Fleire nordmenn enn utlendingar overnatta
Publisert:
Frå 2018 til 2019 har talet på overnattingar i Noreg auka med 4 prosent, der sju av ti overnattingar i 2019 vart gjort av nordmenn. 2019 var det sjette året på rad med rekord i totale overnattingar.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Tal frå Overnattingsstatistikken syner at det var gjort 35,2 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg i 2019. Det var 780 000 fleire norske, og 560 000 fleire utanlandske overnattingar i 2019 samanlikna med året før. Det var særleg ein auke i hotellovernattingar, samt noko fleire overnattingar på campingplassar. Førebelse tal frå Eurostat syner at talet på overnattingar i EU-landa auka med 2,4 prosent frå 2018 til 2019.
Tal frå EU-landa for perioden januar til november 2019 syner at litt over halvparten av overnattingane vart i gjennomsnitt gjort av landets borgarar. Det er verdt å merke seg at det var store skilnader mellom dei ulike EU-landa. Sverige og Finland var om lag som i Noreg. På Island var heile ni av ti overnattingar gjort av utlendingar, og på klassiske feriedestinasjonar som Kroatia og Hellas var også majoriteten av overnattingane gjort av utlendingar.
Figur 1. Innan- og utanlandske overnattingar per land, andelar. Januar til november 2019
Innanlandske overnattingar | Utanlandske overnattingar | |
Romania | 82.4 | 17.6 |
Poland | 80.2 | 19.8 |
Tyskland | 79.8 | 20.2 |
Sverige | 74.8 | 25.2 |
Noreg | 70.7 | 29.3 |
Finland | 70.6 | 29.4 |
Frankrike | 69.5 | 30.5 |
Slovakia | 64.9 | 35.1 |
Nederland | 62.5 | 37.5 |
Danmark | 62.5 | 37.5 |
Serbia | 60.6 | 39.4 |
Storbritannia | 56.6 | 43.4 |
Litauen | 53.7 | 46.3 |
EU - 28 land | 53.3 | 46.7 |
Tsjekkia | 53.0 | 47.0 |
Ungarn | 52.9 | 47.1 |
Belgia | 50.0 | 50.0 |
Italia | 48.8 | 51.2 |
Irland | 45.8 | 54.2 |
Estland | 37.1 | 62.9 |
Spania | 36.0 | 64.0 |
Portugal | 33.3 | 66.7 |
Kosovo | 32.8 | 67.2 |
Bulgaria | 32.5 | 69.9 |
Nord-Makedonia | 31.3 | 68.7 |
Latvia | 30.1 | 69.9 |
Austerrike | 29.0 | 71.0 |
Slovenia | 27.5 | 72.5 |
Hellas | 15.3 | 84.7 |
Island | 12.3 | 87.7 |
Luxembourg | 11.5 | 88.5 |
Montenegro | 10.0 | 90.0 |
Kroatia | 7.5 | 92.5 |
Kypros | 5.4 | 94.6 |
Malta | 4.3 | 95.7 |
Liechtenstein | 1.9 | 98.1 |
Regionale skilnader
Både overnattingar av nordmenn og utlendingar var høgast i Oslo i 2019. Trøndelag var det fylke med nest flest norske overnattingar, medan Hordaland hadde nest mest utanlandske overnattingar. Sogn og Fjordane var det einaste fylket med fleire utanlandske enn norske overnattingar. Svalbard, Hordaland og Troms var og nesten like populært blant utanlandske som norske. Andelen utanlandske overnattingar var minst Vestfold og Østfold.
Figur 2. Utanlandske overnattingar, andelar av totale overnattingar. 2019
Andelar | |
ØSTFOLD | 12.2 |
AKERSHUS | 22.2 |
OSLO | 35.7 |
HEDMARK | 25.9 |
OPPLAND | 25.4 |
BUSKERUD | 30.3 |
VESTFOLD | 14.3 |
TELEMARK | 18.9 |
AUST-AGDER | 19.5 |
VEST-AGDER | 16.4 |
ROGALAND | 27.3 |
HORDALAND | 41.0 |
SOGN OG FJORDANE | 51.9 |
MØRE OG ROMSDAL | 37.9 |
TRØNDELAG | 18.6 |
NORDLAND | 37.5 |
TROMS | 40.8 |
FINNMARK | 39.2 |
SVALBARD | 45.0 |
Andelar | |
ØSTFOLD | 12.2 |
AKERSHUS | 22.2 |
OSLO | 35.7 |
HEDMARK | 25.9 |
OPPLAND | 25.4 |
BUSKERUD | 30.3 |
VESTFOLD | 14.3 |
TELEMARK | 18.9 |
AUST-AGDER | 19.5 |
VEST-AGDER | 16.4 |
ROGALAND | 27.3 |
HORDALAND | 41.0 |
SOGN OG FJORDANE | 51.9 |
MØRE OG ROMSDAL | 37.9 |
TRØNDELAG | 18.6 |
NORDLAND | 37.5 |
TROMS | 40.8 |
FINNMARK | 39.2 |
SVALBARD | 45.0 |
Fleire overnattingar på campingplassar
Overnattingar registrert på campingplassar auka med 1,4 prosent i 2019 samanlikna med året før. Overnattingar i bubilar og hytter auka med høvesvis 8,7 og 7,2 prosent medan overnattingar i telt og campingvognar gjekk ned 7,4 prosent.
- 7,5 millionar overnattingar på campingplassar i 2019
- Norske overnattingar gjekk ned 0,9 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 7,5 prosent
Færre overnattingar på hyttegrendene
- 2,3 millionar overnattingar i 2019
- 1,8 prosent nedgang sidan 2018
- Norske overnattingar gjekk ned 4,2 prosent
- Utanlandske overnattingar var uendra
Auke i utanlandske overnattingar på Svalbard
- 166 000 overnattingar i 2019
- 7 prosent oppgang sidan 2018
- Norske overnattingar gjekk opp 1 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 15 prosent
Figur 3 . Andel av overnattingar etter innkvarteringstype 2019
Hotell o.l. 71% | Camping 21% | Hyttegrender 7% | Vandrerhjem 1% | |
Prosent | 71 | 21 | 7 | 1 |
11 prosent fleire overnattingar i desember
I desember 2019 var det i overkant av 1,6 millionar overnattingar i Noreg. Hotellovernattingar gjekk opp 10 prosent medan overnattingar på campingplassar og hyttegrender auka med høvesvis 16 og 28 prosent målt mot desember 2018.
Norske og utanlandske overnattingar auka med høvesvis 9,0 og 16 prosent
Faktaside
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
Sindre Torgals
-
SSBs informasjonstjeneste