Solfylt juli ga rekord i overnattingar
Publisert:
I juli 2018 var det samla sett 6,3 millionar overnattingar hos kommersielle overnattingsaktørar i Noreg. Både norske og utanlandske overnattingar synte rekordtal for juli.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Totalt sett auka samla overnattingar med 1,2 prosent i juli 2018 samanlikna med den same månaden i fjor. Auken i talet på overnattingar er først og fremst knytt til en oppgang på hotella, syner statistikken over overnattingar. Det var nesten 60 000 fleire registrerte hotellovernattingar, som utgjer ein oppgang på 1,9 prosent.
I løpet av juli var det 2,6 millionar overnattingar ved norske campingplassar, som er 1,9 prosent fleire enn i den same månaden året før. Utanlandske overnattingar ved hyttegrender auka med 6,2 prosent, medan norske derimot gjekk ned med 18 prosent. Dette førte til at totale overnattingar ved hyttegrendene gjekk ned med 7 prosent.
Figur 1. Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland
Juli 2017 | Juli 2018 | |
I alt | 6214042 | 6289295 |
Noreg | 4081999 | 4111511 |
Utlandet | 2132043 | 2177784 |
Sterk månad for hotellnæringa
Samstundes som talet på overnattingar auka for hotella, var gjennomsnittsprisen per rom 3,7 prosent høgare i juli i år enn i same månad året før. Det førte også til at losjiomsetninga for hotella gjekk opp med 4,7 prosent.
Losjiomsetning per tilgjengelige rom (RevPar) steig 2,5 prosent til 612 kroner sett for heile landet. Dette er det høgaste talet som er registrert for juli sidan starten på overnattingsstatistikken. Målt i RevPar, var det fylka Oslo, Hedmark og Vest-Agder som opplevde den største prosentvise auken, medan Trøndelag og Finnmark på si side fekk den største nedgangen.
Figur 2. Losjiomsetning per tilgjengelig rom i juli
1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
RevPar i NOK | 292 | 311 | 322 | 319 | 331 | 339 | 366 | 377 | 381 | 383 | 374 | 359 | 389 | 390 | 422 | 462 | 475 | 448 | 436 | 452 | 456 | 438 | 464 | 519 | 560 | 597 | 612 |
Større del av overnattingar på campingplassane
I juli 2018 utgjorde delen campingovernattingar 42 prosent av dei totale overnattingane, som er ein auke frå i fjor. Samstundes stod camping for ein longt større del av samla overnattingar enn i juni. Dét kan tyde på at camping er ein populær overnattingsmåte i feriemånaden juli.
Auken i talet på campingovernattingar kjem av at det er fleire overnattingar i bubilar enn i fjor. Overnattingar i bubilar auka med 18 prosent, der Buskerud og Trøndelag auka mest med høvesvis 90 og 65 prosent frå juli 2017. Auken kjem samstundes som at talet på registrete bubilar har dobla seg dei siste ti åra.
Om utviklinga i campingovernattingar i første tertial av 2018 kan du lese i artikkelen Oppgang i campingovernattingar fram mot mai.
Figur 3. Andel av overnattingar etter overnattingsmåte i juli 2018
Prosent | |
Hotell og lignende 50 % | 50 |
Camping 42 % | 42 |
Hyttegrender 7 % | 7 |
Vandrerhjem 1 % | 1 |
Kontakt
-
Jarle Kvile
-
Nils-Arne Rye Krøtø
-
Jacob Andreas Osnes
-
Arild Krogh
-
SSBs informasjonstjeneste