Nedturen fortsette for hotella
Publisert:
Den nedgåande trenden for overnattingsverksemdene i Noreg fortsette i februar. Talet på hotellovernattingar fall med heile 65 prosent målt mot same månad i fjor.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 0,9 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i februar i år. Det er heile 1,3 millionar færre enn i februar i fjor. Overnattingar gjort av nordmenn fall med 47 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 86 prosent.
Muterte virusvariantar ga auka smittetal i februar og det vart derfor innførd strengare reiserestriksjonar. Med nokon få unntak måtte blant anna alle som kom til Noreg i karantene i 10 dagar. Reglane for bruk av karantenehotell var stramma inn. Regjeringa innførde også regionale tiltak i nokre kommunar.
Tiltak for å stogge koronapandemien har ført til at nesten ni av ti utanlandske hotellovernattingar vart borte, samstundes med at norske overnattingar vart meir enn halvert. På hyttegrender og vandrarheimar var det 40 prosent færre overnattingar, medan campingplassane hadde igjen ein mindre nedgang på 6,6 prosent.
Figur 1. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring i prosent mot same månad året før
Juni 2019 | Juli 2019 | Aug. 2019 | Sep. 2019 | Okt. 2019 | Nov. 2019 | Des. 2019 | Jan. 2020 | Feb. 2020 | Mars 2020 | April 2020 | Mai 2020 | Juni 2020 | Juli 2020 | Aug. 2020 | Sep. 2020 | Okt. 2020 | Nov. 2020 | Des. 2020 | Jan. 2021 | Feb. 2021 | |
Hotell | 4.46 | 6.02 | 5.58 | 5.14 | 9.74 | 7.50 | 10.20 | 8.88 | 11.68 | -57.02 | -86.55 | -77.60 | -55.96 | -8.95 | -41.14 | -42.28 | -37.81 | -61.77 | -54.60 | -64.16 | -64.60 |
Campingplassar | -1.05 | 3.88 | 5.75 | 0.82 | 5.50 | -0.42 | 15.76 | 12.35 | 10.87 | -40.65 | -73.45 | -7.59 | -19.65 | 4.70 | -4.62 | -6.45 | 4.06 | -13.87 | -8.53 | -6.81 | -6.58 |
Hyttegrender og vandrarheimar | -2.25 | -1.50 | 0.97 | 1.31 | 10.31 | 9.12 | 13.29 | 11.24 | 25.80 | -43.54 | -81.10 | -63.85 | -53.98 | -6.59 | -27.80 | -6.52 | -6.21 | -4.15 | -21.64 | -39.69 | -39.78 |
Mange tomme hotellrom
Berre eit av fire rom på hotell i Noreg hadde gjester i årets andre månad. I løpet av dei siste 30 åra, har kapasitetsutnyttinga av rom i februar vore på om lag 50 prosent.
Losjiomsetninga i februar i år var 65 prosent lågare enn same månad i fjor, om lag det same som nedgangen i overnattingar. Gjennomsnittsprisen per rom var på 907 kroner, litt lågare enn i fjor. Det var samstundes store variasjonar blant fylka. Troms og Finnmark og Oslo opplevde den største nedgangen, medan Møre og Romsdal på si side hadde ein auke i gjennomsnittsprisen per rom på hotella målt mot februar i fjor.
Figur 2. Pris per rom på hotell. Endring i prosent målt mot same månad året før
Månad | Juni 2019 | Juli 2019 | Aug. 2019 | Sep. 2019 | Okt. 2019 | Nov. 2019 | Des. 2019 | Jan. 2020 | Feb. 2020 | Mars 2020 | April 2020 | Mai 2020 | Juni 2020 | Juli 2020 | Aug. 2020 | Sep. 2020 | Okt. 2020 | Nov. 2020 | Des. 2020 | Jan. 2021 | Feb. 2021 |
Pris per rom | 7.4 | 4.1 | 0.6 | 0.7 | 3.9 | 0.2 | 1.9 | 2.7 | 2.5 | 2.9 | -9.6 | -7.2 | -7.8 | 14.3 | -1.1 | -3.7 | -4.2 | -12.2 | -6.3 | -9.9 | -8.3 |
Størst fall i byar og på vinterdestinasjonar
Av dei 67 reiselivsregionene som har blitt definert i landet, var det Oslo som hadde flest hotellovernattingar, etterfølgt av Stavangerregion, Bergensregion og Hallingdal. Samla sett hadde dei fire regionane 183 000 overnattingar, som utgjer 28 prosent av alle hotellovernattingane i februar i år.
Blant dei 10 regionane med flest overnattingar i februar 2021 var det størst nedgang i talet på overnattingar i Oslo, Bergensregion og Trondheim. Berre Haugesund/Haugeland hadde like mange hotellovernattingar samanlikna med februar i fjor.
Talet på norske overnattingar på hotella gjekk mest ned i dei største byane og på Romerike, medan talet på utanlandske overnattingar i tillegg gjekk mykje ned i typiske vinterdestinasjonar som Lillehammer-region og Valdres i Innlandet, og Hallingdal og Norefjellsregion i Viken. Norefjellsregion skilte seg litt ut frå dei andre, med ein auke i talet på norske overnattingar.
1 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB
Figur 3. Hotellovernattingar. Dei 10 reiselivsregionane¹ med flest hotellovernattingar. Februar 2020 og 2021
2020 | 2021 | |
Oslo | 369988 | 57228 |
Stavangerregion | 94576 | 49930 |
Bergensregion | 136315 | 38317 |
Hallingdal | 84322 | 37429 |
Lillehammer-region | 77548 | 31441 |
Romerike | 107374 | 29047 |
Trondheim | 109847 | 29008 |
Tromsø | 101835 | 22245 |
Haugesund/Haugeland | 19410 | 19369 |
Ålesund/Sunnmøre | 33567 | 17374 |
Eurostat har laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land.
Faktaside
Kontakt
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
Sindre Torgals
-
SSBs informasjonstjeneste