Mars-rekord for hotellovernattingar
Publisert:
Det var en ny mars-rekord i talet på overnattingar på hotell, medan campingovernattingar sank betraktelig samanlikna med mars i fjor. Denne nedgangen har samanheng med sen påske. Samla sett var det 1 prosent færre overnattingar.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Overnattingsstatistikken syner at det var 2,3 millionar overnattingar registrert i mars 2019 i den kommersielle overnattingstrafikken. Det er ein nedgang på 30 000 norske overnattingar, medan utanlandske overnattingar auka med 11 000 i høve til mars 2018. Det var særleg nedgangen i overnattingar i Buskerud og Oppland som bidrog til nedgangen. Dette må sjåast i samanheng med at påska fall i mars i fjor, medan den var i april i år. Fylka Møre og Romsdal, Akershus og Oslo hadde derimot ei auke, som medførte at den totale nedgangen i talet på overnattingar ikkje blei så stor.
Figur 1. Overnattingar totalt etter fylke. Mars 2019
ØSTFOLD | 29716 |
AKERSHUS | 180361 |
OSLO | 439091 |
HEDMARK | 107235 |
OPPLAND | 177433 |
BUSKERUD | 212539 |
VESTFOLD | 47189 |
TELEMARK | 59538 |
AUST-AGDER | 25862 |
VEST-AGDER | 46153 |
ROGALAND | 136662 |
HORDALAND | 194483 |
SOGN OG FJORDANE | 43645 |
MØRE OG ROMSDAL | 81246 |
TRØNDELAG | 179435 |
NORDLAND | 114072 |
TROMS | 121002 |
FINNMARK | 45249 |
SVALBARD | 18953 |
ØSTFOLD | 29716 |
AKERSHUS | 180361 |
OSLO | 439091 |
HEDMARK | 107235 |
OPPLAND | 177433 |
BUSKERUD | 212539 |
VESTFOLD | 47189 |
TELEMARK | 59538 |
AUST-AGDER | 25862 |
VEST-AGDER | 46153 |
ROGALAND | 136662 |
HORDALAND | 194483 |
SOGN OG FJORDANE | 43645 |
MØRE OG ROMSDAL | 81246 |
TRØNDELAG | 179435 |
NORDLAND | 114072 |
TROMS | 121002 |
FINNMARK | 45249 |
SVALBARD | 18953 |
Sterk auke på hotell
I løpet av mars var det 1,9 millionar overnattingar ved norske hotell, ei auke på 6,2 prosent mot mars i fjor. Dette er ein klar ny rekord for mars månad i overnattingar ved norske hotell. Det var overnattingar i Oslo, Akershus og Rogaland som bidrog mest til denne oppgangen.
Ei anna følgje av at påska fall tidlegare i fjor, er at talet på overnattingar med yrke som formål auka medan ferie som formål sank. Av den totale auka på 12 prosent yrkesovernattingar, var det særleg Rogaland og Oslo som auka, mens det på ferie var – ikkje uventa – størst nedgang i Oppland og Buskerud.
Figur 2. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar etter bustadsland
Mars 2018 | Mars 2019 | |
I alt | 1793734 | 1905187 |
Norge | 1381286 | 1473822 |
Utlandet i alt | 412448 | 431365 |
Camping på 2017 nivå
Campingplassar opplevde ein nedgang på 38 prosent samanlikna med mars 2018. Denne nedgangen var nesten eine og aleine på grunn av færre norske overnattingar. Campingplassar i mars varierer i stor grad om påska er i mars eller april, noko som vi kan sjå av nedgangen i bruken av sesongkontraktar ved norske campingplassar. Overnattingane var på om lag same nivå som for mars 2017, der påska òg fall i april.
Figur 3. Campingplassar. Overnattingar i mars
2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
I alt | 178896 | 218599 | 256801 | 138940 | 234035 | 145407 |
Norge | 160002 | 200757 | 235620 | 116546 | 208992 | 124580 |
Utlandet i alt | 18894 | 17842 | 21181 | 22394 | 25043 | 20827 |
Færre hytteovernattingar
- 189 000 overnattingar i mars 2019
- 18 prosent nedgang mot mars 2018
- Norske overnattingar gjekk ned 33 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 3,7 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard
- 19 000 overnattingar i mars 2019
- Auke på 9 prosent mot mars 2018
- Både utanlandske og norske overnattingar gjekk opp 9 prosent
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
SSBs informasjonstjeneste