Flest overnattingar nokon gong
Publisert:
Det blei registrert 6,6 millionar overnattingar i juli i år. Dette er det høgste talet SSB har registrert i løpet av ein enkelt månad. Rekordmange overnattingar på hotell og ei auke på campingplassane var årsaken til dette.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken syner at det var nesten 300 000 fleire registrerte overnattingar i juli i år i den kommersielle overnattingstrafikken enn i juli i fjor. Norske overnattingar auka med 3,2 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 7,1 prosent. Fleire overnattingar frå USA, Tyskland og Sverige bidrog mest til auka i utanlandske overnattingar.
Talet på registrerte overnattingsverksemder har auka med høvesvis 3,5 prosent på hotell og 16 prosent på campingplassane, medan dei har falt 7,8 prosent på hyttegrendene.
Figur 1. Totale overnattingar i juli siste fem år
Juli 2015 | Juli 2016 | Juli 2017 | Juli 2018 | Juli 2019 | |
Norske | 3839951 | 4157026 | 4081999 | 4111511 | 4242158 |
Utenlandske | 1803581 | 2048438 | 2132043 | 2177784 | 2333013 |
Rekordmange hotellovernattingar
I løpet av juli var det 3,4 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 6 prosent mot juli i fjor. Både dei utanlandske og dei norske overnattingane auka, med høvesvis 5,2 og 7,5 prosent.
I den tradisjonelle feriemånaden juli, var det 7,5 prosent fleire overnattingar med ferie og fritid som formål. Fylka med størst auke var Oslo og Vestfold, samanlikna med juli i fjor.
Fleire også på camping
Det var også ei sterk auke i talet på registerte campingovernattingar i juli i år målt mot juli i fjor. Samla sett auka overnattingane med om lag 100 000 til 2,7 millionar overnattingar. Dette er det høgste talet registrert på campingplassane på sidan 2009.
Denne auka kjem av at det blei registrert fleire overnattingar på bubilar og i hytter på campingplassane, medan overnattingar i telt og campingvogner fall kraftig. Blant bubilovernattingane var det særskild Sogn og Fjordane og Telemark som bidrog mest til auka.
Figur 2. Overnattingar på campingplassar etter fylke. Juli 2019
ØSTFOLD | 137487 |
AKERSHUS | 7874 |
OSLO | 57053 |
HEDMARK | 113294 |
OPPLAND | 306475 |
BUSKERUD | 168694 |
VESTFOLD | 294574 |
TELEMARK | 214812 |
AUST-AGDER | 217649 |
VEST-AGDER | 116499 |
ROGALAND | 111600 |
HORDALAND | 165135 |
SOGN OG FJORDANE | 206003 |
MØRE OG ROMSDAL | 170506 |
TRØNDELAG | 176378 |
NORDLAND | 161893 |
TROMS | 61369 |
FINNMARK | 46588 |
SVALBARD |
ØSTFOLD | 137487 |
AKERSHUS | 7874 |
OSLO | 57053 |
HEDMARK | 113294 |
OPPLAND | 306475 |
BUSKERUD | 168694 |
VESTFOLD | 294574 |
TELEMARK | 214812 |
AUST-AGDER | 217649 |
VEST-AGDER | 116499 |
ROGALAND | 111600 |
HORDALAND | 165135 |
SOGN OG FJORDANE | 206003 |
MØRE OG ROMSDAL | 170506 |
TRØNDELAG | 176378 |
NORDLAND | 161893 |
TROMS | 61369 |
FINNMARK | 46588 |
SVALBARD |
Fleire utanlandske på Svalbard
- 2,1 prosent fleire overnattingar enn i juli 2018
- Norske overnattingar gjekk ned 15 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 16 prosent
- Fleire frå Kina bidrar mest til auka
Om lag uendra på hyttegrendene
- 413 000 overnattingar i juli 2019
- Norske overnattingar gjekk ned 2,7 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 2,6 prosent
Figur 3 . Andel av overnattingar etter overnattingsmåte juli 2019
Hotell o.l. 51% | Camping 42% | Hyttegrender 6% | Vandrerhjem 1% | |
Prosent | 51 | 42 | 6 | 1 |
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
SSBs informasjonstjeneste