Oppgang på Vestlandet

Publisert:

Det blei satt ein ny rekord i juni i år, der det var 2,3 prosent fleire overnattingar i juni i år, målt mot same månad året før. I ein månad med store regionale skilnadar, var det dei fire vestlandsfylka som bidrog mest til auka.     

Overnattingsstatistikken syner at det var 4,3 millionar registrerte overnattingar i juni i den kommersielle overnattingstrafikken. Dette er omlag 96 000 fleire overnattingar samanlikna mot same månad sist år. Norske overnattingar auka med 1,7 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 3,4 prosent. Fleire overnattingar frå USA og Tyskland bidrog mest til dette.

Figur 1. Endring i overnattingar frå juni 2018 - juni 2019. I prosent etter fylke

ØSTFOLD -3.5
AKERSHUS 2.6
OSLO -3.7
HEDMARK -10.5
OPPLAND 1.7
BUSKERUD 5.8
VESTFOLD -1.9
TELEMARK -1.0
AUST-AGDER -10.7
VEST-AGDER -10.2
ROGALAND 12.2
HORDALAND 10.3
SOGN OG FJORDANE 9.3
MØRE OG ROMSDAL 9.1
TRØNDELAG 3.5
NORDLAND 1.5
TROMS 5.2
FINNMARK 6.8
SVALBARD -4.2
Figur 1. Endring i overnattingar frå juni 2018 - juni 2019. I prosent etter fylke
ØSTFOLD -3.5
AKERSHUS 2.6
OSLO -3.7
HEDMARK -10.5
OPPLAND 1.7
BUSKERUD 5.8
VESTFOLD -1.9
TELEMARK -1.0
AUST-AGDER -10.7
VEST-AGDER -10.2
ROGALAND 12.2
HORDALAND 10.3
SOGN OG FJORDANE 9.3
MØRE OG ROMSDAL 9.1
TRØNDELAG 3.5
NORDLAND 1.5
TROMS 5.2
FINNMARK 6.8
SVALBARD -4.2

Vestlandet auka – Agder og Hedmark sank

Dei fire vestlandsfylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal auka samla sett med 115 000 målt mot juni 2018. I Rogaland og Hordaland var det først og fremst fleire norske overnattingar, medan i Sogn og Fjordane var det utanlandske. Det var særskild overnattingar frå Sverige, Tyskland og Kina som bidrog til ei auke i Sogn og Fjordane.

I Hedmark, Vest-Agder og Aust-Agder var det ein samla nedgang på 41 000 overnattingar, og det var færre norske overnattingar som førte til ein nedgang i både Vest-Agder og Hedmark. I Aust-Agder var det både færre norske og utanlandske overnattingar. Særskilt var det færre tyske og nederlandske overnattingar i juni i år samanlikna med juni i fjor.

Sterk månad for hotellnæringa

I løpet av juni var det 2,7 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på heile 4,5 prosent mot juni i fjor. Både dei utanlandske og dei norske overnattingane auka med høvesvis 4,5 og 4,4 prosent.

Oslo, Rogaland og Hordaland hadde den største auka for hotella, og stod for heile 86 000 av dei 116 000 fleire hotellovernattingane. Fylka Vest-Agder og Østfold opplevde derimot ein nedgang målt mot same månad året før.

Figur 2. Hotellovernattingar, etter gjestane sitt bustadland

Juni 2018 Juni 2019
I alt 2597846 2713591
Noreg 1685551 1759993
Utlandet 912295 953598

Liten nedgang på Svalbard

Det var ei jamn auke blant overnattingar på Svalbard i juni månad sidan 2013 og heilt fram til 2018. I år var det derimot ein nedgang på 4,2 prosent. Det var færre overnattingar blant nordmenn som førte til nedgangen. Sidan Svalbard blei innlemma i overnattingsstatistikken i 2013, har det aldri vore registrert så få overnattingar frå Norge på Svalbard i juni. Figuren under syner utviklinga sidan 2013.

Figur 3. Overnattingar på Svalbard i juni

2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
I alt 12048 12561 13484 15378 16143 16922 16216
Utlandet i alt 2747 3749 5586 7923 8048 9493 9575
Norge 9301 8812 7898 7455 8095 7429 6641

Færre hytteovernattingar

  • 246 000 overnattingar i juni 2019
  • 1,7 prosent færre enn i juni 2018
  • Norske overnattingar gjekk ned 2,1 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 1,4 prosent

Færre overnattingar på camping

  • 1,3 millionar overnattingar i juni 2019
  • Nedgang på 1,1 prosent mot juni 2018
  • Norske overnattingar gjekk ned 3 prosent
  • Utanlandske overnattingar auka med 2,8 prosent

Kontakt