Fleire overnattingar i januar
Publisert:
Samla sett var det 9,3 prosent fleire overnattingar i januar 2020 enn i same månaden i fjor. Det var fleire overnattingar ved alle innkvarteringstypar, samt fleire i nesten alle fylker.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken visar det det var 1,9 millionar overnattingar registrert i januar 2020 i den kommersielle overnattingsstrafikken. Dette er ein auke på 160 000 i høve til januar 2019. To tredelar av denne auka kom som ein følgje av fleire norske overnattingar, medan dei utanlandske stod for resten.
Figur 1. Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar i januar
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
I alt | 1640465 | 1614820 | 1612158 | 1687736 | 1717820 | 1877566 |
Norge | 1219519 | 1191717 | 1203702 | 1235097 | 1266501 | 1370525 |
Utlandet i alt | 420946 | 423103 | 408456 | 452639 | 451319 | 507041 |
Fleire hotellovernattingar
I løpet av januar var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er ein auke på 8,9 prosent samanlikna med januar 2019. Både norske og utanlandske overnattingar auka, med høvesvis 7,3 og 14 prosent.
Det har vore størst auke i talet på overnattingar i Trøndelag, Rogaland og Vestfold og Telemark¹. Det einaste fylket med færre hotellovernattingar var Møre og Romsdal, og der var det berre ei lita nedgang.
Fleire til Svalbard
Hotellovernattingar på Svalbard auka med 3,9 prosent i januar 2020 målt mot januar 2019. Norske overnattingar sank med 20 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 38 prosent. Sjå også artikkelen Utlendingene strømmet til Svalbard.
Vekst i overnattingar på hyttegrendene
Summen av overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar auka med 11 prosent samanlikna med tal frå januar 2019.
- 185 000 overnattingar i januar 2020
- Norske overnattingar gjekk opp 13 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 10 prosent
Fleire campingovernattingar
- 106 000 overnattingar i januar 2020
- 12 prosent oppgang mot januar 2019
- Norske overnattingar gjekk opp 17 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 14 prosent
Figur 2. Andel av overnattingar etter innkvarteringstype januar 2020
Hotell o.l. 85 % | Camping 6 % | Hyttegrend og vandrerhjem 10 % | |
Prosent | 85 | 6 | 10 |
¹ Når man har samanlikna fylkestal frå 2020 med tal frå 2019, er 2019-tala laga ved å summere tal frå fylka som vart slått saman i 2020. I dei tilfella ein kommune har endra fylke har det ikkje blitt teke omsyn til. Det er derfor noko usikkerheit knytta til samanlikningar.
Faktaside
Kontakt
-
Jarle Kvile
-
Sindre Torgals
-
Kristin Aasestad
-
SSBs informasjonstjeneste