Fleire hotellovernattingar i mars

Publisert:

I mars 2017 var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell – 9 prosent fleire enn i den same månaden i 2016.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Mars 2016 Mars 2017
I alt 1642001 1789475
Noreg 1225984 1409257
Utlandet 416017 380218

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 15 prosent, frå mars 2016 og enda på 1,4 millionar i mars 2017. I det same tidsrommet gjekk talet på utanlandske overnattingar ned 9 prosent til  380 000 overnattingar. 

Sett i høve til mars 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 18 prosent, frå 1 019 millionar til 1 203 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var  941 kroner i mars i år, noko som er 2 prosent høgare samanlikna med mars 2016.

Talet på overnattingar i samband med ferie- og fritid gjekk ned 6 prosent frå mars 2016, medan kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar  gjekk opp  høvesvis 38 og 17 prosent.

Det er viktig å leggje merke til at heila påska i 2016 var i mars, medan heile påska i år var i april. I påskemånaden er det som regel færre yrkes- og kursovernattingar, men fleire ferieovernattingar på hotella.

 

Færre campingovernattingar

  • 139 000 overnattingar i mars 2017
  • 46 prosent nedgang sidan mars 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 51 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 6 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 224 000 overnattingar
  • 19 prosent nedgang frå mars 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 30 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 7 prosent

Fleire overnattingar på Svalbard

  • 15 000 overnattingar på Svalbard
  • 1 prosent fleire enn mars 2016
  • 73 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar.