Fleire nordmenn sov på hotell i Oslo

Publisert:

Det var ein auke i talet på overnattingar ved hotell, campingplassar og hyttegrender i Noreg i august i år målt mot august i fjor. Det var særleg ei auke i hotellovernattingar i Oslo som bidrog til dette.

Tal frå Overnattingsstatistikken syner at det var gjort nesten 5 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg i august 2019. Dette er 5,2 prosent fleire enn i august i fjor. Norske overnattingar auka med 4,5 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 6,4 prosent. Fleire overnattingar frå Tyskland, Nederland og Frankrike bidrog mest til auka.

Figur 1. Overnattingar, etter overnattingstype

Norske Utenlandske
Aug. 2019 137977 203842
Aug. 2018 144030 193513
Hyttegrend
Aug. 2019 849801 629934
Aug. 2018 847930 551339
Camping
Aug. 2019 1942723 1136304
Aug. 2018 1813341 1102879
Hotell

Fleire hotellovernattingar i Oslo

I løpet av august var det 3,1 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 5,6 prosent mot august i fjor. Både utanlandske og norske overnattingar auka, med høvesvis 7,1 og 3,0 prosent. Auken kan særlig knytast til fleire norske hotellovernattingar i Oslo. Blant dei utanlandske gjestane i Oslo var det flest amerikanare, tyskarar og spanjolar.

I Oslo vart det i august 2019 registrert langt fleire overnattingar med ferie og fritid som formål enn i same månad i fjor. Det var færre overnattingar knyta til yrke, kurs og konferansar.

Figur 2 . Overnattingar i Oslo i august

Aug. 2015 Aug. 2016 Aug. 2017 Aug. 2018 Aug. 2019
I alt 492280 539084 561475 546962 618157
Utlandet i alt 247695 266171 268263 253239 266817
Norge 244585 272913 293212 293723 351340

Uendra rompris og høgare losjiomsetning

Gjennomsnittsprisen per rom på hotella var 1 008 kroner i august i år, dette er om lag uendra frå august 2018. Losjiomsetninga var 6,2 prosent høgare. Losjiomsetning per tilgjengelige rom (RevPar) for Noreg er om lag uendra, samstundes er det store variasjonar blant fylka. Målt i RevPar, var det fylka Rogaland og Telemark som opplevde den største prosentvise nedgangen, medan Vestfold og Troms på si side fekk den største auken.

Figur 3. Losjiomsetning per tilgjengelig rom. August 2019

ØSTFOLD 612
AKERSHUS 577
OSLO 891
HEDMARK 441
OPPLAND 535
BUSKERUD 546
VESTFOLD 530
TELEMARK 470
AUST-AGDER 722
VEST-AGDER 691
ROGALAND 519
HORDALAND 924
SOGN OG FJORDANE 857
MØRE OG ROMSDAL 744
TRØNDELAG 746
NORDLAND 713
TROMS 568
FINNMARK 494
SVALBARD 1326
Figur 3. Losjiomsetning per tilgjengelig rom. August 2019
ØSTFOLD 612
AKERSHUS 577
OSLO 891
HEDMARK 441
OPPLAND 535
BUSKERUD 546
VESTFOLD 530
TELEMARK 470
AUST-AGDER 722
VEST-AGDER 691
ROGALAND 519
HORDALAND 924
SOGN OG FJORDANE 857
MØRE OG ROMSDAL 744
TRØNDELAG 746
NORDLAND 713
TROMS 568
FINNMARK 494
SVALBARD 1326

Fleire utanlandske overnattingar på camping

  • 5,8 prosent fleire overnattingar enn august 2018
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 14 prosent
  • Norske overnattingar var uendra
  • Bubil overnattigar auka med 15 prosent

Oppgang på hyttegrendene

  • Norske overnattingar gjekk ned 4,2 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 5,3 prosent

Kontakt