Framleis stor auke i overnattingar på hotell i Oslo
Publisert:
Det var ein auke i talet på overnattingar ved hotell, campingplassar og hyttegrender i Noreg i oktober i år målt mot oktober i fjor. Det var særleg fleire hotellovernattingar i Oslo som bidrog til auken.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Tal frå Overnattingsstatistikken syner at det var om lag 2,2 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg i oktober 2019. Dette er 192 000 fleire overnattingar enn i oktober 2018. Talet på overnattingar i oktober har auka med 20 prosent siste 5 år.
Figur 1 . Totale overnattingar i oktober siste fem år
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
Utanlandske | 350886 | 401380 | 408583 | 401190 | 409298 | 464010 |
Norske | 1511790 | 1593782 | 1618881 | 1646382 | 1630062 | 1767649 |
Sterk auke for hotell, men skilnader mellom fylka
I oktober var det om lag 1,9 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 9,7 prosent frå oktober i fjor. Både utanlandske og norske hotellovernattingar auka, med høvesvis 14,2 og 8,7 prosent.
Det var stor variasjon mellom fylka. Overnattingar i Oslo, Rogaland og Hordaland bidrog mest til oppgangen. Det var størst nedgang i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal.
Det er særskild talet på overnattingar med fritid som formål som har auka. Overnattingar med yrke som formål auka òg noko, medan kurs og konferanse var om lag uendra. Både for fritidsovernattingar og overnattingar knytt til yrke var auken størst i Oslo og Rogaland.
Figur 2. Overnattingar på hotell etter fylke. Oktober 2019
ØSTFOLD | 35916 |
AKERSHUS | 190667 |
OSLO | 470463 |
HEDMARK | 38444 |
OPPLAND | 67298 |
BUSKERUD | 94946 |
VESTFOLD | 52165 |
TELEMARK | 35579 |
AUST-AGDER | 13298 |
VEST-AGDER | 50004 |
ROGALAND | 144036 |
HORDALAND | 211271 |
SOGN OG FJORDANE | 46356 |
MØRE OG ROMSDAL | 70302 |
TRØNDELAG | 177406 |
NORDLAND | 82990 |
TROMS | 99573 |
FINNMARK | 31078 |
SVALBARD | 11206 |
ØSTFOLD | 35916 |
AKERSHUS | 190667 |
OSLO | 470463 |
HEDMARK | 38444 |
OPPLAND | 67298 |
BUSKERUD | 94946 |
VESTFOLD | 52165 |
TELEMARK | 35579 |
AUST-AGDER | 13298 |
VEST-AGDER | 50004 |
ROGALAND | 144036 |
HORDALAND | 211271 |
SOGN OG FJORDANE | 46356 |
MØRE OG ROMSDAL | 70302 |
TRØNDELAG | 177406 |
NORDLAND | 82990 |
TROMS | 99573 |
FINNMARK | 31078 |
SVALBARD | 11206 |
Fleire norske overnattingar på campingplassar
• 173 000 overnattingar på campingplassar i oktober 2019
• Norske overnattingar gjekk opp med 6,4 prosent
• Utanlandske overnattingar var tilnærma uendra
Fleire utanlandske overnattingar på hyttegrender
• 114 000 overnattingar på hyttegrender i oktober 2019
• Utanlandske overnattingar gjekk opp med 19 prosent
• Norske vart auka 9,5 prosent
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Boyd Oyier
-
SSBs informasjonstjeneste