Dei rikaste kjøpte 4 av 10 elbilar
Publisert:
Tidelen av hushalda med høgast inntekt kjøpte 37 prosent av nye elbilar i 2019. Same året kjøpte halvdelen med lågast inntekt til saman 10 prosent av førstegongsregistrerte elbilar.
- Tala er henta frå
- Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger
- Bilparken
- Artikkelen er del av serien
- Grønt skifte, Temaside
Av dei om lag 74 000 privateigde nybilane var nesten 46 000 elbilar, og 28 000 fossilbilar. Opplysningar frå Finansdepartementet viser at elbilkjøparar vart friteke for om lag 11 milliardar kroner i meirverdiavgift og eingongsavgift i 2019. Til samanlikning støtta staten barnefamiliar med om lag 17 milliardar i barnetrygd og kontantstøtte. Elbilpolitikken har difor viktige fordelingseffektar. Kopling av data frå Det sentrale motorvognregisteret og inntektsstatistikken for hushalda viser korleis eigarskap av elbilar varierer etter inntekt. Vi har sortert hushalda etter storleiken på hushaldsinntekta og delt inn i 10 like store grupper som blir kalla desil:
Desil 1: botn 10 prosent
Desil 2: 10-20 prosent
Desil 3: 20-30 prosent
Desil 4: 30-40 prosent
Desil 5: 40-50 prosent
Desil 6: 50-60 prosent
Desil 7: 60-70 prosent
Desil 8: 70-80 prosent
Desil 9: 80-90 prosent
Desil 10: topp 10 prosent.
Hushald med høg inntekt kjøper langt fleire nye bilar enn hushald med låg inntekt. I 2019 kjøpte 8,5 prosent av hushalda i Desil 10 ny bil mot berre 0,2 prosent av hushalda i Desil 1. Hushald med høg inntekt kjøper fleire elbilar enn fossilbilar, medan hushald med låg inntekt kjøper fleire fossilbilar enn elbilar. Resultata viser at 3 av 4 av dei nyregistrerte bilane til hushalda med høgast hushaldsinntekt var elbilar. Hushalda i Desil 10 kjøpte 37 prosent av alle nyregistrerte elbilar og 21 prosent av alle nyregistrerte fossilbilar. Den nedste halvdelen av desilane kjøpte 10 prosent av elbilane og 22 prosent av fossilbilane.
Figur 1. Mengda førstegongsregistrerte personbilar, etter hushaldsinntekt. Eksklusiv utanlandsstudentar og institusjonar. 2019
Elbilar | Diesel- eller bensinbilar | |
Desil 1 (Botn 10%) | 304 | 163 |
Desil 2 (10-20%) | 306 | 448 |
Desil 3 (20-30%) | 644 | 1111 |
Desil 4 (30-40%) | 1242 | 1649 |
Desil 5 (40-50%) | 2044 | 2523 |
Desil 6 (50-60%) | 3134 | 3428 |
Desil 7 (60-70%) | 4479 | 3727 |
Desil 8 (70-80%) | 6740 | 4109 |
Desil 9 (80-90%) | 9835 | 4602 |
Desil 10 (Topp 10%) | 16686 | 5626 |
I alt | 45414 | 27386 |
I 2019 kjøpte hushalda frå og med Desil 7 meir el- enn fossilbilar. Det er ei endring i høve til 2018. I 2018 kjøpte hushalda i desilane 1-8 mindre elbilar enn fossilbilar, medan elbil var mest populært i desilane 9 og 10. Desil 10 stod likevel for ein større del av alle elbilkjøp i 2019 enn i 2018.
Kvar femte elbil blir eigd av hushalda med høgast inntekt
Delen som eig elbil varierer sterkt etter hushaldsinntekt. I 2019 var det 39 gonger meir vanleg med elbil i hushalda gruppert i Desil 10 enn i Desil 1. Men mengda personar i dei 10 hushaldsgruppene er svært ulik. Hushalda med høgast inntekt, Desil 10, utgjorde tre gonger så mange personar som Desil 1. Med fleire vaksne i eit hushald er det fleire moglege bilbrukarar. For å få ei betre samanlikning mellom inntektsgruppene har vi sett på talet elbilar per vaksen i hushalda.
I 2019 var det 21 gongar fleire elbilar per vaksen i Desil 10 enn i Desil 1. Mengda bilar totalt per vaksen i hushalda stig med aukande inntekt, men mengda fossilbilar per vaksen er høgast i Desil 7. Frå og med Desil 8 er det den aukande mengde elbilar som gjer at den totale mengda bilar per vaksen i hushalda aukar. I Desil 10 har knapt 18 prosent av bilane elektrisk motor mot under 4 prosent i dei nedste fem desilane sett under eitt.
Figur 2. Mengda personbilar per vaksen i hushalda, etter hushaldsinntekt. Eksklusiv utanlandsstudentar og institusjonar. 2019
Elektriske bilar per vaksen i hushalda | Diesel- eller bensinbilar per vaksen i hushalda | |
Desil 1 (Botn 10%) | 0.0059 | 0.2240 |
Desil 2 (10-20%) | 0.0092 | 0.4106 |
Desil 3 (20-30%) | 0.0169 | 0.5375 |
Desil 4 (30-40%) | 0.0259 | 0.5758 |
Desil 5 (40-50%) | 0.0334 | 0.5963 |
Desil 6 (50-60%) | 0.0395 | 0.6105 |
Desil 7 (60-70%) | 0.0526 | 0.6329 |
Desil 8 (70-80%) | 0.0733 | 0.6327 |
Desil 9 (80-90%) | 0.0949 | 0.6125 |
Desil 10 (Topp 10%) | 0.1246 | 0.5864 |
I alt | 0.0476 | 0.5420 |
Mengda elbilar totalt per vaksen i hushalda auka med 32 prosent frå 2018 til 2019. I Desil 1 voks mengda sterkast. I dei tre øvste desilane var veksten minst. Frå 2018 til 2019 minska mengda fossilbilar per vaksen i hushalda totalt med 1 prosent. I dei tre nedste desilane vart det fleire fossilbilar, medan talet gjekk ned i dei andre desilane.
Inntekt- og formuestatistikken for hushalda bruker å ekskludera alle institusjons- og studenthushald. I desse tala er berre institusjonshushald og utanlandske studentar halde utanom. Dersom vi tek bort alle studenthushald søkk mengda elbilar i Desil 1 noko. Dei øvste desilane blir lite påverka av ulike avgrensingar. SSB har tidlegare publisert tal for den sosiale profilen til elbileigarane i 2018 som inkluderte alle hushald.
Oppdragsgiver: Samferdselsdepartementet
Faktasider
Kontakt
-
Geir Martin Pilskog
-
SSBs informasjonstjeneste