald av utanlandske arbeidarar. Medan talet på utanlandske overnattingar stor sett går ned, ser vi ein auke målt mot januar 2020 i talet på overnattingar frå Polen og Litauen, seier Kvile.
Figur 1. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring i prosent målt mot same månad året før
Juni 2019 | Juli 2019 | Aug. 2019 | Sept. 2019 | Okt. 2019 | Nov 2019 | Des. 2019 | Jan. 2020 | Feb. 2020 | Mars 2020 | April 2020 | Mai 2020 | Juni 2020 | Juli 2020 | Aug.2020 | Sept. 2020 | Okt 2020 | Nov. 2020 | Des. 2020 | Jan. 2021 | |
Hotell | 4.46 | 6.02 | 5.58 | 5.14 | 9.74 | 7.50 | 10.20 | 8.88 | 11.68 | -57.02 | -86.55 | -77.60 | -55.96 | -8.95 | -41.14 | -42.28 | -37.81 | -61.77 | -54.60 | -64.16 |
Campingplassar | -1.05 | 3.88 | 5.75 | 0.82 | 5.50 | -0.42 | 15.76 | 12.35 | 10.87 | -40.65 | -73.45 | -7.59 | -19.65 | 4.70 | -4.62 | -6.45 | 4.06 | -13.87 | -8.53 | -6.81 |
Hyttegrender og vandrarheimar | -2.25 | -1.50 | 0.97 | 1.31 | 10.31 | 9.12 | 13.29 | 11.24 | 25.80 | -43.54 | -81.10 | -63.85 | -53.98 | -6.59 | -27.80 | -6.52 | -6.21 | -4.15 | -21.64 | -39.69 |
Størst nedgang på hotellovernattingar i Oslo
Det var om lag 570 000 overnattingar ved norske hotell i januar i 2021. Dette er heile 64 prosent færre enn i januar i fjor. Norske overnattingar på hotell fall med 61 prosent og utanlandske med 75 prosent. Samanlikna mot januar 2020 vart meir enn sju av ti overnattingar i Oslo, Svalbard og Troms og Finmark borte, medan fire av ti overnattingar i Rogaland vart borte.
…men likevel flest hotellovernattingar i Oslo
Av dei 67 reiselivsregionene som har blitt definert i landet, var det Oslo som hadde flest hotellovernattingar, etterfølgt av Bergensregion, Stavangerregion og Romerike. Samla sett hadde desse regionane 217 000 hotellovernattingar, som utgjer nesten 40 prosent av alle hotellovernattingane i januar i år. Til samanlikning hadde dei fire regionane Hardangerfjord, Lindenes/Lyngdal, Ryfylke og Risør/Tvedestrand under 4000 hotellovernattingar i januar i år.
1 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB.
Figur 2. Hotellovernattingar. Reiselivsregion¹ med flest hotellovernattingar i dei ulike fylka. Januar 2021
Overnattinger | |
Kristiansandregion | 11967 |
Helgeland | 12390 |
Sandefjord/Larvik | 12808 |
Ålesund/Sunnmøre | 15362 |
Lillehammer-region | 15836 |
Tromsø | 17443 |
Trondheim | 25649 |
Romerike | 45738 |
Stavangerregion | 52335 |
Bergensregion | 53781 |
Oslo | 64705 |
Få overnattingar ved fritidsbustadformidlarar
I januar vart det formidla 25 000 overnattingar i januar av norske fritidsbustadformidlarar. Dette er ein nedgang på heile 84 prosent frå januar 2020. Norske overnattingar fall med 12 prosent, medan utanlandske fall med heile 98 prosent.
Figur 3. Del av overnattingar etter innkvarteringstype. Januar 2021
Hotell 71% | Campingplassar 12% | Hyttegrender og vandrarheimar 14% | Formidling av private fritidsbustader 3% | |
Andel | 71 | 12 | 14 | 3 |
Mindre nedgang i Noreg enn i Europa i 2020
Førebelse tal frå Eurostat syner at talet på overnattingar i EU-landa (27 land, frå 2020) fall med 52 prosent frå 2019 til 2020. Blant dei landa som har rapportert tal for 2020 er nedgangen i talet på overnattingar størst i Spania og Italia. I Sverige og Finland fall talet på overnattingar med 38 prosent, medan talet på overnattingar i Danmark og Noreg fall med høvesvis 32 og 33 prosent.
Tal frå EU-landa for 2020 syner at to av tre overnattingar vart gjort av landets borgarar, i 2019 vart litt over halvparten av overnattingane gjort av landets borgarar. I Noreg var ni av ti overnattingar i 2020 gjort av nordmenn.
Eurostat har laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land.
Faktaside
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
Sindre Torgals
-
SSBs informasjonstjeneste