Bråstopp for overnattingsbransjen i april
Publisert:
Talet på overnattingar i april er det lågaste som er målt for nokon månad sidan SSB starta med overnattingsstatistikk i 1985. Samanlikna mot april 2019 var meir enn 8 av 10 overnattingar borte.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var gjort om lag 330 000 overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemdene i april i år. Det er heile 84 prosent færre enn i april i fjor.
- Dette fallet kommer etter ein svært krevjande mars månad, da overnattingane falt med 55 prosent samanlikna med mars 2019, seier rådgivar Jarle Kvile i SSB.
Utbrotet av koronaviruset og tiltak som vart innført for å stogge spreiinga nasjonalt og globalt fekk dramatiske konsekvensar for dei kommersielle overnattingsverksemdene. Talet på hotellovernattingar i april vart redusert med nesten 1,4 millionar – ein reduksjon på 87 prosent, samanlikna med april året før. Overnattingar på campingplassar gjekk ned 73 prosent, medan overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar gjekk ned 81 prosent.
Figur 1. Overnattingar, etter innkvarteringstype, april 2005-2020
April 2005 | April 2006 | April 2007 | April 2008 | April 2009 | April 2010 | April 2011 | April 2012 | April 2013 | April 2014 | April 2015 | April 2016 | April 2017 | April 2018 | April 2019 | April 2020 | |
Hotell o.l. | 1176809 | 1177693 | 1196441 | 1314619 | 1141367 | 1231740 | 1258892 | 1255167 | 1465610 | 1295805 | 1422999 | 1566164 | 1481209 | 1620783 | 1607686 | 216200 |
Campingplassar | 219890 | 318270 | 345469 | 271790 | 372650 | 350238 | 367069 | 341668 | 289696 | 320641 | 290574 | 218031 | 263155 | 218640 | 298305 | 79209 |
Hyttegrender og vandrarheimar | 90020 | 136796 | 134210 | 105593 | 144009 | 141145 | 114512 | 125098 | 175093 | 197956 | 210456 | 201653 | 207106 | 169867 | 188741 | 35668 |
Mange stengde hotell
April var ein månad prega av mange stengde overnattingsverksemder. Fleire verksemder fekk pålegg av kommunelegen om å halde stengt for å hindre spreiing av koronavirus. Andre har vore stengde grunna reiserestriksjonar. Samanlikna med april 2019 var talet på opne overnattingsverksemder om lag 20 prosent lågare i april i år.
- Nedstenginga har vore særskilt stor i Oslo der to av tre hotell var stengd og i Innlandet der halvparten av hotella var stengd, fortel Kvile.
Det var ein kraftig reduksjon i hotellovernattingar i alle fylka. Størst var nedgangen på Svalbard og i Innlandet. Her vart talet på hotellovernattingar redusert med høvesvis 98 og 92 prosent. Rogaland hadde minst reduksjon med 71 prosent færre overnattingar.
Figur 2. Hotellovernattingar etter fylke, april 2019 og 2020
April 2019 | April 2020 | |
Viken | 261397 | 29734 |
Oslo | 347094 | 35675 |
Innlandet | 141962 | 11078 |
Vestfold og Telemark | 107981 | 10091 |
Agder | 58687 | 7739 |
Rogaland | 110339 | 32050 |
Vestland | 220804 | 35616 |
Møre og Romsdal | 61770 | 14522 |
Trøndelag | 128786 | 15558 |
Nordland | 60084 | 11657 |
Troms og Finnmark | 89092 | 12128 |
Svalbard | 19690 | 352 |
Større del som overnatta på campingplassar
Bant dei som overnatta på kommersielle overnattingsverksemder i april var delen som overnatta på campingplassar høgare enn i april i fjor. Dette skuldast at nedgangen av overnattingar på campingplassar var noko lågare enn for dei andre innkvarteringstypane.
- Fleire campingplassar opna i slutten av april, og vi tenker at det ikkje er uventa at fleire av dei som valde å overnatte, valde camping, der man har eigen vogn eller bil. Det blir interessant å følje denne utviklinga framover dei neste månadane for å sjå om trenden fortsett, seier Jarle Kvile.
Figur 3. Fordeling av overnattingar etter innkvarteringstype, april 2019 og april 2020
Hotell o.l. | Camping | Hyttegrender og Vandrarheimar | |
April 2019 | 76.7 | 14.2 | 9.0 |
April 2020 | 65.3 | 23.9 | 10.8 |
Faktaside
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
Boyd Oyier
-
SSBs informasjonstjeneste