Rekordår for overnattingar
Publisert:
Med 33,8 millionar overnattingar i 2018 sette norske overnattingsstadar ny rekord for femte året på rad. Det var 1,5 prosent fleire overnattingar enn i 2017.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Talet på norske overnattingar gjekk opp 1,4 prosent, medan utanlandske gjekk opp 1,8 prosent samanlikna med 2017.
Figur 1. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland og overnattingstype
I alt 2017 | I alt 2018 | Hotell 2017 | Hotell 2018 | Camping 2017 | Camping 2018 | Hyttegrend 2017 | Hyttegrend 2018 | |
Norske | 23348139 | 23684456 | 16694513 | 17085796 | 5234109 | 5336068 | 1221586 | 1071940 |
Utenlandske | 9948628 | 10128218 | 6585534 | 6641333 | 1947887 | 2070732 | 1262876 | 1260240 |
Av dei utanlandske overnattingane registrerte i den kommersielle overnattingstrafikken er det framleis dei tyske overnattingane det er flest av. Overnattingsstatistikken syner at svenskane kjem som nummer to på lista. Den tyske dominansen kjem av at dei tyske overnattingane framleis utgjer ein stor del av campingovernattingane. Nytt frå 2018 er at amerikanske overnattingar har rykka opp frå 6. til 3. plass. Dette heng samen med ein kraftig auke blant amerikanske overnattingsgjestar på hotell, der amerikanarar er på topp blant dei med utanlandsk nasjonalitet. Dette kan ein lese meir om i artikkelen amerikanerne kommer.
Figur 2. Overnattingar frå Tyskland totalt, etter fylke. 2018
ØSTFOLD | 15248 |
AKERSHUS | 36722 |
OSLO | 230469 |
HEDMARK | 47253 |
OPPLAND | 123206 |
BUSKERUD | 63697 |
VESTFOLD | 16178 |
TELEMARK | 36113 |
AUST-AGDER | 59225 |
VEST-AGDER | 88683 |
ROGALAND | 120846 |
HORDALAND | 223754 |
SOGN OG FJORDANE | 145305 |
MØRE OG ROMSDAL | 150023 |
TRØNDELAG | 148474 |
NORDLAND | 167638 |
TROMS | 94957 |
FINNMARK | 55461 |
SVALBARD | 6775 |
ØSTFOLD | 15248 |
AKERSHUS | 36722 |
OSLO | 230469 |
HEDMARK | 47253 |
OPPLAND | 123206 |
BUSKERUD | 63697 |
VESTFOLD | 16178 |
TELEMARK | 36113 |
AUST-AGDER | 59225 |
VEST-AGDER | 88683 |
ROGALAND | 120846 |
HORDALAND | 223754 |
SOGN OG FJORDANE | 145305 |
MØRE OG ROMSDAL | 150023 |
TRØNDELAG | 148474 |
NORDLAND | 167638 |
TROMS | 94957 |
FINNMARK | 55461 |
SVALBARD | 6775 |
Nok ein rekord for hotella
Med 23,7 millionar overnattingar i 2018 sette norske hotell ny rekord. Dette var 1,9 prosent fleire enn i 2017 som var det førre rekordåret.
Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 2,3 prosent til om lag 17 millionar i 2017. Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp 0,8 prosent samanlikna med 2017. I motsetning til dei totale overnattingane har amerikanarane tatt over førsteplassen blant utanlandske overnattingar frå året før, og dytta svenskane ned på andreplass.
Figur 3. Hoteller. Utanlandske overnattingar fordelt på bustadland. Topp 6
2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
Sverige | 601797 | 610446 | 707737 | 701287 | 726249 | 752929 | 804784 | 763488 | 726874 |
Storbritannia | 439444 | 454305 | 509297 | 507738 | 535733 | 626368 | 652938 | 624903 | 538803 |
Tyskland | 708652 | 699776 | 651739 | 565423 | 606116 | 645293 | 731498 | 716236 | 724809 |
USA | 302146 | 298754 | 286883 | 282675 | 371667 | 394169 | 461691 | 629020 | 771238 |
Kina | 63617 | 86179 | 86007 | 141908 | 152993 | 270022 | 372556 | 446731 | 423783 |
Danmark | 519076 | 491279 | 516216 | 452340 | 414360 | 425847 | 483750 | 429131 | 424081 |
Samanlikna med 2017 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 3 prosent til 15,1 milliardar kroner. Gjennomsnittleg pris per rom auka frå 946 til 960 kroner for heile landet. I 2018 var det fleire tilgjengelege rom enn i 2017, og sjølv om overnattingar på hotell auka, var det en lågare kapasitetsutnytting av rom for heile året enn i 2017. Dette har medverka til at losjiomsetninga per tilgjengelig rom var tilnærma uendra frå året før, på tross av ein auke i gjennomsnittleg pris per rom.
Bubilar stadig meir populært
Overnattingar registrerte på campingplassar auka med 3,1 prosent for heile året. Den største bidragsytaren til det er auken for bubil. Dette heng saman med at talet på bubilar har dobla seg det siste tiåret. Samanlikna med året før auka overnattingar registrert i bubil med 23 prosent.
Færre overnattingar på hyttegrendene
- 2,3 millionar overnattingar i 2018
- 6,1 prosent nedgang sidan 2017
- Norske overnattingar gjekk ned 12 prosent
- Utanlandske overnattingar var uendra
Klar auke i utanlandske overnattingar på Svalbard
- 155 000 overnattingar i 2018
- 6 prosent oppgang sidan 2017
- Norske overnattingar var uendra
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 16 prosent
Figur 4 . Andel av overnattingar etter overnattingsmåte. 2018
Hotell og lignende | Camping | Hyttegrender | Vandrerhjem | |
Andel (prosent) | 70 | 22 | 7 | 1 |
Svak nedgang i desember
I desember 2018 var det i underkant av 1,5 millionar overnattingar, ved alle typar overnattingsstadar, som er ein nedgang på 1,3 prosent samanlikna med desember 2017. Norske og utanlandske overnattingar blei reduserte med høvesvis 0,9 og 2,3 prosent. Overnattingar på hyttegrendene gjekk ned med 23 prosent, medan på campingplassar auka dei med 6,5 prosent. Hotellovernattingar gjekk i desember 2018 marginalt ned målt mot same månad året før.
Kontakt
-
Arild Krogh
-
Kristin Aasestad
-
Jarle Kvile
-
SSBs informasjonstjeneste