Sykkel-VM sikra overnattingsauke i Hordaland
Publisert:
Endret:
Hotellovernattingar i Hordaland auka 13 prosent under sykkel-VM i september 2017. Utanlandske overnattingar stod for 34 prosent1 av auken.
- Tala er henta frå
- Overnattingar
- Artikkelen er del av serien
- Overnattingar (arkiv)
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland
September 2016 | September 2017 | |
I alt | 2022447 | 2132559 |
Noreg | 1487698 | 1580781 |
Utlandet | 534749 | 551778 |
Rombelegg i Hordaland har derimot falle ned 3,2 prosentpoeng i september i år tross auken i overnattingar. Dette bør ein sjå i samanheng med at det var fleire hotell i Hordaland i september i år. Losjiomsettinga og prisen per rom i Hordaland auka med høvesvis 38 og 21 prosent i september 2017.
Hotella i alle fylke utanom Troms og Østfold hadde fleire overnattingar i september i år enn i fjor. Hordaland hadde den største absolutte auken med 31 000 overnattingar, medan Vestfold hadde den største relative auken på hele 38 prosent.
5 prosent fleire hotellovernattingar
I september 2017 var det 2,1 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette var 5 prosent fleire enn september 2016. Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 6 prosent medan utanlandske overnattingar gjekk opp 3 prosent.
Sett i høve til september 2016, gjekk losjiomsettinga på hotella opp med 11 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var 991 kroner i september i år, noko som er 7 prosent høgare samanlikna med september 2016.
Færre campingovernattingar1
- 424 000 overnattingar i september 2017
- 2 prosent nedgang sidan september 2016
- Norske overnattingar gjekk ned 8 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 30 prosent
Fleire overnattingar på hyttegrendene
- 201 000 overnattingar
- 7 prosent oppgang frå september 2016
- Norske overnattingar gjekk opp 5 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 11 prosent
1 Tekst og tall er rettet.
Kontakt
-
Jinghui Lysen
-
Britt Helen Hagerud Aulie
-
Arild Krogh
-
SSBs informasjonstjeneste