Koronautbrotet råka overnattingsbransjen hardt

Publisert:

Talet på overnattingar vart meir enn halvert i mars i år samanlikna mot mars 2019.

Norske myndigheiter innførde omfattande tiltak for å hindre spreiinga av koronaviruset 12. mars. Samstundes vart det innførd globale tiltak med reiserestriksjonar. Dette fekk dramatiske konsekvensar for dei kommersielle overnattingsverksemdene  i Noreg. Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var gjort om lag ein million overnattingar i mars 2020. Det er heile 1,2 millionar færre enn i mars 2019, som gjer ei reduksjon i overnattingane på 55 prosent. 

Ser ein femten år bakover i tid, har det ikkje tidligare vært registret færre overnattingar for mars månad. Under finanskrisa i 2008 og 2009 kunne ein sjå noko færre overnattingar, men ikkje i nærleiken av nedgangen som nå under koronapandemien.

Figur 1. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland, mars

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Norske 1377353 1473619 1437275 1410003 1504062 1502592 1544745 1644532 1557472 1626716 1628712 1643349 1719259 1688783 741153
Utenlandske 449066 511958 500911 423721 461346 447967 455499 433772 470378 492011 571906 526924 560324 571081 282066

Det var ein kraftig reduksjon i alle fylka. Størst var nedgangen i Oslo og på Svalbard. Her vart talet på overnattingar redusert med høvesvis 65 og 64 prosent. Vestfold og Telemark hadde minst reduksjon med 42 prosent færre overnattingar.

Figur 2. Overnattingar etter fylke, mars 2019 og 2020

2020 2019
Svalbard 6745 18953
Agder 35281 72015
Møre og Romsdal 36619 81246
Vestfold og Telemark 62396 106727
Nordland 59664 114072
Rogaland 67664 136662
Troms og Finnmark 81236 166251
Trøndelag 74556 179435
Vestland 116779 238128
Innlandet 133196 284668
Viken 194993 422616
Oslo 154090 439091

Størst nedgang på hotella i Oslo

Det var ein reduksjon på 57 prosent i overnattingane på hotell i mars, samanlikna med året før. Det var særleg overnattingar med ferie og fritid som formål som stod for den største nedgangen av overnattingar på hotell. Dette skuldast restriksjonar knytt til feriereiser som blei innført i mars både i Noreg og utlandet. Dei største bidraga for den samla nedgangen i ferieovernattingar var det Oslo og Viken som stod for.

Campingplassane, hyttegender og vandrarheimar hadde også betydeleg færre overnattingar. For hyttegender og vandrarheimar var reduksjonen på 44 prosent, og for campingplassar 41 prosent.

Figur 3. Andel av overnattingar etter innkvarteringstype, mars 2020

Hotell o.l. 80 % Camping 8.4 % Hyttegrender og vandrarheim 11.6 %
I alt 818770 86302 118147