Mairekord for hotella
Publisert:
For første gang vart det målt over 2 millionar overnattingar ved norske hotell for mai månad. Det var ei auke på heile 9,5 prosent samanlikna med mai i fjor. Oslo, Rogaland og Hordaland bidrog mest til denne auka.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken syner at det var 2,7 millionar registrerte overnattingar i mai 2019 i den kommersielle overnattingstrafikken. Det var ei auke på 3 prosent samanlikna mot same månad sist år. Det var hotella som stod for heile auken. For mens hotella hadde 173 000 fleire overnattingar, hadde campingplassane og hyttegrendene samla sett 96 000 færre overnattingar.
Figur 1. Overnattingar, etter overnattingstype i mai
Hotell mai 2018 | Hotell mai 2019 | Camping mai 2018 | Camping mai 2019 | Hyttegrend mai 2018 | Hyttegrend mai 2019 | |
Norske | 1308688 | 1444697 | 540375 | 463016 | 57911 | 54793 |
Utenlandske | 519715 | 556707 | 105996 | 102394 | 93994 | 82520 |
Sterk månad for hotellnæringa
I løpet av mai var det 2 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på heile 9,5 prosent mot mai i fjor. Både dei utanlandske og dei norske overnattingane auka med høvesvis 10,4 og 7,1 prosent. Samstundes auka overnattingar både for ferie, yrkesreiser, kurs og konferansar.
Oslo hadde 65 000 av dei 173 000 fleire hotellovernattingar i mai i år mot mai sist år, og var det fylket som hadde størst auke. Oslo vart etterfølgt av Rogaland og Hordaland som også hadde ein sterk vekst i overnattingar. Fylka Vest-Agder og Østfold opplevde derimot ein nedgang målt mot same månad året før.
Figur 2. Endringar i prosent for overnattingar på hotell frå mai 2018 til mai 2019, etter fylke
ØSTFOLD | -5.3 |
AKERSHUS | 8.1 |
OSLO | 16.0 |
HEDMARK | 0.4 |
OPPLAND | 1.3 |
BUSKERUD | 9.0 |
VESTFOLD | 15.8 |
TELEMARK | 13.1 |
AUST-AGDER | 7.3 |
VEST-AGDER | -15.3 |
ROGALAND | 20.2 |
HORDALAND | 10.2 |
SOGN OG FJORDANE | 7.2 |
MØRE OG ROMSDAL | 4.1 |
TRØNDELAG | 4.9 |
NORDLAND | 8.2 |
TROMS | 1.8 |
FINNMARK | 18.1 |
SVALBARD | 17.7 |
ØSTFOLD | -5.3 |
AKERSHUS | 8.1 |
OSLO | 16.0 |
HEDMARK | 0.4 |
OPPLAND | 1.3 |
BUSKERUD | 9.0 |
VESTFOLD | 15.8 |
TELEMARK | 13.1 |
AUST-AGDER | 7.3 |
VEST-AGDER | -15.3 |
ROGALAND | 20.2 |
HORDALAND | 10.2 |
SOGN OG FJORDANE | 7.2 |
MØRE OG ROMSDAL | 4.1 |
TRØNDELAG | 4.9 |
NORDLAND | 8.2 |
TROMS | 1.8 |
FINNMARK | 18.1 |
SVALBARD | 17.7 |
Kongen av campingplassen vart heime
Campingplassane hadde ein nedgang i talet på overnattingar og mye av årsaka kan vera at mai i år var våtare og kaldare enn mai i 2018. Ein anna årsak kan vera at pinsa var i mai i 2018 og i juni i 2019. Det var om lag 565 000 overnattingar på campingplassane i mai, 81 000 færre enn året før. Det var spesielt nordmenn som bidrog til nedgangen, men det var òg færre utlendingar. Tala viser ein nedgangen i bruken av sesongkontraktar , som nok har samanheng med meir nedbør og lågare temperaturar i mai i år mot i fjor.
Figur 3. Overnattingar på campingplassar i mai
Mai 2014 | Mai 2015 | Mai 2016 | Mai 2017 | Mai 2018 | Mai 2019 | |
Utenlandske overnattingar | 71397 | 75562 | 74955 | 89300 | 105996 | 102394 |
Norske overnattingar | 568967 | 579107 | 574072 | 465697 | 540375 | 463016 |
Færre hytteovernattingar
- 37 000 overnattingar i mai 2019
- 9,6 prosent færre enn i mai 2018
- Norske overnattingar gjekk ned 5,4 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 12 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard
- 16 000 overnattingar i mai 2019
- Auke på 18 prosent mot mai 2018
- Norske overnattingar auka med 13 prosent
- Utanlandske overnattingar auka med 24 prosent
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
SSBs informasjonstjeneste