Fleire overnattingar i januar

Publisert:

Samla sett var det 1,8 prosent fleire overnattingar i januar 2019 enn i den same månaden året før. Denne auken kjem av ei moderat auke i overnattingar ved hotell.

Overnattingsstatistikken visar det det var 1,7 millionar overnattingar registrert i januar 2019 i den kommersielle overnattingstrafikken. Dette er ein auke på 30 000 i høve til januar 2018. Endringane i overnattingar kom av at det var fleire norske overnattingar i januar sett i høve til januar i fjor. Talet på utanlandske overnattingar gjekk litt  ned.

Figur 1. Overnattingar, etter overnattingstype

Hotell jan. 2018 Hotell jan. 2019 Camping jan. 2018 Camping jan. 2019 Hyttegrend jan. 2018 Hyttegrend jan. 2019
Utenlandske 335078 332991 15445 14299 99314 100827
Norske 1092348 1124849 77734 79721 55812 52275

Fleire hotellovernattingar

I løpet av januar var det 1,5 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er ein auke på 2,1 prosent samanlikna med januar 2018. Talet på norske hotellovernattingar auka medan utanlandske gjekk ned.

Det har vore størst auke i talet på overnattingar i Oslo, Rogaland og Akershus. Samstundes har det vore færre hotellovernattingar i Oppland og Vest Agder.

Figur 2. Hotellovernattingar etter fylke. Januar 2019

ØSTFOLD 23089
AKERSHUS 161173
OSLO 324766
HEDMARK 66579
OPPLAND 72709
BUSKERUD 101236
VESTFOLD 31485
TELEMARK 25508
AUST-AGDER 9723
VEST-AGDER 26244
ROGALAND 103122
HORDALAND 127287
SOGN OG FJORDANE 21015
MØRE OG ROMSDAL 47505
TRØNDELAG 111917
NORDLAND 56600
TROMS 110732
FINNMARK 28779
SVALBARD 8371
Figur 2. Hotellovernattingar etter fylke. Januar 2019
ØSTFOLD 23089
AKERSHUS 161173
OSLO 324766
HEDMARK 66579
OPPLAND 72709
BUSKERUD 101236
VESTFOLD 31485
TELEMARK 25508
AUST-AGDER 9723
VEST-AGDER 26244
ROGALAND 103122
HORDALAND 127287
SOGN OG FJORDANE 21015
MØRE OG ROMSDAL 47505
TRØNDELAG 111917
NORDLAND 56600
TROMS 110732
FINNMARK 28779
SVALBARD 8371

Fleire til Svalbard

Hotellovernattingar på Svalbard auka med 23 prosent i januar 2019 målt mot januar 2018. Dette er ein del av ein lengre trend med stadig fleire hotellovernattingar på Svalbard, også utanfor den tradisjonelle sesongen for turistar. I ein månad med relativt like kapasitetsutnytting for heile landet sett under eitt, skilde Svalbard seg ut med auka kapasitetsutnytting.

Målt mot januar 2018 er det også på Svalbard fleire norske overnattingar som bidrar klart mest til auka.

Figur 3. Overnattingar på Svalbard for januar. 2014-2019

2014 2015 2016 2017 2018 2019
I alt 3297 4913 6664 7989 6714 8371
Utlandet 938 1523 2028 3454 3013 3413
Norge 2359 3390 4636 4535 3701 4958

Litt fleire campingovernattingar

  • 94 000 overnattingar i januar 2019
  • 0,9  prosent oppgang mot  januar 2018
  • Norske overnattingar gjekk opp 2,6 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 7,4 prosent

Litt færre overnattingar på hyttegrendene

  • 153 000 overnattingar i januar 2019
  • Nesten dobbelt så mange utlendingar som nordmenn overnatta på hyttegrender
  • Norske overnattingar gjekk ned 6,3 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 1,5 prosent

Fleire land i statistikken

Frå og med januar 2019 vil statistikken over overnattingar inkludere fleire bustadland. Desse landa inngjekk tidlegare i «Resten av Europa»: Albania, Andorra, Bosnia, Bulgaria, Hviterussland, Kosovo, Kroatia, Makedonia, Moldova og Monaco. Desse landa inngjekk tidlegare i «Resten av Asia»: De Forente Arabiske Emirater, India, Indonesia, Malaysia, Qatar, Singapore, Taiwan og Thailand.