Snørik februar gav fleire hytte-overnattingar

Publisert:

I februar 2018 var det 225 000 overnattingar ved norske hyttegrender. Dette var 9 prosent fleire enn i den same månaden i fjor. Samla sett auka overnattingane med 3 prosent frå februar 2017.

Nordmenns overnattingar ved hyttegrendene auka med 13 prosent frå februar 2017 til februar 2018, medan utanlandske overnattingar auka med om lag 7 prosent i same periode, syner overnattingsstatistikken. Fleire av dei større aktørane melder om at dei snørike forholda har vore ein viktig bidragsytar til auka denne månaden.

Figur 1. Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Februar 2017 Februar 2018
I alt 206043 224989
Noreg 78976 89344
Utlandet 127067 135645

Fleire hotellovernattingar

I løpet av februar var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, som sett i høve til året før var 2 prosent høgre. Dette var den høgste februarmånaden som er registrert i SSBs overnattingsstatistikk. Det var oppgangen for utanlandske hotellovernattingar som bidrog mest til auka. Hotellovernattingar med utanlandske gjestar auka med 7 prosent frå februar i fjor til i år, til 415 000. I det same tidsrommet gjekk talet på norske overnattingar opp med 1 prosent.

Figur 2. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Februar 2017 Februar 2018
I alt 1596695 1635272
Noreg 1207545 1220341
Utlandet 389150 414931

Losjiomsetninga på hotella gjekk opp med 5 prosent, medan gjennomsnittsprisen per rom var 2 prosent høgare i februar i år samanlikna med same månad året før.

131 000 campingovernattingar i februar

  • Om lag uendra frå februar 2017
  • Norske overnattingar auka med 8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 24 prosent