Færre overnattingar

Publisert:

Det var ein nedgang i talet på overnattingar ved alle typar overnattingsbedrifter i Noreg i september i år målt mot september i fjor. Dette er den første månaden i 2018 der vi har sett nedgang innanfor alle former for overnattingar.

Overnattingsstatistikken visar at det var om lag 2,7 millionar overnattingar registrerte i september 2018. Dette er ein nedgang på 4,1 prosent målt mot same månad året før.

Det er hotella som har hatt minst nedgang i den kommersielle overnattingstrafikken, med 3 prosent, medan camping fall med 5,4 prosent og hyttegrender fall med 12 prosent.

Figur 1. Overnattingar, etter overnattingstype

Hotell sept. 2017 Hotell sept. 2018 Camping sept. 2017 Camping sept. 2018 Hyttegrend sept. 2017 Hyttegrend sept. 2018
Utenlandske 551778 533611 100300 89541 84430 81004
Norske 1580781 1535611 323758 311532 116300 95506

Nedgangen i samla overnattingar målt mot september i fjor er størst i Vestfold, Oslo og Rogaland. Trass i ein nedgang på landsbasis på over 100 000 overnattingar, var det ein auke i overnattingar i fylka Akershus, Møre og Romsdal og Finnmark.

Auken i Akershus og Finnmark kom som følgje av at fleire nordmenn overnatta, medan auken i Møre og Romsdal var i størst grad på grunn av fleire utanlandske overnattingar.

Færre hotellovernattingar i Oslo i september 2018

I løpet av september var det om lag 2,1 millionar overnattingar ved norske hotell, som er ein nedgang på 3 prosent samanlikna med september 2017. Nedgangen kan særlig knytast til færre hotellovernattingar i Oslo, der overnattingar gjekk ned med 5,5 prosent.

Ein auke i overnattingar i Møre og Romsdal og Akershus bidrog til å dempe nedgangen. På Svalbard var det óg ein auke i hotellovernattingane, på 16 prosent.

Færre britar, fleire amerikanarar

For landet som heile var det nedgang i både norske og utanlandske hotellovernattingar. Færre overnattingar med gjester frå Storbritannia var ein viktig orsak til nedgang i utanlandske overnattingar. På den motsette sida var det 20 prosent fleire amerikanarar som overnatta på hotell i Noreg målt mot same månad året før. Auken av amerikanarar i sommarmånadene i 2018 har tidlegare vore omtale i artikkelen amerikanarane kommer.

Uendra rompris men lågare losjiomsetning

Gjennomsnittsprisen per rom var 987 kroner i september i år, dette er på om lag  same nivå som i september 2017. Losjiomsetninga er derimot 2,4 prosent lågare.

Hordaland hadde størst reduksjon i både losjiomsetning og pris per rom med høvesvis 20 og 16 prosent, dette kan forklarast med sykkel-VM i september 2017, der det var høgt belegg og høgare prisar i Bergensområdet under dette arrangementet. Rogaland var fylket med nest størt nedgang i losjiomsetning, med 13 prosent. Akershus, Møre og Romsdal og Svalbard hadde ein oppgang i losjiomsetning.

Losjiomsetning per tilgjengelige rom(RevPar) fall 5,1 prosent til 593 kroner sett for heile landet. Målt i RevPar, var det fylka Vestfold og Hordaland som opplevde den største prosentvise nedgangen, medan Møre og Romsdal og Østfold på si side fekk den største auken.

Figur 2. Losjiomsetning per tilgjengelig rom. September 2018

ØSTFOLD 542
AKERSHUS 724
OSLO 917
HEDMARK 460
OPPLAND 376
BUSKERUD 493
VESTFOLD 341
TELEMARK 409
AUST-AGDER 408
VEST-AGDER 432
ROGALAND 466
HORDALAND 633
SOGN OG FJORDANE 561
MØRE OG ROMSDAL 500
TRØNDELAG 575
NORDLAND 573
TROMS 523
FINNMARK 464
SVALBARD 824
Figur 2. Losjiomsetning per tilgjengelig rom. September 2018
ØSTFOLD 542
AKERSHUS 724
OSLO 917
HEDMARK 460
OPPLAND 376
BUSKERUD 493
VESTFOLD 341
TELEMARK 409
AUST-AGDER 408
VEST-AGDER 432
ROGALAND 466
HORDALAND 633
SOGN OG FJORDANE 561
MØRE OG ROMSDAL 500
TRØNDELAG 575
NORDLAND 573
TROMS 523
FINNMARK 464
SVALBARD 824

Mindre bruk av campingplassar

  • 401 000 overnattingar i september 2018
  • Bubil overnattingar auka med 30 prosent
  • Norske overnattingar gjekk ned 3,8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 11 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 177 000 overnattingar i september 2018
  • Norske overnattingar gjekk ned 18 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 4,1 prosent
  • Størst nedgang i Vest-Agder og Oppland

Frå figuren under kan ein sjå at om lag ein av fem overnattingar i september var på campingplassar og hyttegrender.  I august var det til samanlikning ein av tre.

Figur 3 . Andel av overnattingar etter overnattingsmåte i september 2018

Hotell o.l. Camping Hyttegrender Vandrerhjem
Prosent 77 15 7 1