Fleire overnattingar
Publisert:
Alle typar overnattingsverksemder hadde fleire overnattingar i september 2019 samanlikna med same månaden året før. Nok ein gong var det hotella som bidrog mest til veksten.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Tal frå Overnattingsstatistikken syner at det var omlag 2,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg i september 2019. Dette er 112 000 fleire overnattingar enn i september 2018. Brorparten av auken var ved hotella med heile 106 000 fleire overnattingar.
Figur 1. Overnattingar, etter overnattingstype
Norske | Utenlandske | |
Sept. 2019 | 90157 | 87466 |
Sept. 2018 | 89722 | 87080 |
Hyttegrend: | ||
Sept. 2019 | 304821 | 99558 |
Sept. 2018 | 311532 | 89541 |
Camping: | ||
Sept. 2019 | 1607517 | 568076 |
Sept. 2018 | 1535611 | 533611 |
Hotell: |
Store forskjellar på fylka
I løpet av september var det rett under 2,2 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på om lag 5,1 prosent frå september i fjor. Det var stor variasjon mellom fylka, nokon hadde solid auke i talet på hotellovernattingar; Oslo og Rogaland aleine stod for nesten tre fjerdedelar av veksten. Andre fylke opplevde derimot nedgang. Hedmark og Møre og Romsdal var fylka med størst nedgang med om lag 4 000 færre overnattingar kvar.
Både utanlandske og norske hotellovernattingar auka i september, med høvesvis 6,5 og 4,7 prosent.
Figur 2. Endring i overnattingar på hotell frå september 2018 til september 2019. Fylke. Prosent
ØSTFOLD | 4.8 |
AKERSHUS | 1.3 |
OSLO | 11.4 |
HEDMARK | -8.2 |
OPPLAND | -1.4 |
BUSKERUD | -1.8 |
VESTFOLD | -3.5 |
TELEMARK | 4.5 |
AUST-AGDER | -7.2 |
VEST-AGDER | 2.1 |
ROGALAND | 22.5 |
HORDALAND | 5.7 |
SOGN OG FJORDANE | 5.5 |
MØRE OG ROMSDAL | -4.3 |
TRØNDELAG | 3.4 |
NORDLAND | 5.5 |
TROMS | 6.0 |
FINNMARK | 1.0 |
SVALBARD | -2.4 |
ØSTFOLD | 4.8 |
AKERSHUS | 1.3 |
OSLO | 11.4 |
HEDMARK | -8.2 |
OPPLAND | -1.4 |
BUSKERUD | -1.8 |
VESTFOLD | -3.5 |
TELEMARK | 4.5 |
AUST-AGDER | -7.2 |
VEST-AGDER | 2.1 |
ROGALAND | 22.5 |
HORDALAND | 5.7 |
SOGN OG FJORDANE | 5.5 |
MØRE OG ROMSDAL | -4.3 |
TRØNDELAG | 3.4 |
NORDLAND | 5.5 |
TROMS | 6.0 |
FINNMARK | 1.0 |
SVALBARD | -2.4 |
Svalbard
Svalbard hadde 11 440 hotellovernattingar i september. Det var ein reduksjon på 2,4 prosent målt mot september i 2018. Ein av tre hotellovernattingar på Svalbard stod utlendingar for og det var denne gruppa som bidrog til reduksjonen. Bland dei utanlandske turistane var det flest tyskarar, etterfølgt av amerikanarar og britar i september. Talet på dei norske hotellovernattingane var så å seie like i september 2018 og i september 2019.
Figur 3 . Overnattingar på Svalbard for september. 2014-2019
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
I alt | 8821 | 10298 | 9443 | 10077 | 11724 | 11440 |
Norge | 6691 | 6839 | 6269 | 5877 | 7557 | 7569 |
Utlandet | 2130 | 3459 | 3174 | 4200 | 4167 | 3871 |
Fleire utanlandske overnattingar på camping ...
- 404 000 overnattingar på campingplassar i september 2019
- Utanlandske overnattingar gjekk opp med 11 prosent
- Norske vart redusert med 2,1 prosent
… og på hyttegrendene
- Rett under 177 000 overnattingar på hyttegrender i september 2019
- Utanlandske overnattingar gjekk opp med 7,5 prosent
- Norske vart redusert med 6 prosent
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Guro Henriksen
-
SSBs informasjonstjeneste