Færre norske hotellovernattingar i oktober
Publisert:
Overnattingar i oktober 2020 fall med 33 prosent mot same månad året før. Ein sterk nedgang på hotell førte til fallet, men det blei noko dempa av fleire norske overnattingar på campingplassar og hyttegrender.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,5 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i oktober i år. Det er om lag 730 000 færre enn i oktober i fjor. Talet på totale norske overnattingar gjekk ned med 23 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 70 prosent. Norske overnattingar fall med 29 prosent på hotella, medan dei auka med 13 prosent på campingplassar, og 21 prosent på hyttegrender og vandrarheim.
Restriksjonar for å stogge pandemien i oktober var særskilt knytt til innreise for utanlandske turistar, samt restriksjonar knytt til sosial distansering som gjerne gjer seg gjeldande på hotell, og dette synes godt i tala.
– Færre norske overnattingar i dei siste månadene før ei ny sosial nedstenging i november lover ikkje godt for resten av året, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.
Figur 1a. Totale norske overnattingar i år målt mot 2019
Januar | Februar | Mars | April | Mai | Juni | Juli | August | September | Oktober | |
2019 Norge | 1266501 | 1394123 | 1688783 | 1620061 | 1979317 | 2711985 | 4242158 | 2956620 | 2018340 | 1767649 |
2020 Norge | 1370525 | 1566396 | 741153 | 277367 | 959303 | 2211679 | 5890153 | 2902036 | 1622126 | 1364500 |
Figur 1b. Totale utanlandske overnattingar i år målt mot 2019
Januar | Februar | Mars | April | Mai | Juni | Juli | August | September | Oktober | |
2019 Utlandet | 451319 | 558165 | 571081 | 474671 | 751255 | 1549184 | 2333013 | 2002161 | 767914 | 464010 |
2020 Utlandet | 507041 | 639876 | 282066 | 53710 | 70618 | 127957 | 480916 | 610411 | 204795 | 138697 |
Store regionale skilnader
I oktober, som vi òg har sett i tidlegare månader under pandemien, var det store regionale skilnadar på storleiken på nedgangen i overnattingar målt mot same månad året før. Til tross for at fleire verksemder melde om ein relativt god høstferie, var det ein nedgang i alle landets fylke, sett bort frå Agder der overnattingane var på same nivå som oktober 2019. Nedgangen var spesielt stor i Oslo, Vestland, Viken og på Svalbard.
Figur 2. Prosentvis endring i overnattingar etter fylke. Oktober 2019 – oktober 2020
Prosent endring i overnattingar | |
Oslo | -64.63 |
Svalbard | -56.87 |
Viken | -37.91 |
Vestland | -35.81 |
Troms og Finmark | -33.94 |
Nordland | -20.69 |
Rogaland | -15.20 |
Trøndelag | -14.23 |
Vestfold og Telemark | -12.54 |
Møre og Romsdal | -7.53 |
Innlandet | -7.34 |
Agder | -0.04 |
Stor nedgang på hotell i oktober
Det var om lag 1,2 millionar overnattingar ved norske hotell i oktober i år. Dette er 38 prosent færre målt mot oktober i 2019. For hotella var det ein nedgang i både norske og utanlandske overnattingar. Det har i media helt sidan mars vore mykje omtale om tilnærma tomme hotell nokre stadar, noko tala på landsbasis òg langt på veg bekreftar. Vi ser at kapasitetsutnyttinga av rom for dei månadane det har vore størst restriksjonar i høve til sosial distansering og innreise frå utlandet, er betydelig lågare enn same månad i fjor.
Figur 3. Kapasitetsutnytting av rom i prosent på hotell. I år mot i fjor
Januar | Februar | Mars | April | Mai | Juni | Juli | August | September | Oktober | |
2019 | 47 | 50 | 55 | 45 | 55 | 69 | 67 | 69 | 61 | 54 |
2020 | 47 | 52 | 28 | 16 | 24 | 37 | 63 | 44 | 36 | 34 |
Overnattingstal for dei europeiske landa
Dei seinaste tala frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Europa betra seg noko i sommarmånadene samanlikna med dei første månadene av pandemien, men at nivået fortsatt låg langt under sommaren 2019. For fleire detaljer om overnattingar i EU, sjå eigen artikkel.
Faktaside
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
Sindre Torgals
-
SSBs informasjonstjeneste