Oppgang i mai for overnattingsnæringa

Publisert:

Endret:

I mai 2018 var det 2,7 millionar overnattingar i overnattingsnæringa. Den totale auken frå mai i fjor var 5 prosent.

Feilretting 10. juli 2018: Feil førte til mindre avvik på noen av tallene. Disse er nå rettet. Figurene viste tall for april, men er nå endret til å vise for mai.

Talet på overnattingar i alle overnattingstilboda vi har statistikk over, steig med 6 prosent for nordmenn og 5 prosent for utlendingar, viser overnattingstatistikken.

1 Figur rettet 10. juli

Figur 1. Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland¹

Mai 2017 Mai 2018
I alt 2516663 2652027
Noreg 1817862 1921552
Utlandet 698801 730475

Stadig fleire bubilovernattingar

I løpet av mai var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell, som sett i høve til mai året før var 3 prosent høgre. Innanfor hotellovernattingar auka særleg overnattingar av fritidsreisande, medan det var ein nedgang dei på kurs- og konferanse og yrkesreisande. På campingplassane auka utanlandske overnattingar med 19 prosent, medan norske overnattingar auka med 16 prosent. Bubilar er den overnattingsmåten som auka mest med heile 31 prosent.

Om camping i dei kaldare årstidene kan du lese i artikkelen: Oppgang i campingovernattingar fram mot mai.

Nedgang i hyttegrendene

Hyttegrender opplevde ein nedgang på 9 prosent samanlikna med mai 2017, og nordmenn stod for den største nedgangen med 13 prosent. Frå figuren under kan ein sjå at hotellovernattingar og overnattingar på campingplassar utgjer dei største delane av overnattingane i mai månad.

1 Figur rettet 10. juli

Figur 2. Andel av overnattingar etter bedriftstype i mai 2018¹

Prosent
Hotell og lignende 69 % 69
Camping 24 % 24
Hyttegrender 6 % 6
Vandrerhjem 1 % 1

Redusert losjiomsetning trass fleire overnattingar

Medan talet på hotellovernattingar auka med 3 prosent i heile landet, viste losjiomsetninga for hotell ein nedgang på 1,4 prosent i forhold til mai året før. Dette kan ha samanheng med nedgangen i talet på kurs- og konferanseovernattingar og yrkesreisande, som normalt har ein høgare omsetning per selde rom.

Svalbard blir meir populært hos utlendingar

Svalbard har hatt ein auke i tilgjengelege rom med 8 prosent, samanlikna med mai føre året. Talet på overnattingar har i same tidsrom auka med 6 prosent. Her var det utanlandske overnattingsgjestar som stod for auken med 30 prosent fleire overnattingar i mai 2018 målt mot mai 2017.