Færre overnattingar i februar
Publisert:
Samla sett var det 2,7 prosent færre overnattingar i februar 2019 enn i den same månaden åre før. Denne nedgangen skuldast lågare tal på overnattingar ved hyttegrender i høve til februar 2018.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken visar det var 2 millionar overnattingar registrert i februar 2019 i den kommersielle overnattingstrafikken. Dette er ein nedgang på 54 000 i høve til februar 2018. Nedgangen har vore størst for norske overnattingar.
Figur1. Overnattingar, etter overnattingstype
Hotell feb. 2018 | Hotell feb. 2019 | Camping feb. 2018 | Camping feb. 2019 | Hyttegrend feb. 2018 | Hyttegrend feb. 2019 | |
Norske | 1220341 | 1209159 | 108055 | 108389 | 89344 | 66220 |
Utenlandske | 414931 | 423835 | 22467 | 20232 | 135645 | 109838 |
Figur 2. Overnattingar totalt etter fylke. Februar 2019
ØSTFOLD | 28764 |
AKERSHUS | 148627 |
OSLO | 333144 |
HEDMARK | 101836 |
OPPLAND | 182465 |
BUSKERUD | 212628 |
VESTFOLD | 35914 |
TELEMARK | 55014 |
AUST-AGDER | 25309 |
VEST-AGDER | 36382 |
ROGALAND | 110192 |
HORDALAND | 167449 |
SOGN OG FJORDANE | 34996 |
MØRE OG ROMSDAL | 59693 |
TRØNDELAG | 145483 |
NORDLAND | 94751 |
TROMS | 126104 |
FINNMARK | 37787 |
SVALBARD | 15750 |
ØSTFOLD | 28764 |
AKERSHUS | 148627 |
OSLO | 333144 |
HEDMARK | 101836 |
OPPLAND | 182465 |
BUSKERUD | 212628 |
VESTFOLD | 35914 |
TELEMARK | 55014 |
AUST-AGDER | 25309 |
VEST-AGDER | 36382 |
ROGALAND | 110192 |
HORDALAND | 167449 |
SOGN OG FJORDANE | 34996 |
MØRE OG ROMSDAL | 59693 |
TRØNDELAG | 145483 |
NORDLAND | 94751 |
TROMS | 126104 |
FINNMARK | 37787 |
SVALBARD | 15750 |
Uendra tal på hotellovernattingar
I løpet av februar var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, om lag uendra frå same månad året før. Talet på norske hotellovernattingar gjekk ned, medan utanlandske gjekk tilsvarande opp.
Det har vore ein nedgang i talet på hotellovernattingar målt mot februar i fjor i Oppland, Oslo og Vestfold. Samstundes har det vore fleire hotellovernattingar i Rogaland, Akershus og Hordaland. Høgare aktivitet i leverandørindustrien som har hovudtyngda på vestlandet kan ha medverka til auken i hotellovernattingar i Rogaland.
Nedgang i hyttegrendene
Hyttegrender opplevde ein nedgang på 22 prosent samanlikna med februar 2018. Nordmenns overnattingar ved hyttegrendene fall med 26 prosent frå februar 2018 til februar 2019 medan utanlandske overnattingar fall med 19 prosent i same periode. Totalt var det 176 000 overnattingar på hyttegrender i februar 2019. Det er det lågaste februartalet på overnattingar ved hyttegrender på fleire år.
Figur 3. Overnattingar i hyttegreder for februar. 2014-2019
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
I alt | 215631 | 237554 | 239525 | 206043 | 224989 | 176058 |
Utlandet | 122104 | 132666 | 136744 | 127067 | 135645 | 109838 |
Norge | 93527 | 104888 | 102781 | 78976 | 89344 | 66220 |
Litt færre campingovernattingar
- 129 000 overnattingar i februar 2019
- 1,5 prosent nedgang mot februar 2018
- Norske overnattingar gjekk opp 0,3 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 9,9 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard
- 16 000 overnattingar i februar 2019
- Auke på 20 prosent mot februar 2018
- Både utanlandske og norske overnattingar gjekk opp 20 prosent
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
Jacob Andreas Osnes
-
SSBs informasjonstjeneste