Fleire overnatta på hotell i august
Publisert:
Talet på hotellovernattingar auka med 1,6 prosent i august samanlikna med august i fjor. Oppgangen galdt både nordmenn og utlendingar.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken viser ein liten nedgang i totale overnattingar blant dei komersielle overnattingsaktørane på 0,4 prosent i august 2018, samanlikna med den same månaden i fjor. Norske overnattingar syner ein nedgang på 1,5 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 1,3 prosent.
Det var ein auke i hotellovernattingar frå både nordmenn og utlendingar, på høvesvis 2,1 og 0,7 prosent samanlikna med august 2017. Den samla auken var på 45 000 overnattingar. Losjiomsetninga for hotella gjekk opp med 6,6 prosent, medan losjiomsetning per tilgjengelige rom steig 5,5 prosent.
Samstundes gjekk overnattingar på campingplassar ned med 3,1 prosent og hyttegrender ned 5,5 prosent i den same perioden.
Figur 1. Hotellovernattingar, etter gjestane sitt bustadland
August 2017 | August 2018 | |
I alt | 2871426 | 2916220 |
Noreg | 1776099 | 1813341 |
Utlandet | 1095327 | 1102879 |
Delen bubilar aukar
Det var færre norske overnattingar som var årsaka til den samla nedgangen i campingovernattignar. Utanlandske overnattingar gjekk derimot noko opp. I august var det om lag 337 000 registrerte overnattingar i bubilar og om lag det same i telt/campingvogner. For bubilar var dette 23 prosent fleire overnattingar enn august 2017, medan det for telt/campingvogner var 22 prosent lågare.
Figur 2. Campingovernattingar
August 2017 | August 2018 | |
Telt/vogn | 429582 | 336682 |
Bubil | 273499 | 336781 |
Hytte | 357627 | 353020 |
Sesongkontrakt | 382845 | 372786 |
Fortsatt vekst på Svalbard
På Svalbard var det 10 prosent fleire overnattingar i august 2018 enn i august 2017. Her var det ein oppgang for både utanlandske og norske overnattingsgjestar.
Kontakt
-
Jarle Kvile
-
Nils-Arne Rye Krøtø
-
Jacob Andreas Osnes
-
Arild Krogh
-
SSBs informasjonstjeneste