Liten korona-effekt på overnattingar i februar

Publisert:

Talet på overnattingar auka i februar. Utbrotet av korona-viruset hadde ingen merkbar effekt på det totale talet på overnattingar i Noreg. Derimot var det ein halvering i talet på overnattingar frå Kina.

Overnattingsstatistikken syner at talet på overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg auka med 13 prosent samanlikna med februar i fjor (februar 2020 hadde ein ekstra dag samanlikna med februar 2019 grunna skuddår). Det vart registrert 2,2 millionar overnattingar. Både norske og utanlandske overnattingar auka for alle innkvarteringstypar.

Norske myndigheiter innførte tiltak for å hindre spreiinga av korona-viruset 12. mars, og dei gobale tiltaka med reiserestriksjonar kom for alvor i mars månad. I februar var den samla norske overnattingsbransjen framleis ikkje påverka av det globale virus-utbrotet. Effektane av koronaviruset vil for overnattingsverksemder i Noreg vere særleg synlege frå og med mars.

Figur 1. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland, februar

2015 2016 2017 2018 2019 2020
Norske 1400496 1451364 1398622 1428630 1394123 1566396
Utanlandske 528780 608216 552081 577448 558165 639876

Auke i hotellovernattingar

I løpet av februar var det litt over 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 191 000 frå same månad året før. Både talet på norske og utanlandske hotellovernattingar auka med om lag 12 prosent.

Til tross for auken i utanlandske overnattingar ved hotella, var det ein nedgang i talet på overnattingar frå Asia. Kinesiske overnattingar vart omtrent halvert, medan det var ein liten nedgang i overnattingar frå andre land i Asia.

Nær alle fylka hadde fleire hotellovernattingar. Størst var auken i Oslo som aleine hadde 43 000 fleire overnattingar. Samstundes hadde Oslo 900 fleire hotellrom i februar i år enn i februar 2019. Unntaket var Svalbard som hadde 14 300 overnattingar i februar, ein nedgang på 9 prosent. På Svalbard var det færre norske overnattingar som bidrog til nedgangen. Dei norske overnattingane vart redusert med 11 prosent.

Fleire besøkte hyttegrendene og vandrarheimane

  • 240 000 overnattingar i februar 2020
  • 49 200 fleire enn i februar 2019
  • Norske overnattingar auka med 19 700
  • Utanlandske overnattingar auka med 29 500

Fleire campingovernattingar

  • 142 600 overnattingar i februar 2020
  • 14 000 fleire enn i februar 2019
  • Norske overnattingar auka med 12 700
  • Utanlandske overnattingar auka med 1 300

Figur 2 . Del av overnattingar etter innkvarteringstype, februar 2020

Hotell o.l. 83 % Camping 6 % Hyttegrender og Vandrarheimar 10 %
I alt 1823802 142601 239869